Ny PlayStation-modell på veg

PlayStation 5 Slim kjem snart.

Sony

Rykta om ein mindre og slankare PlayStation 5 har versert i ei stund, og tysdag stadfesta Sony at PlayStation 5 Slim kjem snart.

Den oppdaterte spelkonsollen kjem til amerikanske butikkhyller i november, og blir lansert i resten av verda dei «komande månadane», skriv Sony i eit blogginnlegg.

Det ser ikkje ut som Sony endrar på maskinvara, men konsollen blir fysisk mindre. Sony skriv at konsollen blir 30 prosent mindre, og 18 og 24 prosent lettare alt etter kva modell ein har hatt.

Slim-versjonen kan kjøpast med og utan diskdrev for 4K Blu Ray. Begge får 1 TB med lagringsplass.

Nytt denne gongen er at digital-utgåva, utan diskdrev, kan utvidast med diskdrev etterpå.

I Europa vil Sony ha 550 euro for versjonen med diskdrev, og 450 euro for versjonen utan. Det separate diskdrevet vil koste 120 euro.

Den nye versjonen vil etter kvart erstatte dagens PlayStation 5. Det skjer når lageret av dagens versjon er tomt, skriv Sony.

Dette er spesifikasjonane til dei nye konsollane:

PlayStation 5 Slim med diskdrev

External dimensions(excluding projecting parts)Approx. 358 × 96 × 216 mm(width × height × depth)
MassApprox. 3.2 kg
CPUx86-64-AMD Ryzen “Zen 2”
8 Cores / 16 Threads
Variable frequency, up to 3.5 GHz
GPUAMD Radeon™ RDNA 2-based graphics engine
Ray Tracing Acceleration
Variable frequency, up to 2.23 GHz (10.3 TFLOPS)
System MemoryGDDR6 16GB
448GB/s Bandwidth
SSD1TB
5.5GB/s Read Bandwidth (Raw)
PS5 Game DiscUltra HD Blu-ray™, up to 100GB/disc
BD/DVD driveDisc Drive portequipped with Disc Drive
Video OutSupport of 4K 120Hz TVs, 8K TVs, VRR (specified by HDMI ver.2.1)
Audio“Tempest” 3D AudioTech
Input/OutputFront of ConsoleUSB Type-C® port (Super-Speed USB 10Gbps)
USB Type-C® port (Hi-Speed USB)
Input/OutputBack of ConsoleUSB Type-A port (Super-Speed USB 10Gbps) x2
NetworkingEthernet (10BASE-T, 100BASE-TX, 1000BASE-T)Wi-fi: IEEE 802.11 a/b/g/n/ac/ax

PlayStation 5 Digital Edition

External dimensions(excluding projecting parts)Approx. 358 × 80 × 216 mm(width × height × depth)
MassApprox. 2.6 kg
CPUx86-64-AMD Ryzen™ “Zen 2”
8 Cores / 16 Threads
Variable frequency, up to 3.5 GHz
GPUAMD Radeon™ RDNA 2-based graphics engine
Ray Tracing Acceleration
Variable frequency, up to 2.23 GHz (10.3 TFLOPS)
System MemoryGDDR6 16GB
448GB/s Bandwidth
SSD1TB
5.5GB/s Read Bandwidth (Raw)
PS5 Game DiscUltra HD Blu-ray™, up to 100GB/disc
BD/DVD driveDisc Drive port
Video OutSupport of 4K 120Hz TVs, 8K TVs, VRR (specified by HDMI ver.2.1)
Audio“Tempest” 3D AudioTech
Input/OutputFront of ConsoleUSB Type-C® port (Super-Speed USB 10Gbps)
USB Type-C® port (Hi-Speed USB)
Input/OutputBack of ConsoleUSB Type-A port (Super-Speed USB 10Gbps) x2
NetworkingEthernet (10BASE-T, 100BASE-TX, 1000BASE-T)Wi-fi: IEEE 802.11 a/b/g/n/ac/ax

Siste fra forsiden