Når ein tenkjer på ein utviklar som står bak nokre av dei aller største vestlege rollespela i historia, er vegen til ei blå fartsbombe frå Japan ganske lang. I ei ganske uventa vending, har Sega og BioWare no kunngjort at BioWare skal utvikle eit rollespel med piggsvinet Sonic, eksklusivt til Nintendo DS.
– Vi er begeistra over å få samarbeide med Sega om å lage Sonic, ein av industries mest populære ikon, seier BioWare presidenten Greg Zeschuk i ei pressemelding.
Sega er på si side oppglødde over å få samarbeide med BioWare, og Simon Jeffery, president for Sega of America fortel at dei har stor tru på at BioWare vil kunne lage det ultimate handhaldte rollespelet for spelarar i alle aldrar.
Dette er for augneblinken alt vi veit om dette Sonic-prosjektet.
Dei siste Sonic-spela på Xbox 360 og Wii har fått dårleg mottaking, men dette samarbeidet vil forhåpentlegvis snu trenden. BioWare står bak klassiske spel som Neverwinter Nights, Baldur’s Gate og Knights of the Old Republic. Akkurat no jobbar dei med det ambisiøse rollespelet Mass Effect for Xbox 360.
Samarbeidet med BioWare er det siste leddet for Sega i ein stadig større fokus på den vestlege marknaden. Sega samarbeidar allereie med utviklarselskap som blant anna Bizarre Creations, Gas Powered Games, og Silicon Knights. Dei har i tillegg kjøpt opp Creative Assembly, Secret Level og Sports Interactive.