Hausten 2012 sette rollespelveteranane hos Obsidian Entertainment Kickstarter-rekord då dei samle inn heile 3,9 millionar dollar med sin kampanje for rollespelet Pillars of Eternity.
At folkefinansieringa skulle bli ein slik suksess hadde studioet ingen garanti for, og utviklarane bak spel som Knights of the Old Republic 2 og Fallout: New Vegas var farleg nær å måtte stenge dørene for godt. Det kjem fram i ein sniktitt på ein dokumentarfilm om utviklinga av Pillars of Eternity.
Situasjonen var så ille at studioet hadde sett ein dato for når dei måtte ha eit nytt prosjekt spikra. Om dei ikkje ville ha noko nytt på gang før den tid, ville dei gå tom for pengar.
Kickstarter blei redninga
I tida før Kickstarter-kampanjen for Pillars of Eternity hadde Obsidian mista fleire prosjekt, blant anna eit rollespel for Xbox One. Som følgje av dette hadde studioet sagt opp fleire tilsette:
«Dusinvis av folk rydda pultane sine og gjekk. Folk som hadde jobba her i årevis,» fortel Josh Sawyer i dokumentaren.
Redninga kom i kjølvatnet av Double Fines suksess på Kickstarter for å samle inn pengar til å utvikle eit tradisjonelt eventyrspel. Obsidian prøvde seg på det same, og enda opp med å samle inn nesten fire gongar så mykje pengar som dei 1,1 millionar dollarane dei bad om.
To og eit halvt år etter Kickstarter-kampanjen er Pillars of Eternity lanseringsklart, og vil bli tilgjengeleg på Windows, Mac og Linux 26. mars.
Ting ser ut til å gå betre for Obsidian om dagen, og dei har allereie diskutert sjansen for å lage Pillars of Eternity 2. Samstundes har dei noko heilt nytt på gong med det World of Tanks-inspirerte MMOet Armored Warfare.