Ein mann i 30-åra frå Rogaland er dømt til 36 dagar samfunnsstraff etter å ha lurt seks personar gjennom Finn.no og Tise.
Det var i 2023 bedrageriet skjedde.
Mannen selde ein PlayStation 5 til fem ulike personar. Ingen av dei fekk produktet. Fire av dei skulle betale 3500 kroner, mens ein femte betalte 4129 kroner for konsollen.
30-åringen selde også ein trommemaskin for 3650 kroner til ein sjette person. Den kom heller aldri fram.
Gjerningsmannen nekta ikkje for tiltalepunkta, men erkjente ikkje straffskuld. Det forklarte han med at han ikkje hugsa noko.
30-åringen har slite med rus. Han har visstnok ein heilt annan livssituasjon i dag enn i 2023.
Tingretten valde å gi mannen samfunnsstraff. Han må sone 36 timar samfunnsstraff og betale tilbake pengesummane han tok frå dei seks offera.
Mannens forsvarar stadfestar at dei ikkje kjem til å anke dommen.