Feature

Assassin's Creed Valhalla – PC

Skjermkort til 19 000 er ikkje nok for nye Assassin's Creed

Me har tipsa for å få mest mogleg FPS utan å ofre biletekvaliteten.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Denne veka lanserte Assassin’s Creed Valhalla, det nye spelet til Ubisoft på AnvilNext 2-motoren. Ubisoft har ikkje akkurat noko plettfritt rykte når det kjem til optimalisering for PC, så me har tatt ein liten kikk på korleis det nyaste spelet deira klarar seg.

I år får me ta turen til blant anna Rogaland her i Noreg, med besøk på Avaldsnes på Karmøy, klatring oppover Flørli i (no) Sandnes og ein og anna rusletur rundt dei gjørmete gatene i eldgamle Stavanger. Som tilflytta rogalending er det ganske så kjekt å sjå kva Ubisoft har gjort med heimtraktene våre.

Det er naturlegvis ein del detaljar som er vanskelege å svelge når det kjem til autentisiteten her, men Assassin’s Creed er trass alt rein fiksjon. Så det kan me leve med.

Ikkje nok med skjermkort til 19.000

Som Odyssey og Origins er Valhalla eit spel som krev mykje av prosessoren din. Takka vere overgang til DirectX12 er fordelinga mellom kjernane blitt betre enn i forgjengarane, men du er framleis avhengig av at prosessoren held følgje med skjermkortet. Med min Intel i7-8700k ligg prosessorbruken jamt stort sett over 50 prosent på alle kjernane, men det betyr ikkje at me snakkar om noko god optimalisering her. Som før er det nok av dropp i bileteflyten, og biletetida kan vere litt over alle haugar.

På Ultra High i 1920x1080 må sjølv dei med den beste maskinvara forvente nokre dropp under 60 FPS. Med min 8700k klokka til 5 GHz, 16 GB med RAM på 4,4 GHz og eit RTX 3090 er nokre av byområda så intensive at eg ikkje kjem over 55 FPS.

Very High til venstre, Ultra High til høgre. Skilnaden på detaljnivået er ikkje verd droppet, difor ville me heller skrudd ned skyene.

Ytinga i 1080p er i praksis identisk som i Assassin’s Creed Odyssey. RTX 3090 oppnår ein snitt-FPS i den innebygde benchmarken på 90 FPS i Valhalla, som er nett det same som eg får i Odyssey.

Det hintar jo til at Ubisoft har gjort meir med optimaliseringa denne gongen då grafikken er marginalt betre, men dei visuelle forskjellane går meir på kva type landskap det er enn kvaliteten. Biletefrekvensen er òg monaleg lågare i 1440p og 4K i Valhalla enn i Odyssey. Dette er nok eit bevis for at det først og fremst er prosessoren som har det litt enklare enn før, sjølv om det framleis er nok av problem på den banen òg.

Det innebygde testverktøyet i spelet verkar forholdsvis representativt, for dei intensive områda er i klart undertal. Det gjeld på tvers av oppløysingane. I 1440p hoppar RTX 3090 opp til eit snitt i biletefrekvensen på 75, og til slutt 54 i 4K.

Eit skjermkort til 19.000 kroner er ikkje nok for å nå den magiske 60-grensa her, altså.

Low til venstre, Ultra High til høgre. Forvent ei auke i biletefrekvensen på rundt 65 prosent, men førehandsinnstillingane er langt unna å vere den beste måten å optimalisere opplevinga på.

Men det er ikkje mange grepa som skal til. Blant dei ulike innstillingane er det dei volumetriske skyene som krev mest, og berre å skru det ned frå Ultra High til High vil føre til at RTX 3090 kravlar opp på eit snitt på 60 FPS i benchmarkverktøyet. I nokre scenar kan du få opp mot 15 prosent betre yting med å slå dei frå Ultra High til High, og i snitt sparar det deg for rundt 10 prosent i 4K.

Den visuelle skilnaden er heller ikkje så veldig stor. Det merkar du først når du skrur skyene ned på medium. Viss du i same slengen skrur ned kantutjamninga frå maks til «Low», så har du den mest effektive måten å få meir FPS utan å ofre visuell kvalitet. Skuggekvaliteten er òg noko ein kan skru ned litt for å hente nokre ekstra FPS utan at du ser så mykje til lågare kvalitet.

Inno3D GeForce RTX 3090 24 GB iChill X4

OppløysingAvg FPSMin FPS1 % Low0.1 % Low
1920x108090366243
2560x144075355541
3840x216054324236
«Optimalt» 2160p*68365139

* Her har me skrudd dei volumetriske skyene til «medium» og kantutjamninga til «low». Dette fungerer nok best i 4K for der har ikkje kantutjamning så mykje for seg lenger. Alt anna er på maks.

