Feature

Smertehelvetet sender Rune på flukt til dataspel

– Cities: Skylines har redda livet mitt, seier Rune Andersen.

Mikkjell Lønning

Rune Andersen (43) bygger ei ny verd frå stova i Porsgrunn.

Datamaskinen og dei to skjermane har heidersplass i eit hjørne ved spisebordet, mens Rune gestikulerer mot skyskraparane, rundkøyringane og dei rosa neonskilta som speglar seg i blikket hans.

Nyleg runda han 7000 spelte timar i den store lidenskapen, bysimulatoren Cities: Skylines.

Kvar minste detalj er nøye planlagd og skreddarsydd frå botn. Han har laga mange av dei 18 000 modifikasjonane sjølv.

Spelet har redda livet hans, seier Rune.

DEI SKITNE glasa klirrar når Rune set dei inn i oppvaskmaskinen.

Så kjem smertene.

Knokane kvitnar om ein tallerken med tørka matrestar og kroppen stivnar til.

Det flerrar gjennom han som eit lyn.

Ei enkelt feilrørsle er alt som skal til. Så må Rune bruke resten av dagen til sengs, før smertene og den altomfattande utmattinga slepp dei skarpe klørne i han.

Difor trekk han seg unna fysisk aktivitet.

– Det kan utløyse eit helvete om eg ikkje er varsam.

RUNE JOBBA med IT-prosjektleiing i Skattedirektoratet då dei første plagene kom i 2011.

Han har blitt stadig meir prega av sjukdomen bektherevs, som gir kroniske smerter i ledd og sener i ryggen, brystkassen og bekkenet. Rune har også fibromyalgi, ein sjukdom som kan gi kraftige smerter i ulike delar av kroppen.

Smertene går i bølgedalar. Nokre dagar er gode, andre dårlege.

Han har ein kombinasjon av systemiske smerter, som kan oppstå kvar som helst, og akutte smerter etter fysisk aktivitet.

Rune veit smertene ikkje er farlege. Det er hjernen som speler han eit puss og sender altfor kraftige smertesignal til kroppen.

Rune har seks ulike legar i teamet som behandlar han. Han syns tidvis det har vore svært krevjande å forhalde seg til helsevesenet. – Det har vore ein kamp, seier han.
Mikkjell Lønning
Vis mer

Årevis med smerter og stadige behandlingar har gått utover psyken hans. Men det verste er utmattinga.

Begge sjukdomane kan føre til fatigue, der han knapt klarar å stå opp når energinivået kryp ned i kjellaren.

I dei verste periodane går han på kraftige smertestillande.

– Rune, du ser så bra ut i dag, får eg høyre. Men det er vanskeleg for andre å vite kva form eg er i. Eg kan sjå frisk ut mens eg har den største dosen morfin kroppen min taklar, samtidig som eg knapt klarar å kommunisere med andre.

SPELA HAR vore med Rune frå han var to år gammal. Gjesterommet er fylt til randa av dei gamle konsollane hans.

Heile familien var samla framfor fjernsynet då dei skulle spele. Kontrollaren gjekk på rundgang kvar gong Mario døydde.

Rune takkar spela for både IT-karrieren og gode vener i oppveksten.

Mikkjell Lønning
Interessa for speling og krigshistorie er ei drivkraft for Rune i den utfordrande kvardagen.
Mikkjell Lønning
Vis mer

Utan høgare utdanning hadde han neppe fått seg jobben han hadde, om det ikkje var for den tekniske kompetansen han fekk gjennom speling og modding.

Rune vil gjerne jobbe, men klarar ikkje.

Dataspel har blitt det einaste utløpet for kreativitet, seier han.

– Hadde det ikkje vore for dataspel, hadde eg fort blitt deprimert. Du kan ikkje stire i veggen dag ut og dag inn. Eg treng noko som gir meg glede i kvardagen.

CITIES: SKYLINES á la Rune Andersen er ikkje det same spelet som det du får i butikken.

Bysimulatoren gir deg rolla som byplanleggar og borgarmeister, der du må balansere behova til innbyggarane dine. Du skal sørge for at dei har straum, vatn, vegar, kloakk, tilgang på utdanning, naudetatar og alt du kan tenke deg.

Rune deler byane sine på sosiale medium, og får energi av tilbakemeldingane han får frå imponerte spelarar.
Rune Andersen
Vis mer

Kvart kryss og kvar rundkøyring må optimaliserast. Men når du dykkar ned i samfunnet rundt spelet, oppdagar du eit heilt univers av brukarprodusert innhald.

Det er her Rune brukar tida si. Set han opp ei ny bustadblokk i den cyberpunk-inspirerte byen, kan ha bruke timevis på å lage eigne teksturar til blokka.

Alt ned til den minste detalj skal endrast.

SPELINGA GIR Rune noko å snakke om når kona kjem heim etter jobb. Det gir han eit sosial nettverk, ein plattform for å dele det han skaper og ein stad han kan slappe av.

