Anmeldelse

Neva

Så vakkert at det nesten er vondt

Neva er ei minneverdig reise gjennom stemningsfulle landskap og krevjande utfordringar.

Frå utviklarane som gav oss det nydelege Gris, kjem Neva, enda eit vakkert plattformeventyr med ein minst like umiddelbart slåande visuell presentasjon.

I Neva møter vi ei dame av ubestemmeleg alder, samt den kvite revekvelpen Neva. Med små horn på hovudet blir det kjapt tydeleg at Neva ikkje er heilt som andre revar, og det kjem godt med i dette hinsides vakre eventyret som tek oss med på ei trist reise gjennom eit vakkert skoglandskap som blir herja av mørk vondskap gjennom dei fire årstidene.

Utviklarane av Neva har skjønt eit viktig element ved fantasi. Det er viktig å undre, det er viktig å ikkje vite alt, for det tillet fantasien å leike seg og forme eigne tankar og idear. Med sesong 2 av Amazon Prime-fadesen Rings of Power ferskt i minne er det lett å dra parallellar. Der har vi eit kreativt team besett av å fjerne all mystikk ved å forklare opphavet og grunnen til alt som nokon gong var, medan Neva er eit spel som etterlet deg med store spørsmål som for det meste aldri får noko som minnar om svar.

Det er eit sjakktrekk som får den ordlause forteljinga til å snakke for seg på eit visuelt språk vi gjerne kunne fått meir av.

Spelet formidlar mykje utan å seie eit ord.
Øystein Furevik/Gamer.no

Kunsten å redde verda

Neva er eit sideskrollande plattformeventyr som tek oss med på ei reise saman med den nemnde revekvelpen. Mykje av spelet er roleg, nesten meditativt der vi berre vandrar gjennom vakre område og tek inn dei massive piletrea som regnar lauv over skogen. Enkle plattformsekvensar dukkar opp, enten for å finne ein bortgøymd blome, eller for å kome seg opp og vidare.

Med jamne mellomrom møter vi beista som står for øydelegginga. Svarte, ekle kryp henta rett ut frå ein Ghibli-film, og dei kjem i stadig større og eklare former. Kven dei er og kvifor dei øydelegg alt rundt seg veit vi ikkje, men eg tek meg sjølv i å nesten bli trist av å sjå det. Å sjå korleis dei tek livet av svære dyr, hakkar og bit på dei som parasittar, eller kryp inn i kjeften på dei og tek kontroll over kroppane deira er ikkje triveleg.

Gjennom nydeleg animasjon får utviklarane presentert dette på ein uvanleg emosjonell måte. Det er som om ein nesten får medkjensle med denne skogen. Dette landskapet der vakre lunder og flotte tre blir øydelagde av skapningar som får svarte blombar til å vakse ut av kroppane til det som ein gong var.

Din jobb er å rydde opp i alt dette, fjerne fordervinga og gjere skogen heil og frisk igjen. Det heile startar om sommaren, og gjennom fire kapittel får vi sjå korleis utviklinga og kampen går gjennom eit heilt år. Samstundes veks Neva, blir større og byr på stadig meir hjelp.

Fordervinga et opp skogen.
Øystein Furevik/Gamer.no

Mekanisk enkelt

Det aller største salspunktet til Neva er utvilsamt presentasjonen. Reint spelmekanisk byr det ikkje på dei store overraskingane. Vi får eit klassisk kontrollsystem med dobbelthopp og framoverhopp, samt eit enkelt angrep for å hamle opp med fiendar. Spelet sjonglerar mellom å la deg springe ganske lett og ufarleg gjennom landskapet, utfordre både hjerneceller og koordinasjon med plattformsekvensar som skfitar mellom noko du kan gjere med ei hand på ryggen, samt kompleks galskap der skjermen blir spegla og du må tenkje bakvendt.

Akrobatikken er moro, tidvis veldig utfordrande, og blant spelets høgdepunkt. Kampane har eg mindre sansen for. Dei blir litt vel repetitive, og etter å ha møtt ein fiende ein gong har du memorisert angrepsmønsteret og bankar den lett neste gong. Spelets motsvar til dette er ofte å berre pøse på med fleire fiendar. Helst så mykje at du slit med å får oversikt. Når to fiendar dyttar stein framfor seg som skjold, to andre hiv prosjektil i din retning, medan ein tredje stupar mot deg frå oven er det mykje å halde styr på på ei og same tid.

Det i seg sjølv er ikkje noko problem, ei god utfordring er berre fint, men eg er litt usikker på om dette eigentleg er spelet for det. Kampsystemet er veldig spinkelt, og det er få utfordrande kampar i spelet. Når dei først kjem er ein ikkje heilt førebudd, og ein kan lure på kva ideen bak eigentleg er. Det er så godt som inga læringskurve her, og du må bli god i å kjempe via den eine kampen som krev det.

Gi meg enten eit større fokus på kamp, og gjer det skikkeleg, eller fil det ned til ein grei fellesnemnar.

Det er ikkje mykje å seie på estetikken.
Øystein Furevik/Gamer.no

Konklusjon

Neva er ikkje lange spelet. Det kan rundast på fire-fem timar avhengig av kor godt du handterer dei ulike utfordringane. Det er likevel ikkje dei du vil hugse best. Neva er ei kunstnarleg reise tungt inspirert av Ghibli-filmar som Princess Mononoke og Spirited Away, og er eit slåande vakkert spel.

Det er derimot ikkje berre vakkert på overflata. Reisa vi blir med på er engasjerande, og ein blir nesten glad i dei få figurane vi møter. Neva har kraft til å røre ved spelaren slik gode historier skal.

Saman med stemningsfull musikk og meisterleg ekspressive animasjonar er Neva eit eineståande spel. Det er på ingen måte perfekt, og eg skal ikkje nekte for at frustrasjonen tok meg meir enn ein gong, men jamt over er det ei flott oppleving som fortener å bli spelt.

Neva er i sal for Nintendo Switch, PlayStation 5, Xbox Series S/X (testa) og Windows 15. oktober.

8
/10
Neva
Ei stemningsfull og minneverdig reise.

Siste fra forsiden