Aldri før har så mange produkt blitt sett opp i pris i forkant av Black Week, og folk sin tillit til Black Week er lågare enn nokosinne.
Samtidig blir tilbodsveka stadig lengre, og det er færre tilbod på sjølve Black Friday.
Butikkane køyrer mange av dei same tilboda gjennom alle dei tre-fire vekene. Det ser ein i år òg. Det er liten forskjell mellom Black Week og Black Friday.
Dei beste kjøpa finn du nok på spelbutikkar som Steam i dag.
Artikkelen blir oppdatert i løpet av veka, sist fredag 29. november.
Me tar for oss følgande kategoriar her:
Gamingmus
Logitech G Pro X Superlight 2 DEX
Logitech har lansert ein heil haug av versjonar av denne musa i løpet av åra. Dette er den årsferske toppmodellen, og kjem med ei ergonomisk form og ei vekt på rundt 58 gram.
Underteikna har lenge hatt G403/G703-forma som ein personleg favoritt. Denne ligg ganske tett opp til den. Me har ikkje offisielt testa denne musa enno, men det er kjekt å sjå at Logitech moderniserer eldre publikumsfavorittar - sjølv om forma ikkje er identisk som G403.
Batterilevetida har klatra opp til oppunder 100 timar av vedvarande bruk, mens sensoren er oppgradert til 8000 hertz.
Logitech G Pro X Superlight
Det tidlegare trådlause flaggskipet til Logitech blei erstatta i fjor, men er framleis eit glimrande produkt for dei som vil ha ei presis skytespelmus som òg taklar produktivitetsoppgåver.
Denne er tilgjengeleg for rekordlåg pris. Logitech-mus har ein tendens til å vere konstant på sal, men det skal vel litt til for at prisen fell lågare enn dette med det første.
Headsett og lyd
Audeze Maxwell
Dei planarmagnetiske drivarane gir ein aldeles fantastisk lyd, som er vanskeleg å slå om det er det viktigaste for deg.
Headsettet er stort og tungt, men likevel forholdsvis behageleg i bruk. Det er svært sjeldan desse får noko som helst rabatt, men no har butikkane slått av nokre hundrelappar for rekordlåg pris.
Audeze har fått kritikk for kvalitetskontrollen sidan me testa desse i slutten av 2023, så det er sagt. Våre har vore jamleg i over eit år utan problem, men det er noko å tenke på.
SteelSeries Arctis Nova Pro Wireless
Dette er eit av dei beste gamingheadsetta me har prøvd, og hamna på fjerdeplass i vår samletest.
Den nye utgåva av flaggskipet til SteelSeries er ei klar forbetring frå førre generasjon. Det leverer lydkvalitet få kan matche, lang batterilevetid, høg komfort og ein glimrande mikrofon.
Prislappen har vore det store minuset, men fell betydeleg under snik-Black Week. Du betalar rundt ein hundrelapp meir enn rekordlågt prisnivå.
Jbl Quantum 910
Jbl sitt flaggskip hausta 8 av 10 poeng i vår samletest. Det når ikkje heilt opp til headsetta over, men er jamt over eit strålande produkt som gjer det aller meste godt.
Det er litt tungt og har svakare surroundlyd enn Astro og SteelSeries sine flaggskip, men til gjengjeld er det hakket billigare.
Her er det mykje å like. No ligg prisen på same nivå som fjorårets Black Week. Ikkje akkurat noko ran, men det kan jo vere eit greitt innslag under juletreet.
Astro A50 5. generasjon
Astro har kome med femte generasjon av folkefavoritten A50, og no begynner prisane å bli meir konkurransedyktige.
Headsettet fekk 8.5 av 10 poeng i vår samletest, som var nok til andreplassen etter Audeze Maxwell.
Ved lansering kravde Astro spinnville 4700 kroner for produktet. No er søstermodellen av A50X på sal, som i praksis er same produkt, men manglar HDMI passthrough. På PC er dei identiske.
Black Week reduserer prisen frå 3700-3800 kroner til 2600.
