Feature

Steam Next Fest

Sjekk ut desse ti demoane

Vi har prøvd ein haug med spel frå Steam Next Fest, og valt ut nokre av dei beste.

Opptil fleire gongar kvart år pumpar Steam ut ein haug med demoar frå store og små utviklarar som prøvar å lage ditt neste favorittspel. Herlegdomen har fått namnet Steam Next Fest, og går akkurat no av stabelen mellom 14. og 21. oktober. I løpet av denne veka får du prøve deg på hundrevis av speldemoar. Det er mykje bra, mykje mindre bra og mykje dårleg, noko som kan gjere det vanskeleg å finne fram i jungelen.

Difor har vi over dei siste dagane spelt så mange av dei som mogleg, for å plukke ut ein bunke artige demoar det kan vere verdt å sjekke ut.

Med fleire hundre å velje mellom har vi garantert gått glipp av nokre. Om du har spelt noko veldig spanande som burde ha vore med på lista, gje lyd i kommentarfeltet.

Den norrøne versjonen av Vampire Survivors
Games Farm

Jotunnslayer: Hordes of Hel

Utviklar: Games Farm
Ute: Fjerde kvartal 2024

Om du har spelt Vampire Survivors veit du kva du har i vente. I Jotunnslayer tek du på deg rolla som ein norrøn krigar. I demoen får vi spele som ein bogeskytar, ein berserker og ei heks, og i rolla som ein av desse barske krigarane må vi kjempe mot enorme flåttar, skjelett, vandøde krigarar og meir.

Inspirasjonskjelda er openbert Vampire Survivors. Her flyttar du berre krigaren din rundt på kartet medan angrepa går av seg sjølv. Etter kvart som du sankar inn erfaringspoeng går du opp i nivå og får låse opp nye angrep som går automatisk. Tors Hammar, lynnedslag og magiske kuler som svirrar rundt deg er berre nokre av kreftene som dukkar opp. Nokre forskjellar mellom dette og Vampire Survivors finnest det absolutt. Kartet er eit innesperra område, ulike oppdrag dukkar opp med jamne mellomrom og det heile avsluttast med ein livsfarleg sjefskamp.

Last ned demoen til Jotunnslayer: Hordes of Hel

Mandragora ser ut til å bli eit utfordrande Metroidvania.
Primal Game Studio

Mandragora

Utviklar: Primal Game Studio
Ute: Snart

Det manglar ikkje på Metroidvania-spel om dagen, og eit av dei mange vi har i vente er Mandragora. Dette spelet stikk seg ut ved å vere eit nydeleg og stemningsfullt eventyr som trass sin middelalderestetikk dreg tankane i retning Ori and the Blind Forest.

Som i alle Metroidvania-spel er det eit visst fokus på å utforske, låse opp dører og kome tilbake til område som tidlegare var låst for deg, men Mandragora ser ut til å ha eit mykje større fokus på kamp. Her møter vi farlege fiendar der ein må gå fram hakket meir varsamt enn vi kanskje er vande med frå slike spel. Bruk av skjold og korrekt timing blir raskt viktig, og om du tek eit steg feil kan det kjapt vere ditt siste.

Last ned demoen til Mandragora

Sukkersøte Pilo and the Holobook.
Mutida Games

Pilo and the Holobook

Utviklar: Mudita Games
Ute: Ukjent

Pilo and the Holobook er eit nydeleg spill der vi reiser på eventyr saman med den vesle reven Pilo og professorkompisen hans. I huset deira som er omgjort til romskip reiser dei rundt i galaksen for å utforske nye planetar og nøste opp i ulike mysterium.

