Etter ei katastrofelansering på Windows har ting omsider roa seg ned for innbyggjarane i SimCity. Spelet krev at du er på nett heile tida medan du spelar, og serverparken til EA var på ingen måte klar for trøkket lanseringa førte med seg. Folk fekk ikkje logga på, og i nokre tilfelle forsvann byar.
Sjølv om ting no fungerer får vi håpe ingen av desse problema gjentek seg når SimCity lanserast for Mac. I ei pressemelding i dag har EA fortalt at spelet blir tilgjengeleg via Origin og andre digitale sjapper 11. juni.
Om du allereie har kjøpt SimCity for Windows – om det så er via nedlasting eller i ein boks – vil du få tilgang på Mac-versjonen. Likeeins vil alle som kjøper Mac-versjonen få Windows-versjonen med på kjøpet. Spelet vil køyre på dei same serverane uavhengig av kva versjon du spelar. Dette betyr at du vil bruke den same kontoen på tvers av plattformene, og kan leike med byen din kvar du no enn måtte vere.
I tillegg til å klargjere Mac-versjonen, skreiv vi tidlegare i dag om at Maxis jobbar med ei stor oppdatering som vil fikse fleire tekniske problem.
SimCity kjem i sal for Mac 11. juni. Det blei lansert for Windows 7. mars.
Les også: Slik startet SimCity-serien Les også: Det er mulig å spille SimCity uten nettkobling