4K med 3080 og 3070?

RTX 3080 klarar seg òg godt i 4K viss me gjer dei grepa over, og hoppar frå 52 FPS til 65 i snitt. Skilnaden ned frå 3090 er særs marginal her, men det har litt med at akkurat dette 3090-kortet ikkje booster spesielt høgt. Asus-kortet kan sannsynlegvis matche 3090-kortet frå Inno3D med ei lita overklokking.

Felles for alle testane mine er at det er ein del ustabile dropp i 1080p og 1440p. Slik har det vore i både Odyssey og Origins òg, så det viser at Ubisoft framleis har ein jobb å gjere med optimaliseringa for prosessor og RAM. Desse problema forsvinn delvis i 4K, der skjermkortet tar heile lasta.

ASUS TUF Gaming GeForce RTX 3080 10 GB OC

OppløysingAvg FPSMin FPS1 % Low0.1 % Low
1920x108089215533
2560x144074275539
3840x216052304240
«Optimalt» 2160p65304836

ASUS TUF Gaming GeForce RTX 3070 8 GB OC

OppløysingAvg FPSMin FPS1 % Low0.1 % Low
1920x108081164826
2560x144065194935
3840x216042253329
«Optimalt» 2160p55314332

Me ser at RTX 3070 byrjar å slite ein del i 4K med alt på maks, men med nokre få grep kan me få opp det òg på 60 FPS. Det same vil gjelde RTX 2080 Ti.

DLSS-oppskaleringa til Nvidia kunne nok vore ei god hjelp å ha, men spelet er sponsa av AMD, så det er ikkje overraskande at me ikkje får nyte av teknologi som er eksklusiv for Nvidia.

Litt utdatert

Når det kjem til utsjånaden til spelet er eg ikkje så imponert som eg trudde eg ville vere. Det er mange flotte utsikter og attraksjonar å sjå, men eg er nok ikkje den einaste som forventa ein litt større forskjell frå førre spel. Spesielt plagar det meg at teksturane på stein og fjell er forholdsvis stygge, for Eivor brukar mykje tid på å klatre på dei. Det gjeld generelt for mange ulike teksturar.

Eg har fleire gongar tenkt at dette spelet fint kunne kome ut i 2017.

MEH: Teksturane på fjell og stein burde vore pussa på.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Men samstundes er det mykje å like her. Lyssettinga er glitrande, skuggekvaliteten er på topp og refleksjonane på blanke overflater er skikkeleg fine takka vere «screen space reflections». Synsvinkelen kan du enkelt justere kraftig opp i innstillingsmenyen om du vil, og teiknedistansen er særs lang.

Dei volumetriske skyene gjer òg at både den tjukke skodda som legg seg over dei snøkledde landskapa og røyken frå skorsteinane får heilt nytt liv – og det sjølv om ein ikkje har innstillinga på det høgaste nivået.

Det er desse små detaljane som gjer at innlevingskjensla blir løfta nokre hakk. Eit anna døme er korleis Eivor pustar ut frostrøyk når det er kaldt. Denne detaljmerksemda er ikkje unik for Valhalla, for det er mykje det same som i Odyssey, men Noreg og England er trass alt ganske annleis enn Hellas.

For dei med svakare skjermkort er ikkje skilnaden ned til Low- eller Medium-innstillingane så stor som ein kanskje ville trudd, så det er heller ikkje slik at ein må ha det beste av det beste for å nyte spelet.

Konklusjon

Noreg og England byr på flotte jaktmarker for vikingane våre. Det er mykje spanande innhald å kose seg med, og til trass for ein del svakt stemmeskodespel, stive animasjonar og rare filmsekvensar er spelet ganske polert for å vere så stort som det er.

Ubisoft har gjort ein del for å lempe på prosessorflaskehalsen med overgangen til DirectX12, men det ville vore ei overdriving å påstå at Valhalla er eit spesielt godt optimalisert spel.

Dette er skikkeleg krevjande å køyre.

Me får krysse fingrane for at Ubisoft kjem med ei og anna oppdatering for å pusse på ytinga vidare. Førebels er ein avhengig av eit skjermkort og ein prosessor heilt i toppsjiktet for å køyre spelet i full mundur, men heldigvis ser spelet framleis greitt ut på lågare innstillingsnivå. Likevel er det vanskeleg å ikkje bli litt skuffa når det kjem til grafikken.

Sjølv om det er plenty av dei slåande vakre utsiktene, tar eg meg i å tenkje at spelet ikkje skil seg så veldig frå dei to forgjengarane. Det er fleire andre grafikkmotorar som byr på betre grafikk og yting samstundes.

Den største skilnaden er rett og slett landskapet og nivådesignet.

Siste fra forsiden