Nytt Warhammer-spel tar opp kampen mot DOTA

I Dark Nexus Arena møtest romsoldatar og orkar til hensynslause kampar.

Den lagbaserte moba-sjangeren der folk møtest til hektiske kampar har blitt enorm dei siste åra. Med store summar involvert er det ikkje rart at så mange som mogleg vil ha sin bit av kaka. Dei siste som hiv seg på bølgja er Games Workshop. Dei har hyra inn ferske Whitebox Interactive for å lage eit moba-spel i Warhammer 40,000-universet.

Spelet har fått namnet Warhammer 40,000: Dark Nexus Arena, og blir altså eit lagbasert actionspel. Det som kanskje gjer det heile ekstra interessant er at kontrollsystemet vil vere stikkebasert. Det betyr at du styrer krigaren din med ei stikke, og skyt med den andre.

Actionfylt samarbeid

I Dark Nexus Arena vil lag på fire spelarar møte kvarandre, og du vil kunne velje mellom ei rekke krigarar som er enten Space Marine, Ork eller Tau. Dark Nexus Arena er ikkje speleklart heile enno, men vil lanserast gjennom Steam Early Access i løpet av årets andre kvartal. Om du skulle ha lyst til å bli med, kan du skrive deg opp på spelets nettstad.

Dark Nexus Arena er ikkje det einaste Warhammer-spelet som skal lanserast seinare i år. For kort tid tilbake kunngjort svenske Fatshark at dei er i gong med utviklinga av Warhammer: The End Times – Vermintide, eit Left 4 Dead-inspirert actionspel i Warhammer-universet.

Vermintide baserer seg på den mørke fantasy-versjonen av Warhammer, og din viktigaste jobb blir å finne nokre vener du kan slakte rottevesna skaven saman med.

Ledige stillinger

Kommentarer (2)

Logg inn for å delta i diskusjonen.
Tråd
Puro
10 år siden

De kan jo ikke være seriøse om de skal lage et dota-lignende spill til PC, med håndkontroll-basert styring, det kan jeg si her og nå at det kommer til å floppe mega-kolossalt.

Good try though, good try.

 

moba, CS er også moba, men det er ikke moba, ræva sjanger.

saladin waits for alice
10 år siden

Så lenge det ikke koster noe å prøve det ut, så er jeg med.

Siste fra forsiden