Kommentar

E3 2021 – Xbox | Bethesda pressekonferanse

Ingen store overraskingar

Microsoft viste at no handlar alt om Game Pass.

I ein jungel av store multinasjonale selskap som trur det vi vil sjå når spel skal presenterast er ein gjeng ekstrovertar som likar å kalle seg influenser fordi det gjev dei eit godt sjølvbilete å tru dei har reell påverkingskraft, er det godt vi har Microsoft. Dei har skjønt korleis dette skal gjerast, og dei gjer det bra.

Som vanleg går dei rett på sak, Todd Howard kjem på scena og kjem med nokre velvalde PR-ord om korleis dei no er lukkelege for å vere i Microsoft-familien, før vi får sjå ein noko intetsigande trailer frå Starfield. Spelet blir sikkert bra det, men det hadde vore lettare å bli gira om vi fekk sjå ein liten gameplay-demonstrasjon i staden. Mange hadde nok håpa det ville kome i år, eller til PlayStation, men nei. Dette blir eksklusivt til Xbox og PC, og kjem ikkje før neste år.

Etter Starfield gjekk det unna som eit maskingevær. Knapt eit ord blei sagt mellom spela som blei kasta i fleisen på oss, og risikoen var stor for å gå glipp av eitt eller anna om du berre såg vekk frå skjermen i eit par sekund.

Star field blir Xbox- og PC-eksklusivt.

90 minutt gjekk unna som om dei var ni, men dei verkelege storspela var det få av, og sjølv om det Microsoft viste fram i stor grad var spanande, var det ikkje mange av dei verkelege overraskingane. Microsoft viste ei rekke av sine eigne produksjonar, og avslørte både det eine og det andre, men fleire av spela var berre prerendra trailerar som ikkje fortel oss stort anna enn at dette er eit spel ikkje ikkje er klart for å sjå dagens lys. Det er litt vanskeleg å bli gira av sånt.

Alle vegar leier til Game Pass

Om kveldens pressekonferanse demonstrerte noko, var det at for Microsoft er det Game Pass som er hovudfokuset no. Alle utviklarane som har blitt kjøpt dei siste åra, har blitt kjøpt for å gje deg ein god grunn til å bli abonnent. Av 30 spel som blei viste fram, kjem 27 til Game Pass, og det er tydeleg at dei vil tilby noko for ein kvar smak.

Det særs lovande zombiespelet Back 4 Blood frå utviklarane av Left 4 Dead ser ut som ein Left 4 Dead-fan sin våte draum, og vil bli ein av haustens store attraksjonar. Det kjem til Game Pass på lanseringsdagen, noko som nesten vil garantere det ein haug med spelarar.

Men det er ikkje berre fleirspelarmoro som ventar. Tidleg i showet fekk vi sjå ein imponerande trailer frå det dystre skutespelet S.T.A.L.K.E.R. 2, før dei gav oss ein solid kavalkade av spel som kjem til Microsofts abbonementsteneste. På løpande band fekk vi vite at Yakuza: Like a Dragon, Eiyuden Chronicle, eitt nytt rollespel frå Suikoden-skaparane, det lekre pikseleventyrt Replaced, ein oppfølgjar til det strålande A Plague Tale, samt alt frå Slime Rancher 2 til indiefavoritten Hades er på veg til Game Pass.

Og indie er eit ord som går igjen her. Det er ikkje så alt for mange innslag frå dei verkeleg store aktørane når det kjem til Game Pass. Før konferansen blei det spekulert i om Battlefield 2024 ville kome til Game Pass, men det blei ikkje nemnt med eit ord, og Microsoft treng at fleire AAA-spel skal kome til Game Pass ved lansering. Microsoft viste fram nyversjonen av Diablo 2, og ein skulle kanskje tru dette ville vere perfekt for Game Pass, men nei.

Halo-fleirspelar blir gratis

Mange var nok ekstra spente på Halo Infinite, som ikkje akkurat imponerte for litt under eit år sidan. Det var tydeleg at ting har skjedd på den tida som har gått, og Halo Infinite er no eit mykje lekrare spel enn det var. Litt urovekkande er det likevel at Microsoft vier så mykje tid til å vise så og seie berre Master Chief. Han ser absolutt glitrandes ut, men eg vil heller sjå gameplay enn ein filmsnutt.

Det fekk vi gjennom ein kavalkade av aktivitetar frå fleirspelarmodusen som denne gong blir gratis å spele. Det ser absolutt moro ut, men det er samstundes nøyaktig det ein kan vente seg frå eit Halo-spel. Halo har stått i høg kurs hos meg i 20 år no, men der ligg òg litt av problemet. Kor lett er det å bli ekstatisk over å sjå noko som strengt tatt berre er hakket kvassare versjon av det vi har leika oss med i 20 år? Eg gler meg, eg skal spele det, men eg hoppar ikkje i taket av iver.

