Det er ikkje ofte plattformspel har fått full pott her oss hos, men mektige Rayman Legends presterte nettopp den bragda tidlegare i år. Vår mann på trampolina var så frelst at han i ei svak stund vurderte å erstatte ei skriftleg vurdering av spelet, med bilete av seg sjølv som sikla over det. Vi skal alle vere takksame for at det ikkje skjedde.
Klare for meir sikkel har Ubisoft i kveld sendt ut ei pressemelding der dei fortel at Rayman Legends er på veg til neste generasjon. Med det vil spelet vere på veg til så godt som alle plattformer under den opne himmelen. Lansering for Xbox One og PlayStation 4 vil finne stad 27. februar.
Finpuss i kantane
Det vil ikkje bli to drastisk forbetra versjonar vi får servert på neste generasjon. Innhald og visuell framtoning vil bli av same kaliber, men Ubisoft lovar likevel at spelet vil dra nytte av krafta i dei nye konsollane. Utan å gå i detalj fortel dei at grafikken har blitt oppgradert, medan lastetidene har blitt reduserte.
Ved sidan av dette vil kvar av dei to nye versjonane by på litt ekstra innhald. På Xbox One vil du kunne låse opp kostyme inspirert av Splinter Cell og Far Cry 3, medan du på PlayStation 4 vil kunne laste ned Assassin's Creed-inspirerte kostyme.
Rayman Legends vil i tillegg by på nye utfordringar der du kan sikre deg nokre tidslåste prestasjonspoeng. PlayStation 4-versjonen vil på si side ta i bruk trykkflata på kontrollaren.