Nattracing i neste Need for Speed

Årets utgåve droppar undertittel og byr på ny giv for serien.

I over 20 år har Need for Speed vore ein av dei mest kjende racingseriane i spelverda. I fjor fekk vi ikkje eit Need for Speed-spel å ta tak i, men i år er EA tilbake med eit flunkande nytt spel dei hevdar vil levere nøyaktig det fansen vil ha. Det får vi vite i ei rykande fersk pressemelding.

Årets Need for Speed vil bli ein ny start for serien, og såleis har EA og utviklarane hos svenske Ghost Games droppa undertittelen. Spelet har i staden fått det enkle og greie namnet Need for Speed.

Eit spel for nattdyr

Need for Speed lovar meir fart og moro til hausten. Vis mer

Detaljane om det nye spelet er få akkurat no, i påvente av ei full avduking under EAs E3-pressekonferanse 15. juni. Vi har likevel fått nokre enkle stikkord å leve på fram til då. EA fortel spelet vil la oss skru våre eigne bilar medan det byr på autentisk urban kultur, ei oppslukande verd, samt ei opa verd der du spelar om natta.

Svenske Ghost Games stod òg bak utviklinga av Need for Speed Rivals frå 2013. Det spelet leverte ikkje heilt det vi hadde håpa på.

Medan vi ventar på den fulle avdukinga 15. juni har vi fått ein kort trailer å studere som viser rask køyring gjennom diverse bymiljø. Vi blir fortalt at traileren utelukkande viser scener fanga frå spelets motor. For EAs del får vi håpe det stemmer. Spel som ikkje leverer den grafikken vi blir lova kan raskt møte ublide reaksjonar, noko The Witcher 3-lanseringa er eit godt døme på.

Kommentarer (25)

Logg inn for å delta i diskusjonen.
Tråd
Gjest Slettet+513
10 år siden

Hva? bedre grafikk enn gta v.

007CD
10 år siden

Niks! Dette er grafikk du ikke vil se når release dagen kommer akkurat som en god del av de andre trailerne til EA i det siste.

 

Kjipe er at de har droppet under tittel, de vil da "forurense" søk etter gamle Need For Speed 1.

Kindleguy
10 år siden

Oppfølgjar blir då "Rise of the Need for Speed". ;-)

Demon_Hunter
10 år siden

Uff håper så veldig at dette blir noe i nærheten av underground, men man vet ikke når det gjelder EA.

Dore123m
10 år siden

Blir det halvparten av hvor godt Underground var spesielt 2ern, er det kjøp fra min sin side iallefall. 

Siste fra forsiden