– Om ti år vil halvparten av spelutviklarane vere kvinner

Lionhead-sjef meiner bransjen er i endring.

Det er ikkje til å legge under ein stol at spelindustrien har vore eit mannsdominert miljø frå starten. Det finnest naturlegvis viktige kvinner i bransjen, som til dømes The Sims-sjef Lucy Bradshaw frå EA, og Gabriel Knight-skapar Jane Jensen, men dei er like fullt for unntak å rekne.

Dette meiner derimot Gary Carr frå Fable-utviklarane Lionhead vil endre seg. Han har snakka med OXM om situasjonen, og har følgjande å seie om situasjonen akkurat no:

«Finnest det ikkje ein statistikk som seier at 55 % av spelarane er jenter? Eg trur handhaldne maskiner og ting som Nintendo DS er veldig tilgjengelege og jenter kanskje blir tiltrekte av marknaden meir no enn i vår tid. Då var det enten ein konsoll eller Amiga eller noko slikt.»

Det neste spelet frå Lionhead blir samarbeidsspelet Fable Legends. Vis mer

Ti år igjen

Vidare fortel han at dei no er i ferd med å få den variasjonen dei vil ha i staben sin, sidan fleire av søkarane no er kvinner. Han fortel òg at han ikkje vil sitje i eit studio med berre mannfolk:

«Eg vil ikkje berre ha menn som lagar spel for menn, eg vil ha menn og kvinner som lagar spel for menn og kvinner. Det må reflekterast i arbeidskrafta, og det er i ferd med å skje. Om fem til ti år trur eg situasjonen vil vere omlag 50-50.»

Kvinnene sin plass i spelindustrien har framleis eit godt stykke igjen. Under utviklinga av storspelet The Last of Us måtte til dømes Naughty Dog insistere på å få bruke kvinnelege testarar sidan slike jobbar stort sett går til menn.

Les også: Microsoft avduker Fable Legends Les også: Sniktitt: Beyond: Two Souls

Ledige stillinger
Erfarne Data Engineers
Søknadsfrist:
Løpende
Bruktbilselger
Søknadsfrist:
Løpende
Selger (30-70%)
Søknadsfrist:
Løpende
Selger (22%)
Søknadsfrist:
Løpende
Tekniker på Livredningsutstyr
Søknadsfrist:
Løpende
Produktingeniør
Søknadsfrist:
Løpende
DevOps Engineer
Søknadsfrist:
Løpende
BPA assistent
Søknadsfrist:
Løpende
Prosjektleder
Søknadsfrist:
Løpende
Bilmekaniker
Søknadsfrist:
Løpende
Head of Workshop
Søknadsfrist:
Løpende
Servicerådgiver
Søknadsfrist:
Løpende
BPA assistent
Søknadsfrist:
20.03.2025
Systems Consultant – Virtualization
Søknadsfrist:
Løpende
Bilselger
Søknadsfrist:
Løpende
Restaurantmedarbeidere
Søknadsfrist:
Løpende
Data Platform Developer
Søknadsfrist:
Løpende
Forsikringsrådgiver
Søknadsfrist:
Løpende
BPA assistent
Søknadsfrist:
Løpende
Salgskonsulent
Søknadsfrist:
Løpende
Nybilselger
Søknadsfrist:
Løpende
Produksjonsmedarbeider / Tekniker
Søknadsfrist:
Løpende
Automasjon commission Engineers / Teknikere
Søknadsfrist:
Løpende
Lead Mainframe Specialist – zHardware Systems (HMC/HCD)
Søknadsfrist:
Løpende
Erfarne utviklere
Søknadsfrist:
Løpende
Forsikringsrådgiver
Søknadsfrist:
Løpende
Funksjonsassistent
Søknadsfrist:
Løpende
Erfarne Data Engineers
Søknadsfrist:
Løpende
Bruktbilselger
Søknadsfrist:
Løpende
Selger (30-70%)
Søknadsfrist:
Løpende
Selger (22%)
Søknadsfrist:
Løpende
Tekniker på Livredningsutstyr
Søknadsfrist:
Løpende
Produktingeniør
Søknadsfrist:
Løpende
DevOps Engineer
Søknadsfrist:
Løpende
BPA assistent
Søknadsfrist:
Løpende
Henter kommentarer ...

Siste fra forsiden