Anmeldelse

Jak 3

Det tredje og siste kapittelet i sagaen om Jak og Daxter sender deg med hovudet først ut i tørre og ugjestmilde ørkenlandskap.

Side 1
Side 2

Nedgangstider Heldigvis er det ikkje så veldig mykje å sjå av luftskipa frå Jak II, men surfebrettet er tilbake, og tvingar deg ut på ei håplaus rute over skinner og avgrunnar, der det for alvor blir tydeleg at visse folk ikkje har skjønt noko. Du lærer etter kvart å handtere det, men samanlikna med spel som Tony Hawk og SSX, følest det fullstendig meiningslaust. Ein del av våpena du kan bruke følest også ganske meiningslause. Dei er alle tøffe og svært så barske, men det er jo også fint om du treff med meir enn ti prosent av kulene du fyrer avgårde. Visse våpen stiller ingen krav til at du må sikte nøyaktig, og desse blir raskt mest brukt, men av og til må du faktisk tenke over kva våpen du vil bruke. I tillegg er det ganske positivt at du kan oppgradere våpena etter kvart.

Ein positiv ting er at det er mykje lettare å navigere gjennom byane. Når du ser eit symbol på kartet, spring du i den retningen, du må ikkje gjette deg fram til kva vinkel du skal ta i sidegata til høgre for startpunktet ditt (for å ta eit eksempel på Jak II sitt fabelaktige kart). I kortheit er byane mindre, og meir oversiktelege. I staden for å strekke det ut i det uendelege, lar Jak 3 deg få lov til å finne folk av interesse temmeleg raskt. Det er ei stor forbetring frå Jak II, som kanskje i litt for stor grad lot seg inspirere av Grand Theft Auto.

Tanken er god Ting tyder sterkt på at i likheit med Jak II, prøvar Naughty Dog igjen å kanskje la deg gjere litt for mykje på ein gong. Det er frykteleg mange gode tankar og idèar her, men kvantitet går litt for ofte ut over kvalitet. Dei fleste tinga du kan gjere har ei eller anna form for skavankar, om det er slepphendt kontroll, absurd fysikk, eller enda meir slepphendt kontroll, er det lett å finne manglar kvar du ein snur deg. Vel, nesten overalt, grafikken er strålande. Det har ikkje skjedd store ting sidan forrige kapittel, men det ser enda meir polert ut, landskapa er betre utforma, og interesserar meir. Spesielt gjeld dette for ørkenlandsbyen, som er omgitt av enorme vidder med sanddyner der ein og anna sandstorm ikkje er uvanleg. Det er lett å la seg fascinere av synet ein blir møtt av, for Jak 3 køyrer PlayStation 2 til det ytterste.

Overalt er det stappfullt av små detaljar, og det meste har veldig god design, sjølv om litt meir variasjon ikkje hadde vore å forakte. Områda er store, og du ser veldig langt. Imponerande er det også at det går veldig flytande uansett kva som skjer på skjermen. Du vil heller ikkje finne lasteskjermar, men i staden ein del dører som tar nokre sekund å opne opp. Noko som må nemnast er at kameraet enda ikkje er under kontroll. Du vil ikkje ha nokre problem med å styre kameraet sjølv, men i visse situasjonar låser kameraet seg til posisjonar der du ikkje ser livsfarlege stup rett framfor deg. Det er ikkje så moro å køyre oppover in lang bakke, der du har hoppa over mange hinder, berre for å dette ned i ein avgrunn fordi kameravinkelen ikkje lot deg få sjå kva som var i vente.

Musikken er hakket betre denne gong, og står temmeleg godt i stil til dei forskjellige områda du bevegar deg gjennom. Det same gjeld lydeffektene som har eit sterkt teiknefilm-preg over seg. Ingenting følest realistisk, men det er vel heller ikkje meininga. Alt kjem saman på ein bra måte, og blir krydra av gode stemmer til den ellers intetsigande dialogen. Sjølv om det høyrest overbevisande ut, føler du aldri at karakterane har nokon god grunn til å seie det dei legger ut om. Jak er tøff og lite pratsom som alltid, men Daxter er sjølvsagt like full av ikkje heilt vellukka forsøk på å vere morosam. Han er kanskje litt meir pervers enn før.