Forza Horizon ser ut til å bli spektakulært.
Les også
Far Cry 6 lar deg spille som kjeltringer fra tidligere spill

Noko langt meir eksplosivt skal til for å «vinne» E3, og det skal du ikkje sjå bort frå at dei klarte med Forza Horizon 5. Vi veit godt at Playground Games kan å lage lekre spel, men makan. Det er ikkje ofte du får sjå spel som narrar deg til å tru du ser på ein naturdokumentar, men dei lurte meg. Eg tek for gitt at eg om eit par-tre år vil riste på hovudet over at eg kunne la meg lure av noko slikt, men akkurat no tillet eg meg sjølv å vere mektig imponert over kva teknikarane hos Playground har fått til.

Godt nok?

Sjargongen blant ein del Microsoft-kritikarar den siste tida har vore at dei manglar spel, men etter kvendens pressekonferanse blir det litt vanskeleg å ikkje fnyse av slikt. Joda, ein del av det som blei viste fram kjem ikkje i år. Men Microsoft har no vitterleg nokre store titlar på veg før året er omme. Halo Infinite og Forza Horizon 5 vil garantert bli store suksessar, og om ikkje lenge kjem Microsoft Flight Simulator til konsoll, og Age of Empires IV til PC. Når ein sleng på alle spela som kjem til Game Pass på rekke og rad i månadane som kjem, har vi mykje å sjå fram til.

Microsoft leverte ein solid konferanse. Det var god balanse mellom nye kunngjeringar og oppdateringar på ting vi allereie har høyrt om. Om det er eitt område dei godt kunne ha stramma inn litt, er det på bruken av video utan gameplay. Det er strengt tatt ikkje noko poeng i å vise meg ein video om spel om videoen ikkje er frå spelet. Microsoft avslørte spel som Contraband, Redfall og The Outer Worlds 2 utan å eigentleg vise meg noko som helst. Det var mindre av dette tullet no enn på Xbox sin pressekonferanse i fjor sommar, men likevel. Det er betre å vente til ein har noko konkret å vise fram.

Det sagt, årets E3-pressekonferanse var den beste dei har gjort på fleire år, og viser eit selskap som verkeleg har blod på tann. I framtida kan det strengt tatt berre bli betre. Dei har 23 studio no, og fleire av dei jobbar med meir enn eitt spel. Dette året er nesten eit stille før stormen år, og ber litt preg av at dei har henta inn det dei kan for å fylle tomrommet, men likevel klarar dei å levere mange gode grunnar for å abonnere på Game Pass. Om Microsoft har demonstrert noko i kveld, er det at Game Pass blir betre for kvar dag som går.

Les alt vi har skrevet om E3 2021 »

SE OGSÅ: Her er E3-timeplanen for i år »

Kommentarer (15)

Logg inn for å delta i diskusjonen.
Tråd
The Horrorist
4 år siden

Flott tid og ha game pass på,mye snacks som kommer og mye valuta før pengan.særlig når det e snakk om at prisan stig tell 700-800 kr før spæll framover.særlig godt e det at eg klar og tjen nok reward points gjennom ms rewards appen og ulitmate game pass quests tell og hold game pass abonomentet gåas kun med og bruk reward points😁👍

kilik
4 år siden

Ingen store overraskelser nei, men for første gang på lenge tror jeg en pressekonferanse kan ha overbevist meg om å kjøpe en konsoll.

Kombinasjonen Flight Simulator og Forza Horizon 5 som begge ser strålende ut, den håpløse GPU-situasjonen på PC (sitter på GTX 970 nå) og alle spill dag 1 på Gamepass samt den flotte bakoverkompabiliteten gjør at jeg seriøst vurderer å skifte fra spill-PC til Xbox Series X.

Jeg synes det er greit at de annonserer en del spill som er ett år eller to unna når de uansett har såpass mye bra de neste månedene: Flight Simulator i juli, Psychonauts og 12 Minutes i august, AoE4 i oktober, Forza i november, Halo i desember? Hvis de klarer å levere eksklusive kvalitetsspill omtrent hver måned framover også i 2022 og 2023, så lover det veldig bra. Og det tror jeg de faktisk kan klare med Bethesda-oppkjøpet.

Mr. Pants
4 år siden

Synes det var en bra presentasjon alt i alt, selv om den manglet de store overraskelsene. Ble faktisk mest overrasket over indie-spillene denne gangen. Veldig flott å få Supergiant tilbake på en Xbox-spill med Hades og sidescrolleren Replaced så veldig stilig ut.

Litt frustrerende at vi fortsatt må vente på mange av de etterlengtede titlene, men heldigvis ser høsten 2021 ganske brukbar ut. Forza Horizon 5 imponerte veldig.

Iki
4 år siden

Vil si Horizon kom som en overraskelse, da de allerede hadde annonsert motorsport tidligere.

Ellers ser det ut til at de har tatt imot kritikken rundt Halo, nå ser det iallefall ut til å være på høyde med Destiny.

barezell
4 år siden

Alt i alt ganske bra. Liker at det er no nonsense og spruter ut trailere. hehe

Som nevnt i xbox tråden er det litt synd at det ikke kom noe info om fable og avowed. Forsåvidt tes6 også, men sånn er det. virket som fokus var på 21-22. Disse kommer sikkert tidligst i 2023.

Tenkte etterpå at her var det veldig mye som så spennende ut, som jeg gjerne prøver og da fortsetter jo game pass å være helt genialt :)

 

 

Siste fra forsiden