Nedbemanning

Sju mistar jobben hos norske Snowcastle Games: – Dramatisk

Avtale med Runescape-utgivaren gjekk i vasken. Då blei det vanskeleg for det snart 15 år gamle studioet.

Snowcastle Games, den tradisjonsrike, norske utviklaren bak Earthlock-serien, må kutte kostnadar.

Staben på 40 blir redusert til 32 årsverk. Sju mistar jobben, og nokre andre får reduserte stillingar.

– Det er dramatisk, men dette betyr ikkje at me sluttar å utvikle spel. Me må berre bremse litt mens me ventar på meir finansiering, seier dagleg leiar Erik Hoftun.

Mista millionavtale

Nedbemanninga kjem i kjølvatnet av dei mange kutta hos internasjonale selskap.

Snowcastle Games hadde ein stor avtale med det britiske selskapet Jagex, der nordmennene var éin av fem uavhengige utviklarar Jagex skulle satse på.

I fjor sommar skifta Jagex strategi, og planen gjekk i vasken.

– Me og dei andre fekk beskjed om at dei avslutta samarbeidet. Då hadde allereie Jagex investert rundt 15 millionar i utviklinga av Ikonei, men me måtte sjå langt etter dei nærmare 40 millionane til utvikling av Earthlock 2.

– Det var eit slag for oss, men det var berre å hive seg rundt og leite etter alternativ finansiering. Me har jobba med dette det siste halvåret. Slik forholda er internasjonalt, har dette tatt tid. Difor må me nedbemanne.

Hoftun syns det er veldig leit å måtte ta eit slikt val.

– Me mistar flinke folk me gjerne skulle hatt med vidare. Dei gjer ein viktig jobb for oss.

Snowcastle har heldt på dei som sit med unik kompetanse.

– Me er såpass mange at me har litt overlapping på ulike felt, så har me prøvd å unngå å miste dei som sit på kritisk kompetanse.

LES OGSÅ: Utviklarar forventar fleire jobbkutt i 2024 »

Opp og ned

Oslo-utviklaren er inne i sitt 15. driftsår.

– Det er mange oppturar og nedturar i denne bransjen. Det er me vande med. Spørsmålet i bransjen er ikkje om dei dårlege tidene vil snu, men når, seier Hoftun.

Han fortel at dei er i konkrete forhandlingar med fleire investorar, og har tru på at dei kjem til å lande noko i nær framtid.

2023 har vore ein liten berg-og-dal-bane for utviklaren. Dei mista òg utgivaren for Ikonei Island: An Earthlock Adventure i fjor, og måtte hive seg rundt.

– Heldigvis var det 5–6 ulike utgivarar som var interesserte å vere med, som me fekk velje mellom.

LES OGSÅ: 1900 må gå hos Microsoft »

– Skal få til dette

Lanseringa har heller ikkje gått heilt som dei ønska. Spelet var lenge i Early Access, og det kan vere vanskeleg å skape merksemd rundt fullansering av Early Access-spel.

– Spelet skulle òg vore ute på konsoll, men me har hatt ein del tekniske problem. Dette er det første fleirspelarspelet me lanserer, og det går nokre månadar til før det er på konsoll. Men me har tru på at det vil gjere det bra på Xbox og PlayStation, seier han.

Erik Hoftun syns det er veldig trist å måtte kutte i staben, men ser lyst på framtida.
Privat

Snowcastle Games har trufaste eigarar i ryggen, der fleire har vore med sidan oppstarten i 2009. Det set Hoftun pris på.

– Dei har steppa inn ved behov, så me har klart å finansiere drifta vår gjennom heile året. Dei er veldig tolmodige.

NFI-støtta har òg vore god hjelp.

– Me er optimistar på lang sikt. Me skal få til dette.

LES OGSÅ: Jens Erik (35) tok sluttpakke: – Eit forferdeleg år »

Siste fra forsiden