Kjem i ny versjon

Ryktemølla hevdar Lenovo Legion Go kjem i Lite-versjon.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Lenovo Legion Go har ikkje blitt like populær som Steam Deck eller Asus Rog Ally, men byr på nokre unike funksjonar i den smale handkonsoll-marknaden.

For tida kostar konsollen rundt 8500 kroner. Ifølgje Windows Central er det no ein billigare versjon på veg.

Kjelder seier til Windows Central, at den nye konsollen heiter Lenovo Go Lite.

Rykta seier den skal basere seg på Z1-prosessoren til AMD, men då standard-versjonen, ikkje Extreme-versjonen som er i dagens konsoll.

Windows Central trur på lågare pris og vekt, men hadde ikkje fleire detaljar om konsollen.

Asus skal annonsere Rog Ally X i løpet av juni.

Les vår test av Lenovo Legion Go og Asus Rog Ally her.

Siste fra forsiden