GDDR7

Nytt videominne kan gi over 30 prosent raskare spelyting

Neste generasjon videominne vil bli kraftigare, meir energieffektivt og by på langt større bandbreidde.

Arkivfoto av MSI RTX 4080 Suprim X.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Det amerikanske selskapet Micron, som blant anna lagar minnemodular, trur at GDDR7-minne vil gi betydeleg raskare yting for komande skjermkort.

Neste generasjon skjermkort får sannsynlegvis GDDR7-videominne.

– Det er forventa at GDDR7 vil gi meir enn 30 prosent auke i biletefrekvens for både strålesporing og rasterisering, skriv Micron i ei pressemelding.

Micron samanliknar med dagens GDDR6 og GDDR6X-minne.

Dei opplyser ikkje kva slags testar dei har køyrt, ut over at dei hevdar endringane gjeld både 1080p, 1440p og 4K, så dette må ein sjølvsagt ta med ei klype salt.

Nvida, AMD og Intel har nye skjermkort på veg. Dei kjem nok enten til hausten eller utpå nyåret, men me har framleis ikkje fått noko handfast informasjon om spesifikasjonane.

Difor veit me heller ikkje om dei nye skjermkorta klarar å utnytte GDDR7-minnemodulane fullt ut.

Siste fra forsiden