Opnar opp om hatstorm: – Tok oss fullstendig på senga

Red Thread Games har hatt nokre tunge månadar, etter at lanseringa av Dustborn blei møtt med kolossalt mykje hets og hat.

Ragnar Tørnquist er grunnleggar og dagleg leiar av Red Thread Games. 20. august lanserte dei spelet Dustborn.
Red Thread Games

This article is also available in English.

Ragnar Tørnquist er ein av dei fremste profilane i norsk spelbransje. Han har jobba med spel i nærmare 30 år, og elskar jobben sin.

Det er hans fremste lidenskap.

Likevel har lanseringa av Dustborn, det nyaste spelet til Red Thread Games, tvinga han til å seriøst revurdere om spelutvikling er noko å satse på.

Er det verd å leve på denne måten når ein har familie?

Det er blant spørsmåla Tørnquist har stilt seg sjølv. Spelet har nemleg fått enorm merksemd internasjonalt, og stort sett av det uheldige slaget.

Kritikarane har tatt greitt imot Dustborn, men på sosiale medium haglar kritikken. Mange reagerer kraftig på det dei meiner er ein woke-agenda.

Konspirasjonsteoriane florerer.

– Det tok oss fullstendig på senga. Me blei veldig overraska av den ekstreme reaksjonen på lanseringa, og me hadde ingen planar for korleis me skulle møte det, seier Tørnquist til Gamer.no.

Ellevill løgn

Tørnquist har vore ute ei vinternatt før. Han lever på hemmeleg adresse og har skjult nummer, nettopp fordi han veit korleis spelfans kan vere.

Men ingenting kunne førebudd han på det som skulle skje med Dustborn.

Han vil ikkje gå i detaljar på alt han har fått høyre, men det har vore både hets og truslar, hevdar Tørnquist.

– Ein kan lett ignorere det som står på forum, X og liknande. E-post er litt tettare, men det å få tekstmeldingar der nokon skriv at dei håper eg døyr, det er ubehageleg, seier han.

Eit av rykta rundt Dustborn handlar om at Red Thread fekk støtte av den amerikanske staten. Det er feil.
Red Thread Games

Det har dukka opp fleire videoar på YouTube om Tørnquist sjølv. Ein av videoane hevdar at Tørnquist har sagt at han vil drukne babyar.

Det er sjølvsagt reint oppspinn, men Tørnquist syns det er surrealistisk.

– Det bør vere ganske openbert at eg ikkje ønsker at babyar døyr, seier han og ler oppgitt.

– Eg syns det er hårreisande. Det er ingen måte eg kan få fjerna dette på, og det blir ei veldig skadeleg løgn. Eg må berre ignorere dette og håpe at folk er smarte nok til å forstå at det ikkje er sant, seier han.

Tatt ut av alle proporsjonar

På sosiale medium er det mange som drar parallellar mellom Red Thread Games' Dustborn og Firewalk Studios-skytespelet Concord.

På kontoret hos Red Thread i Oslo sit det tolv personar. Firewalk har 165 tilsette og milliardkonsernet Sony i ryggen som utgivar.

– Me er eit knøttlite studio. Difor følast det tatt ut av alle proporsjonar når me opplever så mykje angrep og konspirasjonar. Det tar på.

Målet til Red Thread er å lage historiedrivne spel som skil seg ut i mengda. Dei vil lage noko nyskapande.

Utviklaren har alltid laga spel som er annleis, gjerne med figurar litt utanom det vanlege.

Det betyr også at mange ikkje likar spela deira, og det syns Tørnquist er heilt greitt. Dei har sin nisje.

Spela deira er ikkje for alle.

– Det har vore veldig tøft å stå i dette. Me er vande med at det er mange som ikkje likar spela våre, men me set pris på reflekterte omtalar sjølv om dei er negative. Forskjellen her er at det har vore enormt med negative tilbakemeldingar frå folk som aldri har spelt spelet og heller ikkje kjem til å spele det, dei berre heng seg på desse folka som lagar videoar, seier Tørnquist.

– Klart det er vanskeleg

– Me må ta truslane på alvor, seier Tørnquist.

Ei av dei viktigaste oppgåvene hans som leiar har vore å skjerme medarbeidarane frå det verste.

Før lanseringa prata dei mykje om korleis dei burde unngå å lese sosiale medium, og heller fokusere på det positive.

Dei har prøvd å løfte fram dei gode tilbakemeldingane med kvarandre.

Red Thread opplevde ein del motbør rundt mangfaldet blant figurane i Drømmefall: Kapitler, men det var ein bagatell samanlikna med diskursen rundt Dustborn.
Red Thread Games

– Heldigvis har dei færraste på teamet vore utsett for direkte angrep. Me har gjort det me kan for å støtte dei som har fått personlege henvendingar.

