Konami kaster seg inn i årets fotballduell, og annonserer Pro Evolution Soccer 2008. Her blir vi lova ei rekke oppgraderingar til den allereie lovprisa fotballserien.
Den største nyheita kjem i form av ein ny kunstig intelligens ved namn Teamvision, som skal sjå og lære av kva du gjer. Den vil tilpasse seg din individuelle spelestil, og sørge for å gi deg ei god og balansert utfordring i forhold til ferdigheitene dine.
Som med tidlegare spel i serien, vil ballen bli behandla som ei separat einheit. Det er opp til spelaren å sparke ballen på riktig tidspunkt. Med den nye kunstige intelligensen, vil motspelarane i følge Konami aktivt prøve å blokkere angrepa dine, og dei vil gjere det dei kan for å gi deg minst mogleg rom til å skyte mot mål. Samtidig vil spelarane bruke det rommet som er tilgjengeleg for å sende pasningar til kvarandre. Du vil få enda større kontroll over ballen ved til dømes dribling og små bevegelser for å kome deg forbi motspelarane.
– Saman med Teamvision, har alle elementa i Pro Evolution Soccer 2008 blitt finjustert og polert. Dette vil skape balansert og strategisk speling på høgt nivå. I tillegg vil du få enda større kontroll over formasjonar i til dømes oppsett av forsvarsveggar, og kvar du vil plassere dei, fortel Konami i pressemeldinga.
Dette er første gong serien kjem til PlayStation 3, og på de nyaste plattformene vil spelet vere teknisk overlegent sine forgjengarar. Fullt animerte ansikt, og små, men stemningsskapande detaljar som svette, vil bidra til å bringe spelarane til live. Små animasjonar på til dømes kleda til spelarane, vil òg gjere sitt for å auke realismen i det Konami sjølv hevdar vil bli den definitive fotball-simulatoren. I tillegg fortel Konami at spelet på PlayStation 3, Xbox 360 og PC vil innehalde ein redigeringsfunksjon som lar deg skreddarsy spelet etter dine eigne behov.
I pressemeldinga har skaparen av serien, Shingo Takatsuka, dette å sei til spelarane:
– Vi har stor tru på at vi med Teamvision-systemet har løfta spelet til eit nytt nivå. Bevegelsane til spelarane vil saman med den fullstendige kontrollen vi gir dei, skape den næraste simuleringa av ekte fotball så langt. Vi håpar verkeleg alle vil sette pris på evolusjonen vår. Eg lover det vil bli verdt ventetida.
Pro Evolution Soccer 2008 kjem til PC, Xbox 360, PlayStation 3, PlayStation 2, PSP og Nintendo DS til høsten.