Etter at det blei lansert i 1999 blei EverQuest raskt eit av dei første massive onlinespela som verkeleg nådde ut til massane. Formelen spelet skapte har vore utgangspunkt for svært mange massive onlinespel i åra etter.
Ein av sjefsdesignerane på EverQuest var Brad McQuaid. Etter å ha vore med på å byggje dette spelet grunnla han Sigil Games i 2002, der han var med på å utvikle Vanguard: Saga of Heroes. No er han klar for å prøve seg på noko nytt igjen. Saman med utviklarar som har vore med på å utvikle spel som EverQuest, EverQuest 2, Vanguard og Defiance, har han starta opp Visionary Realms, og deira første prosjekt blir det Kickstarter-finansierte MMO-et Pantheon: Rise of the Fallen.
Vil by på solid utfordring
Om Visionary Realms klarar å skarpe i hop dei 800 000 dollarane dei ber om i Kickstarter-kampanjen sin vil dei lage eit spel for spesielt interesserte. Dei vil ikkje lage eit spel som gjer alt for alle, men i staden eit svært utfordrande spel der stor risiko medfører stor løn.
Pantheon vil ha eit stort fokus på grupper, og at spelarane må samarbeide for å kome seg gjennom utfordringane. Samtidig skriv utviklarane på Kickstarter-sida at den største gleda kjem saman med andre.
Vi blir lova eit kampsystem der du aktivt vil kunne lese fiendane. Med dette i tankane vil du kunne parrere, blokkere og vike unna angrep, før du naturlegvis slår tilbake. For spelarane vil det bli viktig å førebu seg. Før du går inn i eit område er det viktig å sørge for at du har valt ut riktig magi eller eigenskapar, slik at du ikkje brått står der klar for kamp mot noko heilt anna enn det du møter.
Pantheon: Rise of the Fallen har i løpet av sin første dag på Kickstarter samla inn snaue 50 000 dollar. Dei har 39 dagar på seg for å samle inn dei resterande 750 000 dollarane. Om dei klatrar over minstesummen vil dei inkludere nye rasar, område, hus for spelarane, samt moglegheita for å lage eige utstyr.
Er du nysgjerrig på korleis andre Kickstarter-prosjekt har enda opp? Då kan du ta ein kikk på våre tankar om ferske The Banner Saga, samt den første delen av Broken Sword 5: The Serpent's Curse.