Konklusjon Jak 3 er den tredje og siste delen av trilogien om Jak og Daxter. Heldigvis kan du sei. Alt du vil finne her finn du betre andre stadar. Det er kroneksempelet på at eit spel kan vere heilt greit, men kunne ha vore mykje meir om utviklarane berre hadde brydd seg litt meir om å faktisk gjere det spelbart. Du kjem ikkje til å ha store problem med å få Jak til å springe rundt i dei fabelaktige områda, men du kjem ikkje til å ha nokon god grunn til å gjere det heller. I den store samanhenga, er det absolutt ingenting nytt her. Det som måtte vere nytt er at Naughty Dog har mange idèar dei gjerne vil ha inn i spelet sitt, men som dei ikkje heilt greier å realisere. Kvar for seg kunne mykje av innhaldet i Jak 3 fungert utmerka, men akkurat her fungerar det dessverre ikkje. Dette er veldig synd sidan Jak 3 innerst inne, bak alle sine feil, er eit bra spel.

Side 1
Side 2
Ledige stillinger
Salgskonsulent
Søknadsfrist:
Løpende
Servicerådgiver
Søknadsfrist:
Løpende
Systems Consultant – Virtualization
Søknadsfrist:
Løpende
Lead Mainframe Specialist – zHardware Systems (HMC/HCD)
Søknadsfrist:
Løpende
Restaurantmedarbeidere
Søknadsfrist:
Løpende
Erfarne Data Engineers
Søknadsfrist:
Løpende
Data Platform Developer
Søknadsfrist:
Løpende
BPA assistent
Søknadsfrist:
20.03.2025
Prosjektleder
Søknadsfrist:
Løpende
Head of Workshop
Søknadsfrist:
Løpende
Forsikringsrådgiver
Søknadsfrist:
Løpende
DevOps Engineer
Søknadsfrist:
Løpende
Tekniker på Livredningsutstyr
Søknadsfrist:
Løpende
Erfarne utviklere
Søknadsfrist:
Løpende
BPA assistent
Søknadsfrist:
Løpende
Nybilselger
Søknadsfrist:
Løpende
BPA assistent
Søknadsfrist:
Løpende
Selger (22%)
Søknadsfrist:
Løpende
Selger (30-70%)
Søknadsfrist:
Løpende
Produksjonsmedarbeider / Tekniker
Søknadsfrist:
Løpende
Bruktbilselger
Søknadsfrist:
Løpende
Bilmekaniker
Søknadsfrist:
Løpende
Funksjonsassistent
Søknadsfrist:
Løpende
Automasjon commission Engineers / Teknikere
Søknadsfrist:
Løpende
Produktingeniør
Søknadsfrist:
Løpende
Forsikringsrådgiver
Søknadsfrist:
Løpende
Bilselger
Søknadsfrist:
Løpende
Salgskonsulent
Søknadsfrist:
Løpende
Servicerådgiver
Søknadsfrist:
Løpende
Systems Consultant – Virtualization
Søknadsfrist:
Løpende
Lead Mainframe Specialist – zHardware Systems (HMC/HCD)
Søknadsfrist:
Løpende
Restaurantmedarbeidere
Søknadsfrist:
Løpende
Erfarne Data Engineers
Søknadsfrist:
Løpende
Data Platform Developer
Søknadsfrist:
Løpende
BPA assistent
Søknadsfrist:
20.03.2025

Kommentarer (4)

Logg inn for å delta i diskusjonen.
Tråd
Alastor
20 år siden

Ja det må jeg si. Tror nok dessverre at tester ikke har fått dreisen på dette spillet. Og irritert seg mer over småting enn normalt :). Ikke vondt ment..da smaken alltid er forskjellig fra person til person. For gamespot (som normalt er veldig kritiske) gir spillet 8.6 og GREAT, og de poengterer hvor lett det er å kjøre f.eks. buggy. Og at gameplayet holder det samme nivået. GP får 9 av 10 der.

 

Gamezone gir spillet 9 av 10, og GamesDomain 10 av 10.

 

Jeg leste gamer-anmeldelsen først, og ble skuffet over spillet. Men nå har jeg lest de andre, og fått tilbake troen.

 

Jeg gleder meg! =)

Pastor Lorentzen
20 år siden

Det er mye variasjon i omtalene, ser ut som man enten elsker det eller synes det er "greit nok". GameSpy ga det 3/5, og både Edge og GamesTM ga det 6/10.

Heatsink
20 år siden

blir kanskje litt mye til en stakkars supermario color fan :p

 

jeg skal i hverfall ha det, dette er vel nagthy dogs siste intreden på ps2? gleder meg til ratchet and clank nå :wee:

Prebo
20 år siden

6 av 10 for f***!! Dette var strengt... Andre omtaler jeg har lest har sakt at spillet var en verdig avsluttning av n veeeeldig bra serie... ;) Jeg kommer til å kjøpe det uansett.. Har spilt de 2 andre... Har alltid kost meg med spillene i julen :love: Så den tradisjonen bryter jeg ikke...

Siste fra forsiden