Sa opp jobben og satsa alt for å bli spelutviklar

26-åringen gav ut skytespel etter eit år med knallhard jobbing på guterommet.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Veggane er kledd med dei store heltane.

Dei få gongane dagslyset får kome inn gjennom den slitne plisségardina, speglar sola seg i innramma Tarantino-plakatar.

Guillaume Dorne (26) har flytta inn på guterommet heime hos mor og far. Bartenderkarrieren er lagt på hylla.

Dei siste 13–14 månadane har han brukt all tida si på å lære korleis ein utviklar spel.

Han skal oppfylle den store draumen.

Overraskande vanskeleg?

Då han sa frå seg jobben, sto Dorne på bar bakke. Han kunne ingenting om spelutvikling.

Det store målet var å gi ut eit spel, noko han klarte for nokre veker sidan. Men det skulle bli ei langt meir utfordrande reise enn han såg for seg.

Dorne og familien flytta til Noreg i 2012. Sjølv har han jobba nokre år på bar i Sandnes og fått seg ein bachelorgrad i internasjonalt næringsliv.
Mikkjell Lønning/Gamer.no
Vis mer

For det er ikkje berre å sette seg inn i Unity for å lage eit brukande spel.

Dorne oppdaga at han måtte lære seg fleire programmeringsspråk, lyddesign, musikk, 3D-modellering, videoredigering, marknadsføring og meir.

– Overveldande, er det. Lista over ting eg trong å vite, veks stadig. Men så er det så gøy. Så utruleg gøy, seier han.

– Og eg set veldig pris på at eg får bu hos foreldra mine i overgangsperioden.

– Veldig stressande

I mai lanserte Dorne det retroinspirerte skytespelet Uberslaughter i tidleg tilgang på Steam. 27. september blei det fullansert.

Det er ikkje vanskeleg å sjå at Dorne er glad i Quake og Doom i det han lagar, men han innrømmer at det er vanskeleg å nå ut i marknaden med den heller enkle grafikken.

– Spelet ser ikkje veldig estetisk innbydande ut på skjermbildene, men eg har berre fått gode tilbakemeldingar så langt, seier han.

– Korleis var det å sjå dei første meldingane kome inn på Steam?

– Stressande. Veldig stressande. Eg har berre 19 enno, men det heng nok mest saman med at spelet er vanskeleg å marknadsføre.

Blodspruten er det ikkje noko å seie på.
Dorne bur eit par kraftige steinkast unna utviklarprofilen Nora Helen «shyfoox» Engelsvold. Det er kanskje noko i vatnet her i bygda?
Mikkjell Lønning/Gamer.no
Vis mer

Eit år med seks til tolv timar lange arbeidsdagar har så langt munna ut i rundt 330 selde eksemplar av Uberslaughter. Om lag 50 har bedt om pengane tilbake.

Dorne syns det er ein grei prosentdel. Men heilt dei store summane blir det altså ikkje av dette – enno.

– Målet var å selje 300 eksemplar i månaden. Det tok meg fire månadar i staden.

– Fantastisk følelse

Dorne trur han må selje 1000–1500 eksemplar i månaden for å kunne leve greitt av spelutviklinga. Men han har ikkje planar om å vere soloutviklar så altfor lenge.

– Eg vil gjerne jobbe med spelutvikling eller programvareutvikling, så eg vil finne meg ein jobb i den norske spelbransjen og bygge ein karriere, seier han.

Dorne bur i Sandnes, og har fått med seg Gamer.no sine artiklar om Misc Games i same kommune.

– Dei er nokon eg ser opp til, og eg kunne tenkt meg å jobbe i eit slikt selskap.

Dorne ser ikkje for seg å studere programmering eller speldesign, anna enn over nett. Han likar best å lære på sin eigen måte.
Mikkjell Lønning/Gamer.no
Vis mer
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Dorne innrømmer at han enno har mykje å lære, men vil ikkje la det stoppe han.

– Eg ser at nokre av dei første tinga eg gjorde, er elendige. Det blir slik at du ser eit tutorial på YouTube, prøver og får det ikkje til, ser endå ein gong, mislukkast spektakulært, men når det endeleg klikkar på plass, er det så utruleg tilfredsstillande. Det er ein fantastisk følelse.