Her får du ein strålande mikrofon, imponerande batterilevetid, høg lydkvalitet og ein handy basestasjon med innebygd lading.
Headsettet er komfortabelt og lett, og er ein sikker vinnar for både speling og film.
Samsung HW-Q995D
Dette er den nyaste generasjonen av Samsungs flaggskiplydplanke. Endringane frå år til år er ikkje all verda, men desse pleier forsvinne ut av marknaden etter kvart, og prisnivået fell nok ikkje særleg lågare enn dette.
Det er mykje pengar for ein lydplanke, så det er sagt. Du kan få langt meir for pengane i lågare prisklassar.
Denne hamna framfor TV-en til underteikna førre veke. Surroundlyden er ein fryd å kombinere med speling, og takka vere støtte for HDMI 2.1 kan du køyre passthrough med 4K 120 hertz for konsoll eller PC.
Ikkje det beste valet til musikklytting kanskje, men midt i blinken for spel, film og seriar.
Tastatur
Logitech G915
G915 er framleis eit av dei aller beste trådlause gamingtastatura. Både fullformatutgåva og TKL-versjonen er no på eit forholdsvis lågt prisnivå, og prisen har vore den fremste kritikken mot desse tastatura.
For dei som vil ha noko som fungerer like bra på gamingbordet som skrivepulten på jobb, er G915 eit fint val.
ASUS ROG Azoth
Me har ikkje fått skrive ein test av dette heilt enno, men denne rakkaren har vore det faste innslaget på gamingpulten min sidan i sommar.
Det er eit knakande godt tastatur. Azoth var også svindyrt ved lansering, men har falt litt og litt det siste året.
No nærmar det seg halv pris frå lansering. Skulle eg kjøpt eit nytt tastatur i 75-prosentformat i dag, hadde eg gått for dette.
ASUS ROG Strix Scope II 96 Trådlaust
Endå eit knakande godt tastatur frå ASUS. Dette blei lansert i fjor sommar, då med eit prisnivå mellom 2300 og 2500 kroner.
Under Black Week er prisen under 1500 kroner. Det var eit par kroner billigare i mai, men har vaka rundt 1650 til 2000 kroner sidan den gong.
Scope II 96 er eit trådlaust tastatur i 96-prosent-format, med behageleg handleddstøtte, rikeleg av medie- og makroknappar og svært gode brytarar.
Her er det mykje å like.
Maskinvare
ASUS TUF RTX 4080 Super
AMD og Nvidia arbeidar med siste finpuss på neste generasjon av skjermkort, og lagerbehaldninga av dagens generasjon er i ferd med å tømmast.
Det er sjeldan ein god ide å kjøpe rett før nye skjermkortlanseringar, men her begynner prisen å bli innanfor.
ASUS sine kjølarar i TUF-serien er grei kvalitet for pengane, og 4080 Super gir deg krefter nok til å spele i 1080p og 1440p med høg bildefrekvens i mange år framover.
Skjermkortet taklar også det meste i 4K.
MSI RTX 4060 Ventus 2X
Dette er i skrivande stund det billigaste 4060-kortet i norske butikkar, og er tilgjengeleg for rekordlågt prisnivå.
Det er ingen kjemperabatt, og eg er framleis skeptisk til å kjøpe noko som helst skjermkort før nyttår, men dette er innanfor om du er fullstendig desperat etter skjermkort.
Asus Radeon RX7800 XT DUAL OC
AMD er også i ferd med å lansere ein ny generasjon, og prisane på dagens utval søkk i Black Week.
7800 XT er eit solid val for 1080p og 1440p. Det var eit habilt skjermkort då det kom i fjor haust, og med dagens prisnivå begynner dette å bli eit svært attraktivt tilbod.
16 GB med videominne sikrar at det held koken i mange år framover.
Kingston Fury Renegade SSD
Denne SSD-en har ein teoretisk skrive- og lesehastigheit på 7300/7000 MB/s, og me har for tida to av desse i testriggen vår for skjermkort.
