Oppfølgjaren til den klassiske trilogien Mass Effect kjem allereie i mars, og no har me fått nokre fleire detaljar om sjølve spelet. Det viser seg at dei som ønskjer å spele Mass Effect: Andromeda på enten PlayStation 4 eller Xbox One er naudsynt til å takle ein biletefrekvens på 30.
Visepresident hos BioWare, Aaryn Flynn, fortel på spelforumet NeoGaf at spelet vil – som andre spel på Frostbite-moroten – køyre i 1600x900 oppløysing med biletefrekvens på 30 på Xbox One, og 1080p30 på PlayStation 4. PC-versjonen er den einaste med ulåst biletefrekvens. Sjølv filmsekvensane blir ulåste på PC, som vanlegvis blir avgrensa til 30 i spel.
Checkerboarding på PlayStation 4 Pro
Dei som har oppgradert til den nye PlayStation 4-konsollen får meske seg med oppskalering til 3200x1800 ved såkalla «checkerboard rendering», som er 4 gongar fleire piksel enn i Xbox One-versjonen. Det betyr òg at PC er den einaste sjansen til å oppleve Mass Effect: Andromeda i fullverdig Ultra HD eller høgare.
Etter spørsmål på Twitter, kunne Aaryn Flynn fortelje at det ikkje blir noko sesongpass til Mass Effect: Andromeda. Han seier også at dei som følgjer tenesta Origin Access får tilgang til spelet i forkant av den offisielle sleppdatoen.
Lyst til å spele gjennom serien før Andromeda? Mass Effect 2 er no gratis på Origin »