Mikkjell Lønning/Gamer.no
Ledige stillinger
Restaurantmedarbeidere
Søknadsfrist:
Løpende
Funksjonsassistent
Søknadsfrist:
Løpende
BPA assistent
Søknadsfrist:
Løpende
Bruktbilselger
Søknadsfrist:
Løpende
Erfarne Data Engineers
Søknadsfrist:
Løpende
Data Platform Developer
Søknadsfrist:
Løpende
Produktingeniør
Søknadsfrist:
Løpende
Forsikringsrådgiver
Søknadsfrist:
Løpende
Selger (22%)
Søknadsfrist:
Løpende
Produksjonsmedarbeider / Tekniker
Søknadsfrist:
Løpende
Automasjon commission Engineers / Teknikere
Søknadsfrist:
Løpende
Nybilselger
Søknadsfrist:
Løpende
Systems Consultant – Virtualization
Søknadsfrist:
Løpende
Head of Workshop
Søknadsfrist:
Løpende
Erfarne utviklere
Søknadsfrist:
Løpende
Tekniker på Livredningsutstyr
Søknadsfrist:
Løpende
Salgskonsulent
Søknadsfrist:
Løpende
Bilselger
Søknadsfrist:
Løpende
DevOps Engineer
Søknadsfrist:
Løpende
Bilmekaniker
Søknadsfrist:
Løpende
Prosjektleder
Søknadsfrist:
Løpende
Reisende salgskonsulent
Søknadsfrist:
Løpende
Forsikringsrådgiver
Søknadsfrist:
Løpende
Selger i Face2face Creatives
Søknadsfrist:
Løpende
Selger (30-70%)
Søknadsfrist:
Løpende
Lead Mainframe Specialist – zHardware Systems (HMC/HCD)
Søknadsfrist:
Løpende
Servicerådgiver
Søknadsfrist:
Løpende
BPA assistent
Søknadsfrist:
Løpende
Restaurantmedarbeidere
Søknadsfrist:
Løpende
Funksjonsassistent
Søknadsfrist:
Løpende
BPA assistent
Søknadsfrist:
Løpende
Bruktbilselger
Søknadsfrist:
Løpende
Erfarne Data Engineers
Søknadsfrist:
Løpende
Data Platform Developer
Søknadsfrist:
Løpende
Produktingeniør
Søknadsfrist:
Løpende
Forsikringsrådgiver
Søknadsfrist:
Løpende

Kommentarer (10)

Logg inn for å delta i diskusjonen.
Tråd
bubba477
6 måneder siden

Lykke til!

Markiii
6 måneder siden

Dette spillet så jo... ut som det kommer fra en annen tid.

Deechon
6 måneder siden

Veldig kult å lese om en med skikkelig stå på vilje.

 

Ønsker han masse lykke til videre!

Red Frostraven
6 måneder siden
Markiii skrev (På 13.10.2024 den 9:53 AM):

Dette spillet så jo... ut som det kommer fra en annen tid.

Det er praktisk umulig for 1 person å lage et spill som ser bra animert og tegnet ut, kjører bra og er teknisk godt, med en god historie, på godt level/verdendesign.

Musikk og lyd er også vanskelig.

Det bør være minst tre personer for p lage et spill.

Det eneste unntaket jeg kjenner til som er stort er Castle Crashers av Tom Fulp og Dan Paladin.

The Avatar
6 måneder siden

Det er i alle fall tøft gjort, og det finnes sikkert eit marked for slike retro spel også. Basert på anmeldingane som ligg på Steam så ser det ut som at folk liker flyten og rytmen i spelet. Personleg så så synes eg grafikken ser litt vel trippy ut men det er nok dette som er appelen til dei som liker slike spel.

Eg trur likevel at det må bli tøft å skulle prøve å leve av dette. Sjølv om spelet berre kostar ein hundrelapp så er det slik at veldig mange er veldig gjerrige på tiarar og tjuekroner, noko som både billeg Steam spel og mobilspel forøvrig lid av. Spelet kostar ikkje meir enn ein kinobilett og gir sikker mykje meir underhaldning, men det er nok dessverre ein grunn til at mange spelutviklarar må over på mikrotransaksjonar for å få inntekter frå spela.

Siste fra forsiden