I skrivande stund er både denne og søster-SSDen Kingston KC3000 på sal. Desse kjem på sal under kvar Black Week.
I våre testar fann me at SSDen klarte i underkant av 6000 MB/s på lese- og skrivehastigheit, så den reelle ytinga er ikkje så altfor langt unna.
Intel 14-serien og Core Ultra-serien
Intel har blitt fullstendig knust av AMD på spelyting dei siste åra, men Intel er framleis med i løpet på produktive oppgåver.
No er det tidlegare flaggskipet, i9-14900k, til sals for rekordlåg pris. Intel lovar at dei har rydda opp problema sine med prosessorane, så det begynner å bli ein grei pris.
Hoppet frå 13-serien til 14-serien var ikkje så mykje å skryte av, men så har ikkje Core Ultra-serien skapt den heilt store entusiasmen, heller.
Nye 285K og 265K er også på sal.
AMD sine prosessorar har så langt ikkje fått nemneverdige rabattar. Nye 9800X3D er av mange kritikarar krona som den nye gaming-kongen, men er stort sett utseld i norske nettbutikkar. Det blir neppe sal på den i Black Week.
Spelkonsoll
Sony PlayStation 5 Slim
Det er rundt eit år sidan Sony lanserte den tynne utgåva av PlayStation 5, då til 5790 kroner.
Denne veka er prisen på versjonen utan diskdrev redusert til 4790.
Obs hadde ein kampanje på PS5 Slim til 4500 kroner i sommar, så ein skal ikkje sjå vekk frå at denne fell meir i pris gjennom Black Week.
Her ville eg kjøpt med ein butikk som har prismatch, slik at ein ikkje går på ein smell. Diskdrev-versjonen er også på sal.
Sony PlayStation VR 2
Her begynner me å snakke skikkeleg tilbod. Det er framleis forholdsvis avgrensa med VR-innhald å skryte av til konsoll, men det kjem seg litt om litt.
Prisnivået har vore noko av det folk har kritisert brillene mest for, og no kan du spare ein grei sum frå lansering.
Rekordbillig. Ikkje verst.
Sony Dualsense
Desse har vore relativt stabilt over 600 kroner det siste året, og har fått ein dupp i pris inn mot Black Week.
Lågaste prisnivå var på 489 kroner, men det er to år sidan no. Kontrollarane er godt overprisa på normalt prisnivå. 549 kroner er ikkje eit fantastisk tilbod, men det er det billigaste dei har vore tilgjengeleg for på ei god stund.
Lenovo Legion Go
Steam Deck OLED er framleis vår favoritt blant handkonsollane, men programvareoppdateringar og søkkande pris har gjort Lenovo Legion Go stadig meir attraktiv.
Det er ein handkonsoll i det meir eksperimentelle hjørnet enn konkurrentane, og byr blant anna på ein flott 1600p-skjerm med eit 144 hertz-panel og er den beste i klassen på produktive oppgåver.
Lenovo har framleis ikkje laga ein oppfølgar til denne, men arbeidar visstnok med det i kulissane.
Me gav konsollen 6,5 av 10 poeng i vår test. Med dagens prisnivå kunne me fort løfta karakteren eit hakk.
ASUS ROG Ally
ROG Ally har blitt ein svært populær handkonsoll i Noreg. Som med Legion Go har det skjedd ein del under panseret sidan me testa konsollen, og den gir meir valuta for pengane i dag enn under vår test.
Standard Z1-utgåva har gått betydeleg opp i pris i det siste, men Extreme-versjonen er godt prisa under snik-Black Week til 5999.
Me har ikkje prøvd den enno, og den er sabla dyr, men kjem med ein del forbetringar frå originalen.
Saka blir oppdatert med nye tilbod etter kvart. Gjerne gi oss eit pling i kommentarfeltet om du ser noko som er verd å omtale.
Me har ikkje testa nok skjermar, TV-ar og datamaskinar det siste året, og kjem ikkje til å gi kjøpsanbefalingar om den typen produkt utan å ha testa dei sjølv.