Feature

Norge i The Witcher 3

Slik blei The Witcher 3: Wild Hunt norsk

Korleis hamna Lofoten og Trondheim i den moderne klassikaren? CD Projekt avslører sanninga hos Gamer.no.

Utsikta i Elverum er sikkert fin den, men Witcher-Elverum har eit fortrinn.

The Witcher 3: Wild Hunt kom ut fem dagar før eg hadde eksamen i forskingsmetode.

Året var 2015. Eg sat med nasen limt i ei bok, og venta på at Collector's Edition-utgåva av spelet skulle dukke opp i postkassa.

Ho var forseinka. Samtidig gleda eg meg så enormt til spelet, at eg kjøpte ein digital versjon på Steam og la ned pensumboka for godt.

Eg blei fullstendig fortapt i reisa til Geralt.

Eksamenskarakteren blei ein heller stussleg E, men eg sat også igjen med nokre av dei beste spelminna i livet mitt.

Eg hadde gitt mykje for å kunne oppleve dei dagane på nytt. Ikkje hadde eg prioritert annleis, heller.

The Witcher 3: Wild Hunt er mitt favorittspel gjennom tidene. Difor har eg òg lenge prøvd å få nokre intervju med CD Projekt RED.

– Enorm respekt

Det er ikkje det enklaste for eit lite spelmagasin i Noreg. Men no har me fått napp.

Dei polske utviklarane var ikkje heilt med på eit munnleg intervju, men har svara på skriftlege spørsmål frå oss – og kvifor ikkje gjere nettopp Noreg til tema.

Borys Pugacz-Muraszkiewicz, leiaren for den engelske adaptasjonen av The Witcher 3: Wild Hunt, har fått grave i både arkivet og hukommelsen for å fortelje om dei norske elementa i spelet.

Kjenner du Witcher-universet, eller Volveren på norsk, veit du sikkert at spela er ei oppfølging av bøkene til forfattar Andrzej Sapkowski.

Borys Pugacz-Muraszkiewicz er sjef for den engelske adaptasjonen av The Witcher.
CD Projekt RED

Forfattaren har aldri vore særleg engasjert i arbeidet med spela, og må seiast å ha gjort ein heller uheldig figur i offentlegheita rundt CD Projekt RED sine spel, men utviklarane har hatt nokre møte med han her og der.

Utviklarane har vald å legge seg så tett på Sapkowski sine bøker som mogleg i bygginga av læra rundt universet.

– Det kjem av vårt ønske for å ære kjeldematerialet. Det har me enorm respekt og kjærleik for, seier Borys Pugacz-Muraszkiewicz.

Sapkowski sitt arbeid har også inspirert dei norske elementa av The Witcher 3.

Lappeteppe av mytologi

Sapkowski har ein tendens til å hente historiske og mytologiske element frå alle moglege retningar.

Tyngda er på austeuropeisk mytologi, men forfattaren har nok prøvd å inkludere alt han syns er kult eller interessant.

Øya Skellige er basert på både norrøn og keltisk historie og mytologi, og det er her me finn det norske alibiet.

I spela er det stadnamn som Lofoten, Larvik, Sund, Elverum, Fyresdal, Rogne, Kvalheim og Trottheim.

Det er også heimen til min nesten-namnebror Mikkjal.

Fyresdølen var nok ein hardare type på den tida. Eller, kva veit eg. Eg kjenner dessverre ikkje så mange fyresdølar.

Nokre av stadnamna på Skellige-kartet finn du i bøkene, andre har utviklarane sjølv kome opp med.

– Det å gi namn til stadar, figurar, våpen og gjenstandar var ein samarbeidsprosess, og involverte mange ulike personar med forskjellige spesialiseringar, seier Pugacz-Muraszkiewicz.

Han listar opp manusforfattarar, lokaliserarar, stadkunstnarar og nivådesignarar som del av miksen.

– Alt handlar om research. Du vil ikkje tru kor mykje arbeid som går med til det hos oss, heilt frå tidleg idestadie til produksjonen og marknadsføringa. Me er som ein gjeng forskarar. Faktisk i så stor grad, at nokre av oss har gått over til undervisning, og endå fleire nok vil gå over til det etter kvart som tida vår som spelutviklarar går mot slutten.

Geralt of Telemark?

– Det er ikkje slik at me berre lokka augo og peika ein stad på kartet, seier Pugacz-Muraszkiewicz.

Han nemner Lofoten og Fyresdal som eksempel. No er det over eit tiår sidan dei valde namna, og han hugsar ikkje spesifikt kvifor det blei akkurat dei, men fortel at dei gjekk i djupa på opphavet til namna.

– Lofotens verkelege etymologi er noko omstridd – det kan stamme frå forma på øygruppa, nordlyset eller korleis øyane ser ut på avstand. Fyresdal sin etymologi er mindre omstridd. Men generelt likar me å engasjere oss i desse «etymologiske reisene».

Lofoten er ein heller dyster stad i The Witcher.

Det har ikkje vore snakk om fysiske reiser til stadar som Fyresdal, Trondheim eller Kvalheim.

Gjennomtenkte namneval gir djupe til spelverda, meiner Pugacz-Muraszkiewicz.

