Metro-serien har gått rett heim hos mang ein spelar. Skytespela utspelar seg i Russland så og seie etter at verda har gått under, og du må kjempe mot mutantar og andre beist for å redde dei restane av verda som er igjen.
Det førebels siste spelet i serien – Metro: Last Light – blei lansert for Windows, Xbox 360 og PlayStation 3 i mai, men no får vi vite via VG247 at spelet er på veg til Linux og Mac. Lanseringa bli 10. september.
Fullstappa versjonar
Om du kjøper spelet på Linux eller Mac vil du få tilgang på dei same utvidingane som dei andre versjonane har fått, enkeltståande eller via eit sesongpass. Framtidige utvidingar vil dukke opp på Linux og Mac samtidig med dei andre versjonane.
Hos oss fekk Windows-versjonen av Metro: Last Light svært god mottaking, og saftige åtte poeng:
«Metro: Last Light er eit spanande eventyr som ved sida av å tilby eit truverdig univers og ei rekke dystre skjebnar har fenomenalt driv og flotte snikeelement. Atomkrigens Russland er eit dystopisk samfunn der monster og bandittar rådar, men samtidig er det noko paradoksalt vakkert som bergtar deg når du reiser ut på ferd gjennom audemarka.»
Les også: Tøffingmodus i Metro: Last Light låses til førsteoppdraget Les også: Intervju: – Spill er ikke bare action for dumme tenåringer