Capcom er ein av dei få store utviklarane for tida som ved sidan av å levere monsterspel i etablerte seriar med digre budsjett, likevel tør ta sjansen på mindre og meir eksentriske produksjonar. I fjor fekk vi til dømes Exoprimal, eit kaotisk og engasjerande actionspel der du skulle skyte floder av dinosaurar medan du konkurrerte mot eit anna lag.
I år serverer dei Kunitsu-Gami: Path of the Goddess, eit spel der dei blandar klassisk sverdaction med tårnforsvar og ein ørliten knert med bybygging.
Til kamp mot alt
I rolla som den mystiske og maskerte krigaren Soh blir det din jobb å beskytte preinsessa Yoshiro som legg ut på ei farleg ferd for å reinse fjellet frå korrupt øydelegging og andeleg råte. Innbyggjarane i fjellet har forsynt seg grovt, tatt alt dei kunne og såleis gjort rom for sjukdomen som no trugar med å ete opp alt. Det er ei historie som blir fortalt meir gjennom det du ser medan du spelar, og lite gjennom ei direkte forteljing. Historia står ikkje i sentrum her.
Spelet er delt hovudsakleg i to delar; natt og dag. Om dagen er du trygg, då kan du vandre rundt og gjere dine førebuingar, men om natta kjem monstra fram, og då må du passe på at Yoshiro kjem seg trygt mot målet. Du startar på toppen av eit fjell, og reiser nedover medan du tek turen innom fleire små landsbyar som alle må reinsast frå vondskapen. Kvar slik landsby er eit eige nivå, og når Yoshiro har gjort sin jobb kan du bygge opp igjen desse landsbyane for å få både ressursar og samleting som let deg vite meir om verda.
Kvart nivå startar ved dagry, og du må bruke tida for det den er verd. Du må fjerne vondskap, redde innbyggjarar slik at dei kan bli med deg og velje ut kva av dei ulike forsvarsverkene du vil prioritere å bygge opp før natta fell på. Samstundes må du passe på at Yoshiro kjem seg mot målet. Ho dansar sakte, sakte av garde langs ei fastlåst rute, og det er din jobb å samle inn nok ressursar til at ho i det heile kan gå nokon veg, samt passe på at ho før natta fell på står på ein fornuftig plass.
Når mørkret senkar seg
Når mørkret først senkar seg bryt helvete laus. Då kjem flokkar av monster gjennom Torii-portar og tek seg fram med Yoshiro som mål. Desse monstera er spelets absolutt høgdepunkt. Dei er fabelaktig motbydelege. Designpaletten til dette spelet er prega av altfor mange fingrar, inntørka kroppsdelar, ribbein i alle vinklar og store nebb der hovuda burde vere.
Det er mykje rart å sjå på, men fiendane er heldigvis like ulike i oppførsel som dei er i utsjånad, og det tvingar deg til å heile tida prøve ut nye ting, nye kombinasjonar av eigenskapar og spesialtriks. Du får heile tida nye ting å prøve, og å teste arsenalet er ein viktig del av spelet.
Det er likevel ein heilt annan del av spelet som får like mykje å seie for korleis du gjennomfører dei mange nivåa. Om dagen reddar du folk ut av kokongar, og om natta kan desse hjelpe deg med å kjempe mot monstera. I starten kan du setje dei til å vere tømrarar eller bogeskytarar som angrip det som måtte kome innanfor deira radius, men etter kvart opnar det seg opp ein haug med meir spesialiserte jobbar.
Vi finn til dømes skyttaren med si rifle som rekk langt, vi har karen med kanonen som sprer fyrverkeri over eit område, ninjaen som kan springe over heile kartet, asketen som han sakke ned fiendar og ein allmektig trollmann som gitt nok tid kan kverke alt av fiendar på heile kartet.
Det er mykje å velje i, og om du gjer det godt i kampen mot mørkret vil du samle inn ressursane du treng for å oppgradere alle desse ulike klassane. Du skal jobbe hardt for å kunne låse opp alle, men det er heller ikkje naudsynt, all den tid du når som helst kan angre deg og få tilbake alle poeng slik at du kan bruke dei på noko anna.
Fungerer det?
Kombinasjonen av alle dei ulike elementa Kunitsu-Gami er samansett av skapar eit veldig engasjerande spel som bør treffe både for dei som elskar tårnforsvar, men og dei som likar tradisjonelle japanske actionspel slik dei gjerne var før Dark Souls kom og fekk alle til å tru at alt med sverd meir eller mindre måtte følgje same formel.
Her er det kjapp action, spesialangrep, pluss eit konstant fokus på å få medhjelparane dine til å gjere ein mest mogleg effektiv jobb. Kva type krigarar treng du, og kvar er det best å setje dei? Mange val blir tatt i kampens hete, og det gjev spelet ein skikkeleg god driv som gjer at ein lett spelar nivåa om igjen for å låse opp alt som er å låse opp.
Det er ikkje eit langt spel og kan rundast på ein stad nær 15 timar, men som alle gode tårnforsvarspel er det eit spel som inviterer til meirspeling. Når du er i mål kan du i tillegg starte New Game+ som gjev deg enda meir å strekke deg mot. Fleire fiendar, og verre fiendar kjem gjennom Tori-portane, og spelet stiller hardare krav til den som ynskjer å låse opp alt.
Konklusjon
Eg er redd Kunitsu-Gami: Path of the Goddess er eit av desse spela som vil gli litt under radaren. Det har ikkje sett den største PR-kampanjen i nyare tid, og det dukkar opp på ei tid av året der det kan vere litt vanskeleg å verkeleg bli sett.
Spelet er likevel eit uhyre engasjerande spel som er bygd på ein vinnande formel. Du spelar gjennom nivå, låser opp nye ting som lar deg utvikle deg eit hakk vidare før neste nivå og kanskje inviterer deg til å prøve nokre av dei tidlegare om att for å få betre utteljing.
Ein kjem heller ikkje utanom at dette spelet har ein lekker kombinasjon av lyd og bilete. Kunitsu-Gami er stemningsfullt og annleis, og vel verdt å sjekke ut for alle som saknar nye innspel på tårnforsvarfronten.
Kunitsu-Gami: Path of the Goddess lanserast på PlayStation 4, PlayStation 5, Xbox One, Xbox Series X (testa) og Windows 19. juli.