Snart klart for ICO på Vita

PlayStation-klassikaren dreg nytte av Remote Play.

Det blei litt oppstuss tidlegare i dag då Sony-sjef Shuhei Yoshia tweeta eit bilete av det herlege eventyrspelet ICO spelt frå ein PS Vita. Det skal ikkje mykje til for å få ryktebørsen til å gå, og naturlegvis mange som håpa på ein ny Vita-versjon av klassikaren.

Fullt så spanande enda det derimot ikkje opp med å vere. I følgje VG247 er det snakk om Remote Play-funksjonalitet. For uinvidde betyr dette at du kan bruke Vita for å spele spel du har lasta ned til PlayStation 3. Yoshida beklaga på humoristisk vis sin første tweet med følgjande ord:

– Beklagar å erte dykk, eg testa ICO HD Remote Play på PS Vita. Vi er nesten ferdige med ein patch. Vakker på OLED. Meir info kjem snart.

Skjermbilete frå ICO.

Det ser derimot ut til at dette ikkje er den einaste klassikaren som snart får Remote Play. Ein brukar på spelforumet NeoGaf har gravd fram eit dokument som viser at Shadow of the Colossus, eit anna spel frå ICO-utviklaren Team ICO, samt God of War og God of War II etter planen snart skal kunne spelast frå den portable maskina.

Det neste spelet frå Team ICO er det lenge etterlengta og mystiske The Last Guardian. Utviklingsprosessen på dette lovande spelet har vore lang og utfordrande, men medan vi ventar kan det kanskje vere ein idè å ta ein kikk på HD-utgåvene av ICO og Shadow of the Colossus til PlayStation 3. Vår mann Sondre Hveding var i alle fall svært begeistra:

– Innleving er eit nøkkelord som kanskje meir enn noko anna beskriv kjensla ein sit igjen med etter å ha berika seg i Uedas univers. Det er sjeldan ein finn spel som i så stor grad klarar å bryte barrieren mellom mediet og mottakaren, og når det skjer, blir det smått magisk. Gjennom samspelet mellom figurane og omgjevnadane skapast to flotte forteljingar ein sterkt ynskjer å sjå slutten på, og då drivast handlinga fram av spelaren sjølv. Det er kanskje den viktigaste eigenskapen eit spel kan ha.

Les også: Ico-skaperen forlater Sony Les også: Ico med zombier

Ledige stillinger
Selger (30-70%)
Søknadsfrist:
Løpende
Produktingeniør
Søknadsfrist:
Løpende
Bilselger
Søknadsfrist:
Løpende
Systems Consultant – Virtualization
Søknadsfrist:
Løpende
BPA assistent
Søknadsfrist:
20.03.2025
Selger (22%)
Søknadsfrist:
Løpende
Erfarne utviklere
Søknadsfrist:
Løpende
BPA assistent
Søknadsfrist:
Løpende
Funksjonsassistent
Søknadsfrist:
Løpende
Prosjektleder
Søknadsfrist:
Løpende
Head of Workshop
Søknadsfrist:
Løpende
Salgskonsulent
Søknadsfrist:
Løpende
Automasjon commission Engineers / Teknikere
Søknadsfrist:
Løpende
BPA assistent
Søknadsfrist:
Løpende
Restaurantmedarbeidere
Søknadsfrist:
Løpende
Forsikringsrådgiver
Søknadsfrist:
Løpende
Tekniker på Livredningsutstyr
Søknadsfrist:
Løpende
Data Platform Developer
Søknadsfrist:
Løpende
Erfarne Data Engineers
Søknadsfrist:
Løpende
Bilmekaniker
Søknadsfrist:
Løpende
DevOps Engineer
Søknadsfrist:
Løpende
Bruktbilselger
Søknadsfrist:
Løpende
Nybilselger
Søknadsfrist:
Løpende
Lead Mainframe Specialist – zHardware Systems (HMC/HCD)
Søknadsfrist:
Løpende
Servicerådgiver
Søknadsfrist:
Løpende
Forsikringsrådgiver
Søknadsfrist:
Løpende
Produksjonsmedarbeider / Tekniker
Søknadsfrist:
Løpende
Selger (30-70%)
Søknadsfrist:
Løpende
Produktingeniør
Søknadsfrist:
Løpende
Bilselger
Søknadsfrist:
Løpende
Systems Consultant – Virtualization
Søknadsfrist:
Løpende
BPA assistent
Søknadsfrist:
20.03.2025
Selger (22%)
Søknadsfrist:
Løpende
Erfarne utviklere
Søknadsfrist:
Løpende
BPA assistent
Søknadsfrist:
Løpende

Kommentarer (4)

Logg inn for å delta i diskusjonen.
Tråd
Seal
13 år siden

Ok. NÅ kjøper jeg en Vita!

bjornhelge
13 år siden

Ok. NÅ kjøper jeg en Vita!

 

er på tida ja... ting begynner å komme på plass nå med 1.80 ute

Gjest Slettet-0BI3DS
13 år siden

Begynner smått å friste med en Vita nå ja! Kunne bare ønske jeg hadde pengene...

 

rawilliam
13 år siden

...hva med The Last Guardian?

Siste fra forsiden