Han får også kjenne på meistring. Det er kanskje ikkje det viktigaste arbeidet han gjer der han hjelper fortvila Cities Skylines-brukarar med korrupte lagringsfiler, men han føler at han er til nytte for nokon.

Saman med bektherevs og diagnosen fibromyalgi, er Rune under utgreiing for crohns. Mageproblema har gjort det endå vanskelegare å halde seg i aktivtet.
Mikkjell Lønning
Vis mer

– Eg speler ikkje berre for å spele. Eg speler for å halde hjernen min frisk. Det er vanskeleg for andre å førestille seg kor mykje det betyr for meg å føle at eg har bidratt med noko på ein dårleg dag. Men det er alt for meg.

Kona er ei uvurderleg støtte å ha, men viss han ikkje føler han kan hjelpe andre, blir det mørkt.

DU TRENG tid, energi og tolmod for å drive med modding, seier Rune.

Tid har han nok av. Det er stort sett energien det står på.

Når smertene og utmattinga er på sitt verste, klarar han framleis å trykke på nokre tastar i senga.

Då er målet å kome seg opp, få i seg noko mat, skifte klede og kanskje gjere noko anna.

– Er du i min situasjon, og får til dette, er mykje gjort for både den fysiske og psykiske helsa. Kom deg ut av soverommet. Skap deg ei rutine, meiner han.

Når kona kjem heim på ettermiddagen, fortel Rune om kva han har gjort i spelet i løpet av dagen.
Mikkjell Lønning
Vis mer

Rune gjer tøyeøvingar fleire gongar om dagen og natta. Søvn er det dårleg med.

Han har også tvinga seg til å bruke tid på treningssenter, men i det siste har smertene blitt verre.

Legane vil ha han i mest mogleg fysisk aktivitet. Det er særs viktig når ein har bektherevs.

Rune meiner han prøver så godt han kan. Men når konsekvensen av ein gåtur er tre dagar til sengs etterpå, syns han vinninga går opp i spinninga.

Det kan avgrense det sosiale livet hans, gjere han deprimert og gi han mindre tid til partnaren sin.

Er det verd det?

KONA ER det viktigaste i livet til Rune.

Hadde det ikkje vore for støtta hennar, hadde han vore avhengig av heimetenesta og langt meir kommunal oppfølging, seier han.

Difor gjer han alt for å vere til stades for henne og ha eit stabilt forhold.

– Dei dagane eg får spelt litt, kjem i kontakt med miljøet rundt Cities: Skylines og drar ut for å ete med kona mi, dei veg opp for 50 dårlege dagar.

I dei mest smertefulle nettene, der søvnen held seg vekke, set Rune seg ned for å spele. Då slepp han å knaske tablettar, for skjermen tar han med til ei anna verd, seier han.
Mikkjell Lønning
Vis mer

– Trur du ikkje all spelinga bidrar til at du møter færre og er i mindre aktivitet?

– Jo. Men eg har ein god venekrets rundt meg og er ikkje framand frå å vere sosial. Samtidig trivst eg i eige selskap – så lenge eg har noko å gjere.

– Har du spelt så mykje at det har fått negative konsekvensar for andre delar av livet ditt?

– Nei, eg har utelukkande positive erfaringar med speling. Det har vore ei hjelp for meg på mange ulike måtar.

– Du seier spelinga får deg til å føle deg bra, men det er vel ikkje nødvendigvis alltid slik at det som følast bra, faktisk er godt for ein?

– Gaming skapar ofte eit overskott, som kjem godt med for å delta i det sosiale livet mitt. Onlinemiljøet gir meg nokon å snakke med sjølv om eg er heime. Men det er klart at om ein skyv plikter og nære forhold til sida, kan det vere ein farleg veg å gå. Utan gode vener og nære relasjonar utanom datamaskinen ville ting vore veldig vanskeleg for meg.

EIT VARSEL dukkar opp på telefonen til Rune.

Han smiler.

«Korleis klarar du lage alle desse detaljane?» skriv ein på Facebook.

Rune har ikkje mange følgarane enno, men han finn meining i å dele det han lagar.

Steam, reddit, Youtube og Facebook har blitt viktige plattformer for å vise kva han gjer.

Det varierer kor mykje merksemd bileta hans får på sosiale medium, men éin kommentar er nok til å lysne opp dagen til Rune.
Rune Andersen
Vis mer

Rune bryr seg lite om at andre kan dømme han for å spele mykje. Det er viktig for smertepasientar å finne noko som gir ein meining og meistring i livet, syns han.

– Uavhengig om det er speling eller noko anna; finn deg ein konstruktiv hobby og driv med det. Alt er betre enn å nistire i veggen heile dagen.

Denne artikkelen er laga med støtte frå Fritt Ord, og er del av ein artikkelserie som ser på bruk av spel som støtte i vanskelege periodar. Me har tidlegare i serien fortalt om Michelle og Espen som fann trøyst i spel etter å ha mista barnet sitt.

