Lang fengselsstraff etter grove valdtekter mot barn

Ein mann med koplingar til norsk e-sport valdtok ein 12-åring og la ho ut for sal på sosiale medium.

17. desember blei ein mann i 20-åra dømt til åtte år og ti månadar fengsel i Trøndelag tingrett.

Mannen har tidlegare vore aktiv i den norske e-sportscenen. Dei grove lovbrota skjedde etter dette.

Mannen innrømte seksuelle overgrep mot mot fleire mindreårige jenter. Den yngste jenta var tolv år. Mannen var klar over alderen hennar.

Frivillige seksuelle handlingar overfor barn under 14 reknast som valdtekt, og mannen skal ha hatt gjentatte samleie med 12-åringen.

Etter mannen valdtok henne, overtalte han 12-åringen til å prøve å selge sex til andre. Mannen skulle ta halvparten av betalinga.

NRK og Adresseavisa omtalte saka først.

Millionbeløp i erstatning

Advokat Jasmin Gheshlaghi er mannens forsvarar. Ho opplyser til Gamer.no at mannen har godtatt dommen.

Den blir ikkje anka.

Mannen er dømt til å betale oppreisningserstatning til sju jenter. Han blei frikjend for skuldingar og eit krav mot ei åttande jente.

Totalt er det snakk om 1,2 millionar kroner i erstatning.

Det er snakk om valdtekt av ei då 13 år gammal jente, seksuell omgang med fire jenter i 15-årsalderen og å selje sex med ei anna 15 år gammal jente på Snapchat.

Mannen innrømte straffskuld for alle punkta unntatt kravet han blei frikjend for.

Skjedde på esportklubb

Lokala til ein e-sportorganisasjon er nemnd fleire gongar i den 35 sider lange dommen.

Mannen skal ha hatt samleie med ein 15-åring i lokala.

Då dommen falt, hadde mannen vore varetektsfengsla i 319 dagar. Dei siste overgrepa skjedde i januar 2024.

Mannen er dømt for forsøk på grov menneskehandel, grov valdtekt til samleie av barn under 14, fremming av andre sin prostitusjon, kjøp av seksuelle tenester av mindreårig og seksuell omgang med barn mellom 14 og 16 år.

Siste fra forsiden