Denne helga har tusenvis dratt seg opp av gamingstolen for å besøke Spillexpo i Stavanger.
Slåstespel som Tekken og Smash har vore blant publikumsfavorittane på messa, og det viser seg at Rogaland har fått eit stadig større miljø for denne typen spel dei siste åra.
Smash Rogaland og FGC Rogaland var blant aktørane som inviterte messebesøkande til å konkurrere i slåstespel. Spesielt standen til Smash Rogaland var tidvis stappfull laurdag.
– Det har vore enormt med folk, seier Tin Baros (25).
Blei knust
Baros stifta Smash Rogaland i 2017, og er styreleiar for organisasjonen.
Alt skjer på frivillig basis. Organisasjonen har nyleg kome inn under paraplyen til Hyperion, og er på friarferd etter nye medlem på Spillexpo.
Ideen for Smash Rogaland oppstod då Baros blei invitert på besøk hos nokre vener. Baros trudde han var relativt dyktig i spelet, men blei fullstendig grusa.
Han la seg i hardtrening. Etter kvart blei det tradisjon å ha turneringar med venene, så har det utvikla seg til eit meir og meir organisert miljø.
I dag arrangerer Smash Rogaland turneringar kvar fredag, og det er gjerne 15–25 som kjem innom.
Rundt kvar tredje månad har dei ei større turnering.
– Kjempekoseleg
Vetle Skadberg (27) er ein av dei som har blitt med på vegen.
– Eg hadde alltid vore best i Smash blant min gjeng, og blei gira då eg høyrde om at det var nokon som skulle arrangere turnering i Smash her.
Han melde seg inn i 2019. Sidan har han vore med stort sett kvar veke, og har engasjert seg i styret.
– Eg blei hekta med ein gong. Det er eit kjempekoseleg miljø. Eg blei med i styret for å få med endå fleire. Eg syns det er ein utruleg kjekk gjeng, seier Skadberg.
Miljøet er ikkje overraskande mannsdominert, og dei fleste i gruppa er mellom 14 og 30.
– Overraska
FGC Rogaland er nærmaste nabo til Smash Rogaland sin stand på Spillexpo.
Baros er engasjert i styret der òg. Dette er ein litt ferskare gjeng som vaks ut ifrå ei Discord-gruppe.
Grunnleggar Michael Horton (33) ville berre ha nokre fleire å spele Tekken og Street Fighter med.
– Eg blei overraska over at det kom så mange, seier Horton.
Gruppa kom ikkje skikkeleg i gang før i fjor, men har no fleire faste punkt på agendaen. På tysdagar samlast dei på Universitetet i Stavanger, og søndagar har dei eigen turnering.
Høgdepunktet så langt har vore turneringa Blodhevn. Det var nærmare 100 personar som dukka opp på Metropolis (eit kulturhus for unge i Stavanger) i fjor sommar for å konkurrere.
Vil senke terskelen
Horton meiner mange slåstespel, som Tekken, har ein bratt læringskurve. Det kan nok verke avskrekkande på nybegynnarar, trur han.
- Det krev dedikasjon og tid for å forstå spelet. Men me vil gjerne vise at slåstespel kan vere morosamme sjølv om du berre trykkar på nokre knappar, seier han.
FGC Rogaland kan heller ikkje skryte av å vere spesielt likestilte, men dei har merka seg at det har vore ei overvekt av kvinner på standen deira.
Det syns dei lovar godt. For gruppa vil veldig gjerne få med seg fleire kvinner.
- Det har vore utruleg mange kvinner på standen her i helga. Dei blir ikkje med på turneringa me arrangerer, men det er mange som speler litt meir casual, seier Markus Meland.
Gruppa er for tida i gang med å planlegge Blodhevn 2023. Turneringa går av stabelen i Stavanger 27. juli.