For rundt halvparten av teamet er Dustborn det første møtet med å lage og gi ut eit spel.

– Det er leit å sjå korleis folk snakkar om arbeidet deira og kallar dei inkompetente, late eller seier at dei berre bør slutte å lage spel. Det er klart det er vanskeleg for oss.

Fryktar reaksjonar

– Forventa de debatt for ein del av dei openbert politisk korrekte aspekta av spelet?

– Ja, men me var ikkje ute etter å provosere. Me ville berre lage eit spel med figurar som er annleis. Så trudde me ikkje at det kom til å vere så kontroversielt, at ein gjeng skal slåst mot eit fascistisk regime. Eg trur dei færraste vil leve i ein politistat. Og vårt USA er på ingen måte det reelle Amerika.

Mange spel har fått pepar for å bruke fleire pronomen enn «han» og «ho». Det har også Dustborn.

– Dette med pronomen er blitt relativt etablert i spel, og det veit me folk kan reagere på. Men det var røynda me ville presentere. Me føler ikkje me har laga eit spel som handlar primært om politikk. Det handlar heller mest om språk og forhold mellom menneske.

Red Thread såg allereie i 2020, ved første avdekking av Dustborn, at nokon ville hate spelet. Men dei trudde også at denne gruppa ville ignorere dei.
Red Thread Games

Eit av premissane i Dustborn er at ord har makt, og i spelets kampsystem kan du både «trigge» og «kansellere» motstandarar.

Nokre av dei profesjonelle kritikarane har trekt fram at dette må vere satire, mens internett tar alt langt meir seriøst.

– Så er dette satire?

– Eg trur spelet snakkar for seg sjølv. Det er over the top på mange måtar, det er fargerikt, teikneserieinspirert, har kampsekvensar mot gigantiske robotmaskotar og har eit sarkastisk blikk på verda. Det tar seg ikkje spesielt seriøst, seier Tørnquist, og utdjupar:

– Eg håper folk kan sjå på spelet og forstå at det er ei alternativ verd, noko som også gjeld historia. Spelet kan gjerne vere eit dystopisk spegelbilde av verda, men historia er ikkje skrive for realisme. Det er gjort med humor og overdriving og er sett veldig på spissen.

«Hatflodbølge»

Red Thread er for tida rundt 16 tilsette totalt. Talet har lenge vore stabilt, og det er også eit mål framover.

Dei vil helst halde på den same gjengen. Det skapar økonomisk tryggleik, fordi dei er fleksible om prosjekt fell frå.

– Me er alle veldig glade i kvarandre og likar å jobbe saman.

Etter lanseringa gjekk dei ut med ei melding på sosiale medium, der dei bad folk oppføre seg etter det dei kalla for ei «flodbølge av hat».

Tørnquist oppfattar det som at dette blei latterleggjort. Difor valde dei å teie heilt stilt om spelet, og heller vente på at alt skulle roe seg.

Det har heller ikkje fungert.

– Det verkar som folk vrir på alt me seier med vond vilje. Dei har skapt eit narrativ om at Red Thread er korrupte og lagar propaganda, men faktum er berre at me har laga eit spel me vil snakke om og dele med andre. Det er ikkje for alle, og dei treng heller ikkje spele det.

Ingen flopp

På sosiale medium gjerast det eit stort poeng av at Dustborn er ein flopp, og at ingen speler det.

Det er ikkje slik utviklaren opplever det. Men Red Thread skulle gjerne sett at salstala var høgare.

– Dustborn er ikkje ein flopp. Spelet har fått ein del blanda omtale, men også mykje god omtale. Dei som faktisk speler det, verkar positive. Dustborn sel ikkje så mykje som me skulle ønska, men me er stolte av det og syns det er bra, seier Tørnquist.

– Det er fantastisk givande å jobbe med spel, spesielt med dei kreative og flinke folka hos oss, seier Tørnquist.
Red Thread Games

Det er utgivar Quantic Dream som sit på dei detaljerte salstala, så Tørnquist har ikkje full oversikt sjølv enno. Dette er vanleg for spellanseringar.

– Sjølv om det ikkje er ein suksess frå start, har det seld langt meir enn det folk skriv på nettet, det kan eg seie.

Lønsemd tar år

– Dei interne måla våre for Dustborn er ikkje nådd, men det betyr altså ikkje at det er ein flopp.

Strategien til Red Thread er å ha ei mangfaldig portefølje av spel som sel i mange år. Dustborn er del av dette.

