Feature

Meir lagring til PlayStation 5

Her er SSD-ane du kan bruke med PlayStation 5

Sony har lansert støtte for M.2 SSD. Men det er ikkje berre å kjøpe kva som helst.

PlayStation 5 og SSD-utskifting.
Audun Rodem/Gamer.no

I ei nyleg oppdatering lanserte Sony moglegheita for å bruke M.2 SSD-ar i PlayStation 5 for alle. Det betyr at ein kan få utvida, lynrask lagring for langt fleire spel – viss ein opnar lommeboka.

Sony har laga ein enkel innføringsvideo for korleis ein installerer desse, og der kjem det fram at ein treng ein SSD med ei passande kjøleløysing for å hindre varmeutvikling.

Sony anbefalar ein SSD med lesehastigheit på minimum 5500 MB per sekund, noko du får med dei aller fleste av dei mest populære PCIe 4.0 NVMe-SSDane.

Det er òg mogleg å installere ei kjøleløysing på SSD-en sjølv, og desse kostar alt frå nokre hundrelappar opp til tusenlappen. Du kan til dømes få dei med RGB til rundt 500-600 kroner, men det har ikkje så mykje for seg på ein konsoll, då SSD-en ikkje er synleg.

Dette betyr i praksis at kva som helst SSD som er kjapp nok kan fungere, så lenge du monterer ei kjøleløysing sjølv.

Få val

Me har likevel tatt ein kjapp kikk på marknaden for å finne ut kva som er dei mest populære, kompatible lagringsmediuma her i Noreg i dag – utan at du treng å kjøpe separat kjøling.

KOMPATIBEL: SN850-serien er ein av veldig få produkt på marknaden som lever opp til anbefalinga frå Sony.
Western Digital
Vis mer

Så langt er det ikkje mange produkta å velje mellom. Med lesehastigheit på over 5500 MB/s, minimum 250 GB med lagring og kjøleribber, må du fort ut med ganske mykje pengar. For å få noko til ein nokolunde leveleg pris må ein basere seg på å kjøpe ein SSD på mellom 500 GB og 2 TB.

Dei einaste kandidatane er då:

Seagate er den einaste produsenten som tilbyr lagring frå 500 GB heilt opp til 4 TB med kjøleribber – då fort til godt over 10 000 kroner.

Samsung har varsla at dei kjem til å lansere ein versjon av sin 980 Pro med innebygd kjøling i løpet av 2021, spesifikt laga for PlayStation 5.

Det er òg nokre feller ein må tenkje på. Ifølgje nettstaden Nascompares er det fleire M.2 SSD-ar med kjøleløysing og høg nok hastigheit, men desse passar ikkje inn i PlayStation 5 på grunn av storleiken eller forma på kjøleribbene.

Les også
Slik køyrer det nye storspelet på PC

Av produkt som er i sal i Noreg gjeld dette visstnok Corsair sin Force MP600-serie, XPG sin Gammix S70-serie og PNY sin XLR CS3140-serie. Med desse må ein i så fall ta av kjøleribbene og montere nye.

Kan få betre yting med kjøling

Digital Foundry gjorde nokre testar av hastigheitene i starten av august, der dei samanlikna den interne SSD-en i PS5 mot ein Samsung 980 Pro M.2 SSD med og uten kjøleribber. På torget i Novigrad i The Witcher 3: Wild Hunt lasta 980en med kjøleribber inn scenen rundt eit halvt sekund kjappare enn versjonen uten kjøling, som igjen var rundt tre sekund raskare enn den interne SSD-en. I White Orchard var forskjellen i praksis null mellom alle tre.

Dei viste òg at 980en med kjøleribber var rundt 2,6 sekund kjappare i CyberPunk 2077, men i Battlefield 5, på Nordlys-kartet, var den interne SSD-en tre sekund kjappare enn 980 Pro igjen.

Lesehastigheita til 980 Pro M.2 blei målt til rundt 6510 MB/s i PlayStation 5 sitt interne måleverktøy.

Det er altså neppe dei store forskjellane i yting med og utan kjøleribber, men høge temperaturar kan ha ein betydeleg effekt på levetida til SSD-en. Difor er det sannsynlegvis lurt å høyre på Sony.

Lyst til å lese meir om maskinvare og gamingtilbehøyr? Sjekk ut maskinvare-sidene våre »

Prisguiden.no er en kommersiell partner av Gamer.no. De leverer oppdaterte priser, prisvarsling og produktinformasjon. Du kan lese mer om Prisguiden her »

Kommentarer (17)

Logg inn for å delta i diskusjonen.
Tråd
Kelo
4 år siden

Dyrt å oppgradere, ja. Forhåpentligvis holder den innebygde disken på 1TB en stund og det blir mye billigere å kjøpe 2-4TB om et par år.

vidor
4 år siden

De fleste blir vel å shoppe enten 500 GB eller 1 TB i starten. Uheldigvis kan en ikke oppgradere PC eller laptop siden SSD i disse ikke er PCIe 4.0, ellers hadde nok mange oppgradert der og satt den gamle i PS5. Nå blir det vel helst andre veien når en vil ha mer minne i PS5.

Medlem-544648
4 år siden

Blir å kjøpe en 500GB eller maks 1TB. spiller ikke så mange spill samtidig og sitter på 500/500 linje så det går kjapt å slette et spill for å ta det opp igjen senere. Gjør ofte det med MMORGP´s. Har ikke kjøpt et fysisk spill på 10 år, alt ligger i biblioteket. Men merker at standardlagringen på ps5 blir akkurat litt for lite om man har Call of duty installert og et par andre stortitler som tar mye plass. 

Chaos_Niddhogg
4 år siden

Lurer på hvor mye Sony og MS taper per salg av konsoll. 6 lapper for all den gode innmaten er jo et røverkjøp..

AlpakkaMafakka
4 år siden
Chaos_Niddhogg skrev (8 timer siden):

Lurer på hvor mye Sony og MS taper per salg av konsoll. 6 lapper for all den gode innmaten er jo et røverkjøp..

De tjener nok det inn ganske godt igjen med ps plus og digitale kjøp av spill. Nye digitale spill på ps store koster jo 100-200 kr mer enn disk.

Siste fra forsiden