Det er gode tider for alle som hatar insekt. Under Tokyo Game Show blei eit flunkande nytt spel i den absurde Earth Defense Force-serien kunngjort for PlayStation 3 og Xbox 360. Det er derimot ikkje alt insekthatarane har i vente. Xbox 360-kultklassikaren Earth Defense Force 2017 er på veg til PS Vita, og no har D3 Publishing via den offisielle Twitter-kanalen kunngjort at spelet kjem til Europa.
Skulle Earth Defense Force vere ukjent i verda di er det grunnleggjande konseptet såre enkelt. Plukk opp to våpen, spring ut i byen, skyt alt du ser, og om ein einaste bygning står igjen når alle insekta er døde, har du feila.
Serien er kjend for å på ingen måte ta noko som helst seriøst. Verda blir invadert av insekt store som dinosaurar og robotar som konkurrerer mot Godzilla i omfang. Rammeverket er deretter. Håplaust pretensiøs dialog prøvar å få fram dramatikken, og den skrullete fysikken får dei massive insektbeista til å fly kilometervis av garde medan bileteoppdateringa kryp ned i einsiffra tal.
PS Vita-versjonen kjem med ei rekke nye element som bør freiste erfarne Earth Defense Force-veteranar. Der du i Xbox 360-versjonen berre kunne spele saman med ein ven over delt skjerm, kan no fire spelarar slå seg saman mot insekta over internet.
I tillegg kjem Earth Defense Force 2017 Portable med fleire nye oppdrag, og moglegheita for å ta på deg rolla som den flygande soldaten Pale Wing.
Earth Defense Force 2017 Portable blir tilgjengeleg tidleg neste år.
Les også: Samarbeid mot insektene