Dei jobbar vidare med oppdateringar på spelet, og lyttar til dei tilbakemeldingane dei kan.

Red Thread er også i gang med heilt andre prosjekt.

– Det kan ta månadar og år før historiedrivne spel som dette finn publikummet sitt, så me er ikkje misfornøgde.

Ingen av spela til Red Thread har vore dei heilt store salssuksessane. Det gjekk årevis før Drømmefall: Kapitler gjekk i pluss.

Tørnquist seier at det er eit stressande liv å vere spelutviklar, og at dei fleste spel til sjuande og sist tapar pengar.

Likevel jobbar dei på, av kjærleik til arbeidet.

Millionstøtte frå staten

Ein stor del av diskusjonen rundt Dustborn har gått på spelets offentlege støtte.

Red Thread har fått 14 millionar kroner frå Norsk filminstitutt (NFI) for utviklinga av spelet, og har også fått rundt 150 000 euro i EU-midlar.

Så fort dei klarar å stå på eigne bein, slik Funcom gjer, vil dei fokusere på å gi tilbake til bransjen.

– Målet er å tene så mykje at me ikkje treng støtta, seier Tørnquist.

Dei aller fleste norske utviklarar av ein viss storleik har ein eller annan gong søkt om støtte frå NFI.

– Støtta har vore viktig for den norske spelbransjen, og dette er jo pengar som går tilbake til økonomien. Ein bygger også opp industrien og kompetansen i bransjen, meiner Tørnquist.

Red Thread har brukt støtta si på kostnadar som løn, leige av lokale og innkjøp av utstyr. Dei aller fleste midlane blir brukt i Noreg, og både Red Thread og dei tilsette betalar sjølvsagt skatt.

Mange andre land har hatt stor suksess med denne typen kulturstøtte til spelbransjen.

– For Dustborn er dette éin del av budsjettet. Utgivaren vår har investert store summar.

Vil skape frykt, meiner utviklaren

Tørnquist opplever at bransjen generelt fryktar korleis spela deira blir tatt imot.

Dette hemmar kreativiteten blant utviklarane, meiner han. Dei siste åras krevjande økonomi gjer det ikkje enklare.

– Ein set spørjeteikn ved val rundt karakterdesign, narrativ, korleis ein ordlegg seg, PR og til og med spelmekanikkar. Det kjem av ein større nervøsitet for kva reaksjonar ein kan få. Men me skal ikkje slutte å vere oss sjølve.

– Etter dette stiller ein spørsmål med alle designavgjerder, og det er ikkje sunt. Men me elskar spel, og eg har gjort dette heile livet mitt. Difor er det så vanskeleg å gå vekk frå dette, seier Tørnquist.
Red Thread Games

– Dette ser ein med mottakinga av stadig fleire spel. Alt blir ein brikke i kulturkrigen. Eg håper me kan kome oss forbi dette, for det er svært uheldig, både for dei som er i bransjen i dag, potensielle nye utviklarar, investorar og utgivarar. Ingen vil bli fanga i ein slik kulturkrigstorm.

– Har mottakinga av Dustborn påverka tilnærminga dykkar til utvikling og bodskapar i historieforteljing framover?

– Det er vanskeleg å seie nei, sjølv om eg gjerne vil. Alle er redde for dei vala ein tar, det trur eg ikkje berre gjeld oss. Alle drøftingane våre om neste spel er farga av dette.

Tørnquist meiner bransjen har blitt meir progressiv, og at det gjerne skapar endå djupare splid med dei meir høglydte røystene på internett.

Verdien av mangfald?

Tørnquist meiner det er flott at ein kan strekkje seg etter mangfald i bransjen. Mangfald har alltid vore sentralt for Red Thread sine spel.

Dei som ikkje er interesserte i det, treng ikkje spele dei spela, meiner han.

– Mangfald er positivt for alle. Spel som Black Myth: Wukong, Mario og Elden Ring vil ikkje slutte å eksistere sjølv om me lanserer Dustborn. Det er rom for både desse og alt imellom – også dei som berre appellerer til eit avgrensa publikum.

– Har debatten rundt Dustborn endra synet ditt på rommet for politiske bodskapar i spel?

– Absolutt ikkje. Nokre spel er rein underhaldning og fokuserer på spelaropplevinga og glede, og det er heilt supert at slike spel finst. Andre spel er ikkje like gøy å spele, men handlar meir om kjenslene du får av å spele dei. Også finst det spel som kan ta for seg meir seriøse tema.

– Spel kan vere mange ting.

Kommentarfeltet er stengt etter beslutning fra Diskusjon.no.

Siste fra forsiden