Slik har du aldri sett svartedauden

Ta på deg rolla som døden og gå til krig mot dei levande.

Ein kan seie mykje om dei mange Kickstarter-prosjekta som har dukka opp i løpet av det siste året. Nokre har gått uhyre bra, andre ikkje fullt så bra. Sjølv om vi enno har til gode å sjå mange resultat av folkefinansieringa, har vi definitivt sett ein tydeleg trend. Svært mange Kickstarter-kampanjar er for spel i nesten bortgløymde sjangrar, eller for nye konsept som glir litt utanfor massemarknaden.

Death Inc. frå Ambient Studios er ei solid blanding av begge deler. Frå ein stab samansett av utviklarar frå studio som Media Molecule og Lionhead, kjem eit strategispel der du skal ta på deg rolla som freelancedøden Grim T. Livingstone.

Dødsfølgjet på tokt.

Utviklarane satsar på å lage ein solid kompott av dei beste elementa frå Bullfrog-klassikarar som Dungeon Keeper og Theme Hospital. Du kan byggje opp basen for dødsbedrifta di, halde styr på alle sjelene du har samla inn, samt oppgradere dine vandøde styrker.

Desse styrkane er i effekt alle folk og skapningar du har drepe. Du reiser rundt med eit følgje som best kan skildrast som ein rosa og livleg versjon av Åsgårdsreia. Følgjet vil angripe og gjere sitt beste for å ta livet på alt levande dei kjem over, sjølv om dei levande har ein tendens til å ville kjempe for livet.

Det aller mest spanande med dette konseptet er likevel korleis du styrer følgjet ditt. I staden for å velje ei gruppe, for så å klikke kvar dei skal gå, berre dreg du musa over skjermen. Om du vil dei skal gå rundt ein bygning teiknar du inne ruta deira. Møter du fiendar kan du flankere dei ved å sveipe musa slik at du sender to grupper vandøde rundt fiendane og inn frå sida.

Ved sidan av dette vil du få tilgang på fleire kreative spesialangrep. Blant desse finn vi rotter med pest som set ned forsvaret til fiendane dine, og duer som spreiar kopparsjukdom på måla sine.

Om dette høyrest ut som eit lovande konsept kan du ta ein kikk på Kickstarter-videoen nedanfor. Der får vi mest av alt sjå den svært fargerike stilen utviklarane brukar for å vidareføre svartedauden til ein ny generasjon, samt ein demonstrasjon av korleis kontrollsystemet fungerer i praksis.

Les også: Kickstarter-suksess for GODUS Les også: Dungeon Keeper-arvtakar på Kickstarter

Ledige stillinger
Selger (30-70%)
Søknadsfrist:
Løpende
BPA assistent
Søknadsfrist:
20.03.2025
Automasjon commission Engineers / Teknikere
Søknadsfrist:
Løpende
Salgskonsulent
Søknadsfrist:
Løpende
Produktingeniør
Søknadsfrist:
Løpende
Restaurantmedarbeidere
Søknadsfrist:
Løpende
Data Platform Developer
Søknadsfrist:
Løpende
BPA assistent
Søknadsfrist:
Løpende
Selger (22%)
Søknadsfrist:
Løpende
Erfarne utviklere
Søknadsfrist:
Løpende
Erfarne Data Engineers
Søknadsfrist:
Løpende
Forsikringsrådgiver
Søknadsfrist:
Løpende
Nybilselger
Søknadsfrist:
Løpende
Bruktbilselger
Søknadsfrist:
Løpende
Prosjektleder
Søknadsfrist:
Løpende
DevOps Engineer
Søknadsfrist:
Løpende
Bilselger
Søknadsfrist:
Løpende
Systems Consultant – Virtualization
Søknadsfrist:
Løpende
Head of Workshop
Søknadsfrist:
Løpende
Bilmekaniker
Søknadsfrist:
Løpende
Servicerådgiver
Søknadsfrist:
Løpende
Produksjonsmedarbeider / Tekniker
Søknadsfrist:
Løpende
Forsikringsrådgiver
Søknadsfrist:
Løpende
BPA assistent
Søknadsfrist:
Løpende
Tekniker på Livredningsutstyr
Søknadsfrist:
Løpende
Lead Mainframe Specialist – zHardware Systems (HMC/HCD)
Søknadsfrist:
Løpende
Funksjonsassistent
Søknadsfrist:
Løpende
Selger (30-70%)
Søknadsfrist:
Løpende
BPA assistent
Søknadsfrist:
20.03.2025
Automasjon commission Engineers / Teknikere
Søknadsfrist:
Løpende
Salgskonsulent
Søknadsfrist:
Løpende
Produktingeniør
Søknadsfrist:
Løpende
Restaurantmedarbeidere
Søknadsfrist:
Løpende
Data Platform Developer
Søknadsfrist:
Løpende
BPA assistent
Søknadsfrist:
Løpende

Kommentarer (3)

Logg inn for å delta i diskusjonen.
Tråd
Lord John
12 år siden

Så ganske insteresant ut dette her så kommer nok til og pledge lit penger ja

Ryggskrubb
12 år siden

Så festlig ut ja :)

XmasB
12 år siden

Ble en pledge det gitt. Litt for enkelt å "kjøpe" spill fra fremtiden om dagen... :)

Siste fra forsiden