Spelet er eit slags peik-og-klikk-spel der du med ei lita maskin skal finne alt mogleg rart rundt omkring i verda. Finn du noko nytt lagar maskina eit klistremerke du kan putte inn i boka til Pilo, og på denne måten lærer du meir om ein stad, samt låser opp ny kunnskap. Pilo and the Holobook er først og fremst eit nydeleg spel. Det sender tankane tilbake til pikseleventyra frå 90-talet, men hoppar bukk over pikselstil og hentar i staden mykje inspirasjon frå franske teikneseriar. Det er proppa fullt med sjarme, og er vel verdt å sjekke ut om du vil ha noko litt rolegare å leike deg med.

Last ned demoen til Pilo and the Holobook

For alle dei som saknar Police Quest.
Fallen Tree Games

The Precinct

Utviklar: Fallen Tree Games
UTe: Fjerde kvartal 2024

Uavhengig av korleis dei endelege spela endar opp, må The Precinct vere ein av dei feitaste demoane der ute akkurat no. I The Precinct tek du på deg rolla som ein fersk purk i Averno City Police Department, og i løpet av demoen får du gå gjennom briefing, køyre innom ein hot dog-stand for å få dagleg påfyll, arrestere ein vandal, delta i politiskyting, biljakt og ikkje minst fly helikoptet medan du held spotlight over ein bil som prøvar å stikke av.

Det heile er presentert med ei herleg 80-talsstemning, deilig musikk med hissige synthar og fløyelsmjuke saksofonar. Spelet ser ut til å by på alle stereotypane ein håpar å få i eit politidrama, og det held seg imponerande tett opptil faktiske lovverk. Skal du gjere jobben, må du gjere den skikkeleg.

Last ned demoen til The Precinct

Twinzen er tilbake i eit godt og gammalt eventyr.
[2.21]

Little Big Adventure – Twinzen's Quest

Utviklar: [2.21]
Ute: 14. november

Om du var ung og lovande på 90-talet, samt nerd før det var kult, får godt mogleg namnet Little Big Adventure deg til å myse, kike oppiver og fundere på om dette burde ringe ei bjølle. Dette eventyret frå 1994 er det som må vere lov å kalle ein litt gløymt klassikar. Spelet fekk mykje merksemd då det kom, men har blitt litt tilsidesett i åra som har gått sidan.

No er ein flunkande ny versjon på veg, med nyinnspelt musikk, ny dialog og heilt ny grafikk som klarar å gjenskape originalen på eit vis som både er moderne, men samstundes får ein til å lure om det ikkje var akkurat slik ein hugsar det. Dette er eit litt langsamt eventyrspel, med litt snodige kontrollar, der ein blant anna må luske seg ut av eit fengsel, snike seg forbi vakter, og utforske ei sær og annleis verd.

Last ned demoen til Little Big Adventure – Twinzen's Quest

Gravelord byr på heftig 90-talsskyting.
Fatbot Games

Gravelord

Utviklar: Fatbot Games
Ute: Snart

Gravelord er ein boomer shooter der du spelar ein gravgravar som må sende dei døde tilbake der dei høyrer heime. Dette er eit spel som lengtar tilbake til ei tid då alt var hakket barskare. Gravelord er inspirert av gode, gamle dagar. Du veit, den tida då skytespela bydde på ufyseleg kjapp action med doble hagler som fyrte av kuler i fleisen på fienden som var oppe i trynet ditt før du innsåg kva som skjedde.

Gravelord er kjapt, intenst og veldig moro. Det sender umiddelbart tankane tilbake til både Doom og Quake, og det er unekteleg positivt. Det høge tempoet kan moglegvis få enkelte til å miste balansen, men den hentar du kjapt inn igjen. Her må dører låsast opp ved å slå på brytarar og samle nøklar i ulike fargar. Action av god, gammal årgang.

