Oppdatering: Etter at vi skreiv om saka har prosjektet tydelegvis fått meir merksemd enn det burde, og er i følge forumtråden no kansellert og avslutta.
Etter at Disney kjøpte opp heile imperiet til George Lucas i fjor var det berre eit tidsspørsmål før endringane kom. For ei veke sidan kom den dystre meldinga om at Disney hadde stengt LucasArts, det legendariske utviklarstudioet bak klassikarar som Monkey Island, Grim Fandango og Tie Fighter.
Monkey Island-serien har på si side vore langt frå død dei siste åra, sidan Telltale Games kom med den episodiske serien Tales of Monkey Island i 2009.
Denne serien er derimot langt frå god nok. I alle fall ikkje om vi skal tru ein gjeng blodfans som no har bestemt seg for å lage sitt eige Monkey Island-spel. Dette hobbyprosjektet har fått namnet The Carnival of Monkey Island, og vil vende tilbake til serien sine røter med lekker handteikna grafikk. Gjengen er på jakt etter fleire folk som har talent å bidra med.
Handlinga i spelet vil bli lagt mellom Monkey Island 2 og The Curse of Monkey Island, og vil kome i tre episodar. I spelet vil vi møte mange kjende figurar frå serien, og ved sidan av å følgje Guybrush Threepwood som meir eller mindre vaksen, vil vi òg få utforske livet hans som barn. Det heile vil bli distribuert heilt gratis. Grunnen til at utviklarane ikkje vil ta pengar for prosjektet er fordi dei klassifiserer det som «Fan Art», og såleis håpar å omgå lisenskrøll.
Om det er godt nok for Disney gjenstår å sjå. Activision har kanskje vore greie når det kjem til fanversjonar av gamle Sierra-klassikarar, men det finnest ingen garanti for at Disney vil vere like omgjengelege.
Vi kan vel ikkje gjere stort anna enn å krysse fingrane for at fanprosjektet får lov til å leve.
Les også: Nå vender Monkey Island-skaperen tilbake til sjøs Les også: The Cave er rett rundt hjørnet