Sniktitt

Nowhere

Mystisk grøss i norske skogar

Nowhere sender oss på ei stemningsfull jakt etter sakna turistar og gamle gudar.

I Nowhere tek du på deg rolla som ein etterforksar stranda i norske skogar. Kva du er på leit etter er ikkje heilt sikkert, men det første du finn er informasjon om fire saknar unge kvinner og menn, det neste du finn er ein campingbil, og herifrå går turen ut i den dystre skogen.

Formelen er enkel. Du vandrar rundt og ser rundt deg, på jakt etter noko som kan vekke interesse. Strødd rundt i landskapet finn du etter kvart delar av det du leitar etter. Små notat skrivne av dei sakna turistane, polaroidbilete med mystiske notat på baksida som hintar om at ulike stadar i skogen kan vere av spesiell interesse.

Ein etter ein finn du bitane av eit puslespel viss endelege form du ikkje kjenner. Om eit jag etter god stemning, og eit temperament som seier det er greit å ta ting sakte, kan Nowhere vere verdt å kike litt på.

Nowhere byr på fine skogar fulle av stemning.
Øystein Furevik/Gamer.no

Blåtimen

For å vere eit indiespel frå ein einsleg utviklar er Nowhere eit visuelt imponerande stykke arbeide. Dei norske skogane kjem verkeleg til live her, med blåleg dis som skjuler trea i det fjerne, og steinar og trestammar dekte i tjukk, overbevisande mose ein nesten får lyst til å ta tak i og klemme på, berre for å kjenne den mjuke, våte substansen. Eg har vandra nok i norske skogar til å kjenne meg rimeleg godt igjen her.

Spelet er absolutt vakkert, og skogen blir ein karakter i seg sjølv, men akkurat no er spelet veldig krevjande. Det var utruleg tungt å spele, med mykje etterslep og trege rørsler. Eg måtte skru ned det visuelle nivået nokon grundige hakk for at ting skulle gå som smurt, og det skjer ikkje ofte. Det gjer òg litt vondt i sjela å gjere justeringar som fjernar mange av dei små detaljane som skapar den gode opplevinga.

For det er stemninga som er hovudingrediensen i dei timane eg har spelt Nowhere. Tjukke skogar med dyster musikk og lydar som bakteppe skapar ei herleg og tung atmosfære. Om du likar spel der du vandrar rundt på jakt etter spor i eit tempo som er ditt eige, lovar Nowhere bra.

Etterforsking og skrekk

Du får ikkje mykje hjelp i Nowhere. Du vandrar rundt, studerer området, leitar etter noko som kan peike deg i ein vidare retning, og held fram. Små notat gir deg delar av ei historie, hint om kvar du kan gå, og eit kart som viser kvar områda du har oppdaga ligg i forhold til kvarande, men ikkje i forhold til deg. Eg likar når utviklarar ikkje føler dei må mate oss med teskei.

Dette lovar jo veldig bra.
Øystein Furevik/Gamer.no

Spelet ser ut til å vere laga med tanke på å gje deg minst mogleg å halde styr på, og har enkle kontrollar. Eg skulle gjerne hatt ein hakket betre og meir oversiktleg journal, og kontrollane kunne med fordel vore meir responsive, men utviklaren jobbar stadig med spelet, og i dei dagane eg har hatt det, har fleire kritiske område allereie endra seg til det betre.

Du vandrar gjennom skogar, langs stiar, finn veldige runesteinar, og ein vikinglandsby som ser ut som om den var i bruk for berre dagar sidan. Norrøne element glir gradvis meir og meir fram, og det blir tidleg tydeleg at dette er eit spel som handlar om meir enn berre nokre turistar som ikkje førebudde seg godt nok på villmarka. Spesielt når ein finn det som mest av alt ser ut som åstaden for regelmessige blot.

Brått har ein gått seg vill, og veit ikkje heilt kvar ein er før ein brått finn noko nytt, leitar seg fram på kvartet til sånn omlag kvar ein då må vere, og held fram.

Det med å gå seg vill viser seg raskt å vere ein viktig del av spelet, og her kan spelets grøssarelement kome i spel. Brått blir alt raudt, lyden bli dramatisk og skummelmed horn som gjallar i det fjerne, og ein berre veit at no skjer det noko. Det er lett å få litt puls i slike situasjonar, spesielt sidan ingenting ser ut til å gjere seg til kjenne, før det brått er oppe i deg og du har nådd vegs ende.

I det fjerne kan ein av og til skimte noko av interesse.
Øystein Furevik/Gamer.no

Konklusjon

Nowhere er eit interessant konsept. Det er ikkje eit spel som vil tilby deg mykje om du treng eit solid adrenalinkick med jamne mellomrom, men om du har tolmodet til å vandre i eit aude landskap på jakt etter spor, er det gode mengder potensiale å finne i Nowhere. Stemninga er i alle fall på plass, det som gjenstår no er å få inn fleire gode utfordringar og mysterium spelaren kan bryne seg på.

Spelet har openbert eit stykke igjen, noko ein manglande lanseringsdato er medvitne til, men det blir spanande å sjå korleis Nowhere utviklar seg, og om det ferdige spelet kan by på meir av den gode stemninga til demoen.

I mellomtida kan du få prøve spelet sjølv med ein Steam-demo lansert 15. august.

Siste fra forsiden