Før eller sidan vil ei rekke nye konsollar ramle inn over landegrensene. Til hausten slepp Nintendo si flunkande nye maskin Wii U på marknaden, og håpar nok på ein reprise av den massive suksessen dei fekk med Wii.
Det har vore langt stillare frå Microsoft og Sony. Det er likevel ingen tvil om at begge jobbar hardt for å slå konkurransen. I den anledning høyrer vi om fleire og fleire utviklarstudio som rustar opp staben for å møte dei nye utfordringane heftigare maskinvare fører med seg.
Vi har allereie høyrt om polske CD Project som er i gong med to nye prosjekt. Litt lenger nord på kontinentet sit svenskane i Malmö-studioet Ubisoft Massive og leitar etter flinke folk. Kva dei jobbar med er ikkje kjent, men i følgje VG247 leitar dei etter ein programmerar som skal arbeide med nettfunksjonalitet for eit spel til neste generasjon.
Her heime er nok Ubisoft Massive best kjende for dei kritikarrosa strategispela Ground Control og World in Conflict. Etter at Ubisoft kjøpte opp utviklaren har dei derimot via tida si til å bistå i utviklinga av andre Ubisoft-prosjekt. Sist stod dei for Desmond's Journey-delen av Assassin's Creed: Revelations. I tillegg til det nye prosjektet har dei ansvaret for fleirspelardelen i Far Cry 3, som kjem i sal 6. september.
Les også: Alan Wake-studio igang med nytt prosjekt Les også: Nok et Hitman-spill på vei