Ledige stillinger
Lead Mainframe Specialist – zHardware Systems (HMC/HCD)
Søknadsfrist:
Løpende
Restaurantmedarbeidere
Søknadsfrist:
Løpende
Bilselger
Søknadsfrist:
Løpende
Funksjonsassistent
Søknadsfrist:
Løpende
DevOps Engineer
Søknadsfrist:
Løpende
Selger (22%)
Søknadsfrist:
Løpende
Bruktbilselger
Søknadsfrist:
Løpende
Tekniker på Livredningsutstyr
Søknadsfrist:
Løpende
Erfarne utviklere
Søknadsfrist:
Løpende
Produktingeniør
Søknadsfrist:
Løpende
Forsikringsrådgiver
Søknadsfrist:
Løpende
Selger (30-70%)
Søknadsfrist:
Løpende
Salgskonsulent
Søknadsfrist:
Løpende
Selger i Face2face Creatives
Søknadsfrist:
Løpende
Nybilselger
Søknadsfrist:
Løpende
Head of Workshop
Søknadsfrist:
Løpende
Automasjon commission Engineers / Teknikere
Søknadsfrist:
Løpende
Forsikringsrådgiver
Søknadsfrist:
Løpende
Produksjonsmedarbeider / Tekniker
Søknadsfrist:
Løpende
Data Platform Developer
Søknadsfrist:
Løpende
Prosjektleder
Søknadsfrist:
Løpende
Bilmekaniker
Søknadsfrist:
Løpende
Systems Consultant – Virtualization
Søknadsfrist:
Løpende
Servicerådgiver
Søknadsfrist:
Løpende
BPA assistent
Søknadsfrist:
Løpende
Erfarne Data Engineers
Søknadsfrist:
Løpende
BPA assistent
Søknadsfrist:
Løpende
Reisende salgskonsulent
Søknadsfrist:
Løpende
Lead Mainframe Specialist – zHardware Systems (HMC/HCD)
Søknadsfrist:
Løpende
Restaurantmedarbeidere
Søknadsfrist:
Løpende
Bilselger
Søknadsfrist:
Løpende
Funksjonsassistent
Søknadsfrist:
Løpende
DevOps Engineer
Søknadsfrist:
Løpende
Selger (22%)
Søknadsfrist:
Løpende
Bruktbilselger
Søknadsfrist:
Løpende
Tekniker på Livredningsutstyr
Søknadsfrist:
Løpende

Kommentarer (6)

Logg inn for å delta i diskusjonen.
Tråd
Boing_80
7 måneder siden

Flott artikkel! Gamer.no styrker seg mer og mer. Og artikkel forfatteren skriver godt.

Fenris Helheim
7 måneder siden
For en gamer som lever med nerveskader i beina (smerter/ubehag 24/7) så var dette god lesing. Gaming hjelper mye med å gjøre livet levbart.
Crooked Cracker
7 måneder siden

God artikkel, jeg tror nok at spillterapi kan være fremtiden for å behandle flere typer lidelser. Styrken til spill kontra andre medier er at det er aktiv rekreasjon fremfor passiv, noe som da kan ta oppmerksomheten i større grad vekk fra plagene. Nå er det vel sagt at bare det å gi sinnet\kroppen avbrekk har helsebringende effekter i seg selv.       

NBT
7 måneder siden
Gud. Helt utrolig hvor helt lik hans og min situasjon er... nesten skummelt
PheIix
7 måneder siden

Nok en fin artikkel fra gamer.

Jeg sliter selv med kronisk smertesykdom, og har gjort det siden 2012. Jeg har dager der jeg er i fin form, men det er aldri mulig å vite før dagen er omme om denne dagen vil være smertefri.

Det har vært tungt å gå fra å være en produktiv del av samfunnet, til å være avhengig av samfunnets sosiale nett. Jeg var godt vant med å jobbe mye og lenge. Hadde ofte 400+ timer overtid i året. Jeg forsøkte i det lengste å finne noe å jobbe med som kunne tilpasses min situasjon, men det har rett og slett ikke vært mulig å planlegge rundt noe så ustabilt.

Å være syk så lenge er krevende. Det tærer på psyken intenst hele tiden. Akkurat slik som Rune, så ser jeg frisk ut når folk ser meg. Få har vært så uheldig å se meg når jeg er dårlig, men de som har sett meg har skjønt at det ikke er en dans på roser. Det er en evig kamp om å disponere det lille man har av energi til å få gjort det nødvendige, og samtidig ha energi igjen til å ivareta den mentale biten slik at det er verdt å våkne neste dag. Blir det for mye spill i forhold til husarbeid til tider? Helt klart. Men det føles ofte også nødvendig for at man skal føle at man lever, og ikke bare overlever.

Her går det i både videospill og brettspill når skjermlyset blir for intenst. Gjerne med samboer og stebarn mine. Og det er, nok en gang som Rune sier, mer verdt enn mange dårlige dager.

 

Siste fra forsiden