Metro-serien får ein ny oppfølgjar

Sjå Metro Exodus-traileren.

Det er nokre år sidan me har sett noko frå den ukrainske utviklaren 4A Games, og det fantastiske postapokalyptiske universet deira, Metro. Spelserien byggjer på ein roman frå Dmitry Glukhovsky, som blei adaptert til spelet Metro 2033 i 2010.

Etter Metro: Last Light kom i 2013, har me berre fått ein remaster av spela, elles har det vore lite anna aktivitet frå 4A Games. Dei er no tilbake for fullt med det tredje spelet i serien, Metro Exodus, som blei vist fram på Microsoft sin E3-konferanse søndag kveld.

Tilbake til dommedags-Russland

Den nye traileren tar oss tilbake til det postapokalyptiske Russland, med den same «gjer-det-sjølv»-hagla. Me får sjå ein dyster vinterby, ein mørk tunnell med rotne lik, giftige gassar og muterte monster, og den gode, gamle gassmaska. Stemninga frå dei første spela er tilbake, og med enno betre grafikk denne gongen. Det opne landskapet i slutten av filmsnutten verkar å vere mykje større enn det me har sett i dei to første spela, så me får moglegvis sjå ein open verden i Metro Exodus. Nettstaden metrothegame.com skildrar spelet som ikkje-lineært, med ei forteljing som tar plass over eit heilt år med vår, haust, sumar og vinter. Forteljinga følgjer protagonisten Artyom, som er hovudperson i begge spela og bøkene.

Teknisk sett er Metro-serien notorisk krevjande å køyre, på grunn av avanserte skuggeteknikkar og særs detaljerte partikkeleffektar. Dette har blitt skrudd til eit heilt nytt nivå i den nye traileren, og køyrer til og med i full 4K på Xbox One X.

Spelet kjem til Xbox One og Windows 10-PCar i 2018, med full støtte for High Dynamic Range.

Sjekk alle E3-nyheitene her »

Kommentarer (2)

Logg inn for å delta i diskusjonen.
Tråd
Simen M
8 år siden

Blir spennende å se hvor mye av Metro-sjela de klarer å bevare i denne.

Zimon
8 år siden

Traileren gir meg endel av sjelen i det minste, spilte igjennom 2033 og 2034 redeux for ikke lenge siden og like det. Selv om åpen verden er annerledes så kan det bety noe positivt for serien, for det var endel ting som jeg ikke var så fan av på de to forrige. Litt for linjert plott, men de to var bra allikevel. Men litt mer frihet til å velge valg av rute, og hvordan man ønsker å gå fremover. Noen liker mer action rett frem skyt slåss, andre vil kanskje snike eller snikskyte på avstand. Så litt mer frihet til spillestill blant annet vil gjøre godt etter min mening.

Siste fra forsiden