Ikkje akkurat klipp og lim

Bøkene til Sapkowski blei ei slags skisse for verda til The Witcher 3: Wild Hunt.

Utviklarane tok det som var konkret, og brukte skildringar og inntrykk frå bøkene, til å lage sin versjon av verda.

– Det var ikkje akkurat slik at me kunne klippe ut og lime inn skildringar av Skellige frå bøkene. Men det var nok der til å mate lesaren sin fantasi, og til å skape eit springbrett for oss som «nedstraumsskaparar».

Geralt er ein kul fyr. Her ser han på eit kulare fyr enn det elverumsingen har.

CD Projekt RED simulerer Sapkowski sin metode vidare, og har latt seg inspirere av ulike kulturar på same måte.

For Skellige var det ikkje vanskeleg å sjå at dei måtte basere seg på vikingar, men med lappeteppet intakt.

Litt herifrå, litt derifrå.

– Denne kulturelle brikolasjen er ein viktig byggestein i fantasiverka me produserer, seier Pugacz-Muraszkiewicz.

Keltarvikingen

Cian Maher er såkalla «lore designar», noko slikt som ein læredesignar på norsk, og jobbar med akkurat dette temaet.

– Me har Hindarsfjall og vikingskip og den grenselause skjønnheita til Brisingamen-juvelen i Freya-tempelet, men når målet er å skape ein fantasiregion inspirert av ulike verkelege kulturar og stadar, heller enn å gjenskape desse kulturane og stadane nøyaktig, er det ofte nyttig – om ikkje nødvendig – å utvide horisontane for påverknadane ein trekkjer inn, seier Maher.

Med ein gong Geralt kjem fram på Skellige og opnar kartet sitt, er det ikkje vanskeleg å forstå kva dei meiner.

Nordisk kultur er sidestilt med keltisk.

– Det er openbert med øyene Ard Skellig og An Skellig, som er avleidd frå dei same irske øyane der Luke Skywalker tok ein hardt fortent, men kanskje ikkje heilt tidsriktig pause, frå dei keisarlege konfliktane. Men dei verkeleg spesielle elementa ligg langt under overflata, og kan berre gravast fram om ein – mot betre dømmekraft – fjernar dei glansfulle overflatelaga som integriteten til ei fantasiverd som denne burde kvile på.

#notmytrondheim.

Han viser til blodpakta «bloedgeas» som eit døme.

– Når ein ser eit slikt omgrep, kan ein vere freista til å akseptere at Sapkowskis fantasilingo er elegant stilisert og gjennomtenkt. Men Sapkowski er ikkje berre stilig og gjennomtenkt – han er ein lærd mytemakar, ein språksmed som kan granske hundrevis av lydar og symbol før han vel dei rette til å setje saman ein formel som pustar magi. Det stemmer at bloed tyder «blod» på fleire språk – nordiske språk inkluderte i den lista. Men geas er lånt frå det irske geis, ein uhyre kompleks type tabu knytt ikkje berre til eit løfte eller ein eid, men òg til forbanningar og magiske formular.

Figuren Crach an Craite inngår ein bloedgeas med dronning Calanthe i bøkene, for å sverje at han skal ta vare på Ciri.

– Han sver ikkje berre ein blodseid av den typen som er typisk i konvensjonelle fantasiforteljingar. Han kallar fram ein eid fødd i blod, bunden av magi og tynga av ei forbanning. Det finst ikkje noko ord for denne typen mystisk, lagdelt og intrikat forma lenkje på noko eksisterande språk – og likevel, med eit konstruert språk, kan det bli til gjennom språkalkymi. Om ein kan skrive så mykje om eitt enkelt ord – mens ein prøver å vere kortfatta, til og med – bør det vere klart at djupna i ei fantasiverd bygd på dei same prinsippa er grenselaus, seier Maher.

Og slik blir lappeteppet til.

– Fantastisk

Pugacz-Muraszkiewicz syns det er givande å kunne legge hjarte og sjel i å bygge rammeverka rundt forteljingane i Witcher-universet.

– Det er fantastisk å kunne samarbeide om å lage djup og meiningsfull underhaldning.

Utviklarane har ikkje fått noko særleg med tilbakemeldingar på dei nordiske elementa i spelet.

Pugacz-Muraszkiewicz hugsar eit reddit-innlegg frå ein kar som meinte innbyggarane på Skellige snakka engelsk med norsk dialekt.

Men det gjer dei altså ikkje. Utviklarane gjekk for Ulster-dialekta frå Nord-Irland.

– Då me jobba med utviklinga av Witcher 3, leika eg med ideen om at Skellige-innbyggarane skulle snakke færøysk. Det viste seg å skape for mange utfordringar.

– Samtidig syns eg det var moro å lese at ein norsk spelar meinte Skelligerane høyrdest norske ut. Det var jo berre flaks, avsluttar han.

CD Projekt RED tar med seg den same tilnærminga til The Witcher 4.

Der har Geralt gitt stafettsverdet vidare til adoptivdottera Ciri, og det kan fort bli nye eventyr sett til nordisk mytologi og kultur.

54dabgZJ5YA

Siste fra forsiden