Her er Intels nye gamingprosessorar

Intel sitt nye flaggskip er kome i butikkhyllene.

Intel

Måndag lanserte Intel sin 14. generasjon av prosessorar. Serien, som er ein oppdatert versjon av fjorårets Raptor Lake, lanserer med tre ulike prosessorar.

Core i9-14900k er Intels nye flaggskip for speling, og ligg ute i norske nettbutikkar for rundt 8300 kroner.

Som vanleg har kvar av dei tre ulike prosessorane igjen to versjonar; K-variantane med integrert skjermeining, mens KF-utgåva ikkje har det.

Flaggskipet har 24 kjernar og 32 trådar, basert på ei fordeling mellom åtte p-kjernar og 16 e-kjernar. P-kjernane har ei boostklokkehastigheit på 6 GHz.

Med andre ord har prosessoren like mange kjernar som forgjengarane 13900k og 13900ks.

Maks straumforbruk skal vere på 253 watt.

Nytt i år er blant anna støtte for Thunderbolt 5 og Wi-Fi 7 (men du treng ekstern antenne), utan at det betyr veldig mykje for gamingentusiasten.

Core i7-14700k har 20 kjernar og 28 trådar, med ei klokkehastigheit på 5.6 Ghz. Denne kostar rundt 5900 kroner.

Core i5-14600k blir sannsynlegvis den mest populære prosessoren til gaming. Denne har 14 kjernar og 20 trådar, og klokkar opp til 5.3 GHz. Prislappen ligg på rundt 4500.

Intel har vist fram nokre eigne testar i spel, utan at denne generasjonen er veldig mykje kjappare enn den førre. Det er uansett greitt å vente til det kjem uavhengige testar før ein kjøper.

Siste fra forsiden