PlayStation 4 og Xbox Ones publikum er for lite for Borderlands

Men om du har PlayStation Vita kan du sjå fram til ein actiontung sommar.

I går fortalde vi om svært skråsikre rykte som påstod at eit nytt Borderlands-spel er på veg. Spelet skulle få namnet Borderlands: The Pre-Sequel, og ville kome til PC, Xbox 360 og Playstation 3 til hausten.

I dag er det ferske Borderlands-spelet offisielt, og fleire nettstadar rundt om i verda har fått sjansen til å prøve det ferske eventyret. Detaljane frå i går viser seg å stemme, og vi vil få velje mellom fire krigarar som jobbar for Borderlands 2-skurken Handsome Jack. Det heile blir utvikla av 2K Australia, medan Gearbox overser utviklinga.

Dei viktigaste nyvinningane i spelet ser ut til å vere den låge gravitasjonen på månen det heile skjer på, samt mangelen på luft. Oksygen vil bli ein eigen ressurs i spelet, og vil i tillegg til å vere livsnødvendig kunne brukast for å ta i bruk elementvåpen, og diverse spesialangrep.

Nei til neste generasjon

Borderlands: The Pre-sequel skrur ned gravitasjonskrafta. Vis mer

Mange har sikkert merka seg at det manglar eit par viktige konsollar i Borderlands: The Pre-Sequel-likninga; PlayStation 4 og Xbox One. Eurogamer har fått Gearbox-sjef Randy Pitchford i tale om kvifor dei har ekskludert dei ferskaste konsollane til Sony og Microsoft. I følgje han er det så enkelt som at det er for få spelarar på desse plattformene, enn så lenge:

«Det er ikkje gratis å lage spel. Når vi bestemmer oss for kvar vi skal fordele ressursane våre vel vi fokusere mest mogleg på sjølve spelet. Om du ser føre deg kor mange Borderlands-spelarar som har oppgradert til nye konsollar er det ikkje 100 prosent. Om du derimot tenkjer over kor mange Xbox One- og PlayStation 4-eigarar som har Xbox 360 og PlayStation 3, er forskjellen så liten at det gir ikkje meining.»

Dårleg nytt om du kunne tenkje deg å spele meir Borderlands på konsoll, men er litt ferdig med førre generasjon.

Borderlands 2 til Vita i mai

Slik blir Borderlands 2 på PlayStation Vita.

Hakket betre nyhende kjem i form av at PlayStation Vita tydelegvis har eit meir lukrativt publikum enn PlayStation 4 og Xbox One. Vita-versjonen av Borderlands 2 er stadfesta å kome allereie neste månad. Nokon fastlåst dato har vi derimot ikkje fått enno. Dette får vi vite gjennom PlayStation-bloggen.

Vita-versjonen av Borderlands 2 vil støtte lagring på tvers av PlayStation Vita og PlayStation 3 slik at du kan ta med deg spelet kvar du enn vil. I tillegg vil spelet i likskap med dei tidlegare versjonane støtte samarbeid for fire spelarar.

Ein ekstra bonus kjem i form av seks utvidingar som kjem inkludert med spelet. Desse er: Captain Scarlett and Her Pirate's Booty, Mr. Torgue's Campaign of Carnage, karakterklassane Psycho og Mechromancer såvel som Collector's Edition pack og Ultimate Vault Hunter Upgrade Pack 1.

Vi får tru dei ferskaste Borderlands 2-utvidingane blir gjort tilgjengelege òg.

Les også
Anmeldelse: Borderlands: The Pre-Sequel

Om du ikkje har prøvd Borderlands 2 enno er dette ein gyllen sjanse. Det er eit knakande godt spel.

Kommentarer (6)

Logg inn for å delta i diskusjonen.
Tråd
AltF4
11 år siden

Overraskende nøktern sak om et helt nytt Borderlands-spill! Kan jo nevnes at Claptrap faktisk er en av de fire man kan spille som, og de tre andre er bosser man har møtt tidligere i serien. Dessuten har de nå laget is om til et element, og nå får vi også laservåpen.

LarZen
11 år siden

Er glad jeg har en PC. For det hadde vært totalt uaktuelt å kjøpe dette til PS3 etter å ha hatt PS4 nå i et halvt år.

olefurz
11 år siden

Kan jo nevnes at Claptrap faktisk er en av de fire man kan spille som.

Trodde det var en militær variant av Claptrap, kalt Fragtrap? Ihvertfall ifølge denne:

http://www.gamer.no/artikler/na-triller-ryktene-om-et-nytt-borderlands-spill-ut/158839

Espp
11 år siden

Årets største spillnyhet for meg! Ønsker meg flere detaljer :)

CommanderKeen
11 år siden

Synes det høres rart ut. Handler nok mer om at Gearbox selv ønsker å lage det første Borderlands-spillet til konsoll på egen hånd. Måten de har snakket om BL3 bekreftet vel egentlig det. Uttalelsen blir jo ganske tannløs når de lanserer spillet til Vita. PS4 har vel nå solgt 4 mill på verdensbasis, og alle som har kjøpt så tidlig er jo over gjennomsnittet interessert i spill, og tørster etter gode spill. Husk for eksempel at det første AC-spillet hadde en installasjonsbase på svimlende 70% da det kom i 2007. En tapt mulighet til å profilere serien mener jeg.

Siste fra forsiden