Feature

Horizon Zero Dawn Remastered – PC

Slik er den nye versjonen av publikumsfavoritten

Aloy er tilbake i ny drakt på PC. Men fleire faktorar gjer at du kanskje like greitt kan spele den gamle versjonen.

Guerilla Games

Det er berre fire år sidan Horizon Zero Dawn dukka opp på PC, men no har altså spelet fått ein ny versjon med oppdatert grafikk.

Utviklar Nixxes har tatt dei beste elementa frå Horizon Forbidden West med til forgjengaren, og gitt originalen ei real overhaling på mange ulike plan.

Det kjem med både fordelar og ulemper.

Eig du det første spelet frå før, kan du oppgradere til den nye utgåva for 100 kroner.

Kva har dei endra?

Remaster-versjonen er ei klar modernisering av spelet.

Dei grafikkteknologiske nyvinningane frå Forbidden West er altså med, som gir ein meir innhaldsrik innstillingsmeny.

Figurane har fått nye teksturar. Ansikta og kleda deira har fleire detaljar, og ei overhaling av animasjonssystemet gjer gestikulering og mimikk meir levande enn før.

Her og der får figurane plastansikt, men generelt sett er det betre enn før. Oppgraderingane er mest synlege i spelets filmsekvensar.

Dei to aller største forskjellane kjem gjennom lys og detaljnivå. Heile spelet har blitt lyssett på nytt, som gir scenane meir liv enn tidlegare.

Her ser du nokre enkle samanlikningar, utan at videoen heilt klarar å vise forskjellane.

Kontrastnivået er høgare og fargane meir metta, til varierande suksess. Nokre gongar ser det betre ut, andre gongar gir det spelet eit meir teikneserieaktig preg.

Terrenget, plantane og monstera har også fått nye teksturar med høgare detaljrikdom. Det er eit stort pluss.

Vêrsystemet har blitt meir omfangsrikt, og dei volumetriske effektane, som gir skodde og skyer, er betydeleg forbetra. Teksturane for vatn og teknikkane for refleksjonar har også blitt milevis betre.

Lydane er også pussa på, for å løfte kringlyd og 3D-lyd.

Den nye versjonen har klart overlegen teksturkvalitet, både i terrenget og på Aloy.
Den nye versjonen har klart overlegen teksturkvalitet, både i terrenget og på Aloy.

Solid nedgradering

Alt vel så langt.

Men.

Når me samanliknar spel på PC og konsoll, pleier høgare bildefrekvens, oppløysing og synsvinkel vere blant dei fremste styrkane til PC.

Det er der du merkar den største forskjellen.

Alle desse faktorane blir svekka samanlikna med førre PC-utgåve. Ikkje overraskande krev det meir å køyre, og difor søkk bildefrekvensen.

Det er greitt nok. Men det eg verkeleg reagerer på, er kor mykje smalare synsvinkelen er i den nye utgåva.

Eg kjenner på noko av den same klaustrofobiske følelsen som Forbidden West gav meg på grunn av smal synsvinkel, og her er forskjellen natt og dag frå den gamle versjonen til det nye – i negativ forstand.

Den langt større synsvinkelen gjer originalen kjekkare å spele med i det opne landskapet.

Kraftig reduksjon

Testane våre viser også at Remaster-utgåva er betydeleg meir prosessorkrevjande.

Så er det heller ikkje alltid at eg syns dei visuelle endringane går rett veg.

RTX 4090 (Ultra)Gjennomsnitt FPS1 % minste-FPS gjennomsnitt
3840x2160 Original145115
3840x2160 Remaster11277
2560x1440 Original212176
2560x1440 Remaster139103
1920x1080 Original217181
1920x1080 Remaster140106

Bildefrekvensen i lågare oppløysingar er omtrent halvert. For meg som vanlegvis speler på ein 1440p-skjerm med oppdateringsfrekvens på 360 hertz, hadde eg føretrekt den første versjonen.

I tabellen over har me samanlikna korleis eit RTX 4090 skjermkort gjer det kombinert med ein Intel Core i9-13900k-prosessor i spelets måleverktøy.

Dette er utan hjelp av KI-oppskalering. DLSS og «frame generation» løftar bildefrekvensen betydeleg, der DLSS og AMD-alternativet FSR er sterkt anbefalt å bruke.

Filmsekvensane i den nye utgåve er lyssett meir realistisk, og er ei klar oppgradering.
Filmsekvensane i den nye utgåva er lyssett betre, og er ei klar oppgradering.

KI hjelper

Slår eg på DLSS Quality, aukar bildefrekvensen frå 112 i snitt til 129 i 4K. Med DLSS og frame generation kombinert landar spelet på i snitt 149 bilde i sekundet.

Skjermkortet produserer i snitt 263 bilde i sekundet, men prosessoren stoppar på 149.

I 1440p hoppar bildefrekvensen i snitt frå 139 til 149 med DLSS Quality, og opp til 198 med frame generation.

Originalen har også støtte for DLSS og FSR, men har ikkje frame generation.

Skal du få litt ekstra ut av skjermkortet i Remastered-utgåva, anbefaler me å skru detaljnivå, skuggekvalitet og volumetriske effektar ned eit hakk eller to.

Du ser ikkje nemneverdig forskjell i farta, men bildefrekvensen vil auke ein del.

Konklusjon

Nixxes har løfta Horizon Zero Dawn inn i 2024. Originalen er framleis eit nydeleg spel, men remaster-utgåva hentar ein drøss med grafikkteknologi frå Forbidden West inn i det første spelet.

100 kroner ekstra for oppgraderinga er ikkje all verda. Det er kjekt at det finst, sjølv om mange meiner det ikkje er behov for ein ny versjon. Men det er ingen som tvinger ein til å kjøpe den nye.

Detaljnivået er høgare, lyssettinga er fullstendig overhala og figurane er stort sett meir realistiske.

Nixxes har lukkast med mykje.

Samtidig er den nye versjonen langt meir krevjande å køyre, og personleg syns eg ikkje dei visuelle oppgraderingane er store nok til å rettferdiggjere tapet av flyt i spelet.

Oppgraderinga har langt meir for seg på konsollane.

Svakare maskinvare vil klare seg greitt takka vere oppskalering, men originalen er mykje meir venleg mot prosessoren. Det er også leit at Nixxes har strupa synsvinkelen så mykje som dei har gjort. Det legg ein dempar på utforskinga i spelet for min del.

Kjøp spelet om du verkeleg har lyst til å spele gjennom ein gong til, men du går neppe glipp av noko særleg med denne versjonen på PC.

Eg ville ærleg talt heller spelt den gamle utgåva.

Siste fra forsiden