Nvidia sin KI-drivne grafikkteknologi, DLSS («Deep Learning Super Sampling»), har blitt gradvis betre sidan lanseringa i 2019.
Konkurrentane sine oppskaleringsteknikkar, AMDs FSR og Intels XeSS, har førebels ikkje klart å nå heilt det same nivået.
No annonserer Nvidia i ei pressemelding at dei tar oppskaleringsteknikken eitt steg vidare, og lanserer DLSS 3.5.
Den nye versjonen får ein funksjon som dei kallar strålerekonstruering, som skal gjere DLSS endå betre på strålesporing enn før.Forbetringa kjem som følge av at det kunstige nevrale nettverket har blitt trent opp vidare av superdatamaskinar.
Lite konkret
Det er vanskeleg å seie kva betydning dette får når det kjem til visuell kvalitet og yting, men Nvidia skal demonstrere teknikken på Gamescom frå onsdag av.
Assisterande marknadssjef i Nvidia, Matt Wuebbling, går svulstig ut.
– DLSS 3.5 gir utviklarane hjelp til å forbetre verdene dei skapar med å auke biletekvalitet meir enn ein har trudd har vore mogleg, seier Wuebbling.
Kjem i haust
Siste generasjon DLSS er det som kjend berre RTX 4000-serien som kan bruke.
DLSS 3.5 kjem først saman med Cyberpunk 2077 sin komande utviding, Phantom Liberty. Det kjem seinare til Alan Wake 2 og Portal RTX.
Haustens aller største spel, Starfield, ser derimot ikkje ut til å få støtte for DLSS i det heile.