Last ned demoen til Gravelord

Alle karakterane i The Stone of Madness har unike eigenskapar, som å jage vekk spøkjelse.
The Game Kitchen

The Stone of Madness

Utviklar: The Game Kitchen
Ute: 28. januar

The Stone of Madness er eit taktisk snikespel i sanntid utvikla av teamet bak Blasphemous-spela. Lokasjonen er eit spansk kloster på 1700-talet, og i demoen startar vi i rolla som ein prest som må snike seg ut av fengsel, og finne andre som kan vere med på å gjere det same. På ferda må du både kjappe deg, snike deg sakte forbi vakter, snakke med folk og manipulere gjenstandar i nærområdet for å finne ein veg vidare.

Ein interessant detalj er at alle spelarkarakterane har ei psyikisk liding, og om dei blir utsette for den, vil det skade dei mentalt. Ein av dei toler ikkje å sjå døde kroppar, og ein annan har vore bura inne i mørkret så lenge at han får panikk utan ei lyskjelde. Det er tunge tema på utstilling her, og det blir spanande å sjå kor godt dei blir handterte i det fulle spelet.

Last ned demoen til The Stone of Madness

Tyrkiske Blood of Mehran byr på action i Mesopotamia.
Permanent Way Co.

Blood of Mehran

Utviklar: Permanent Way Co.
Ute: Snart

Blood of Mehran er noko så uvanleg som eit beint fram actioneventyr med snikeelement. Sjeldan kost i desse dagar då alle actionspel i tredjeperson ser ut til å hente meir enn litt inspirasjon frå Soulsspela. Blood of Mehran ser i staden hakket lengre tilbake, til blant anna God of War før den serien skifta stil.

I demoen får vi oppstarten på spelet, og får bryne oss på både sniking og kamp. Det er ikkje originale greiene, men det er moro nok til at ein liten time gav meirsmak. Actionspel med overnaturlege overtonar i gamle Mesopotamia er uansett ikkje kvardagskost, og eg blei ganske nyfiken berre av det. Utviklarane er frå Tyrkia, eit land som ikkje er overrepresentert på spelfronten, og såleis kan vi i det minste håpe på noko autentisk.

Last ned demoen til Blood of Mehran

Spelet for deg som er lei av stress.
Almost a Game Company

HEXAROMA

Utviklar: Almost a Game Company
Ute: Første kvartal 2025

Om du kosa deg med Dorfromantik for eit par år sidan, er HEXAROMA godt mogleg ditt neste avbrekk frå kvardagen. Ved første augekast er det temmeleg likt Dorfromantik, og det er det eigentleg etter andre og tredje augekast òg.

Nokre forskjellar er det likevel. Sjølv om verda er bygd opp av hexagonale plattformer, skal du ikkje rotere og plassere nye som passar inn med dei gamle. I staden skal du velje ulike landområde som vindmøller, gardar, steinbråt og monument for å skape ei stadig større verd. Kvar ting du plasserer ned vil få bonusar frå nokre landemerke, og minus frå andre. Det gjeld altså å samle inn så mange poeng som mogleg ved å slappe av, planlegge sakte og senke kvilepusten.

Last ned demoen til HEXAROMA

Knights in Tight Places byr på ridderkamp i små område.
Ground Shatter

Knights in Tight Spaces

Utviklar: Ground Shatter
Ute: Snart

Har du spelt brettspelet Robo Rally? Ikkje, det er synd, men det går heilt greitt, for Robo Rally har berre bittelitt til felles med Knights in Tight Spaces. Dette er ein slags kombo av eventyr, rollespel og taktikk der du kjempar mot fiendar på små område der noko så banalt som ei opa dør kan bli ei dødsfelle.

Alt skjer på eit rutenett, og du får ein haug med kort som kan brukast i løpet av ein tur. Eit kort her er ein kommando, og kan vere alt frå eit angrep til ein provokasjon. Du kan ha med deg fleire krigarar, og alle delar på dei korta du får utdelt på turen din. Spelar du sleipt nok kan du få fienden til å angripe seg sjølv ved å aktivere dei, noko som kjapt endar opp i mykje kaos og moro.

Last ned demoen til Knights in Tight Spaces

Siste fra forsiden