I sommar blei det kjent at Train Simulator-studioet Dovetail Games var i full sving med å lage eit fiskespel. Dovetail Games Fishing har blitt bygd opp med Unreal Engine 4, og er no lansert på Steam Early Access.
Som med mange andre Early Access-spel får du berre ein tidleg versjon av det ferdige produktet om du skulle bestemme deg for å ivesetere allereie no. I sin noverande versjon vil spelet lære deg opp til å kaste ut, og dra inn att snøret, og spelet byr så langt berre på treningsfisk, der meir avansert fiskeintelligens vil kome i ei ny oppdatering før året er omme.
I vind og vêr
Smartare fisk er berre ein av ei lang rekke nye element utviklarane planlegg å by på i tida framover. Etter kvart som spelet blir utvikla vil vi til dømes vêret få ei stor rolle. Om det er regn eller sol kan ha mykje å seie for kor godt fisken bit, og i Dovetail Games Fishing vil du sjølv bestemme om vêret skal vere som i den verkelege verda, eller slik du sjølv vil ha det.
I tillegg til dette må du passe på å velje riktig agn for å fange fisken vi vil ha, og etter kvart som fisken bit på, vil du måtte handtere den på riktig måte for å få den i land,
Om du er blant dei som likar å fiske i sosiale lag vil Fishing by på ein fleirspelarmodus der du kan spele mot eller med andre spelarar. Støtte for Oculus Rift vil på si side sørgje for at du trygt kan bli sittande innandørs og samtidig nyte ein flott sommardag på sjøen saman med ein ven.
Dovetail Games Fishing kostar for tida 50 kr, og vil i følgje utviklarane stige i pris etter kvart som nye funksjonar blir lagt til, for å reflektere verdien av innhaldet. Om du kjøper den noverande versjonen, vil du likevel få alle nye oppdateringar automatisk.
Om fisking ikkje er heilt di greie, kan du alltids prøve deg som bonde i Farming Simulator 15.