To og ein halv månad har gått sidan flaggskipet RTX 5090 dukka opp i norske nettbutikkar.
Dei få sjeler som faktisk fekk tak i eit kort ved lansering, har måtte hamle opp med ein haug med drivarfeil, risiko for brann og smeltande straumkontaktar, skjermkort som manglar delar av maskinvaren sin (ROP) og heller skuffande yting.
Me fekk vårt testkort for rundt tre veker sidan. Testperioden har vore ein lang oppoverbakke med feil etter feil.
I mellomtida har prisnivået klatra opp i stratosfæren.
Me anar ikkje kor mange kort som er seld i norske butikkar, men når eg i skrivande stund søker på Prisjakt.no, finn eg to eksemplar av RTX 5090 som Prisjakt meiner er tilgjengelege.
Begge er utselde i butikkane. Det eine har gått opp rundt 8000 kroner frå lansering, det andre med 6000 kroner.
Det mest populære 5090-kortet på Prisjakt kostar 37 662 kroner, og er også utseld.
Nesten 40 000 kroner, altså. For eit skjermkort.
Det er eit heller dystert bakteppe for å gå i gang med denne testen.
Å sminke lik
For ei stund sidan hadde eg ein interessant samtale med ein tilsett hos eit selskap som lagar skjermkort for Nvidia.
Me prata om marknadsføring, og eg fekk høyre at selskapet gjerne vil bruke pengar på annonsar for hovudkort, tastatur, PC-ar og liknande, men ikkje skjermkort.
Skjermkorta forsvinn ut av butikkhyllene omtrent på eigne bein, var bodskapen.

For kvar generasjon som kjem, tar Nvidia hardare og hardare i med villeiande marknadsføring. Blackwell-arkitekturen har tatt kaka i liksminking. Mange har hengt seg opp i påstanden om at RTX 5070 skal levere RTX 4090-yting, som sjølvsagt er reint sludder.
Men det har ikkje noko å seie. Så lenge det knapt er kort å selje ved lansering, kjem det hundrevis av avisoverskrifter om tomme hyller og enorm etterspurnad, som igjen skapar endå meir etterspurnad.
Eg skal ikkje påstå å vite at det er ein medviten strategi, men det er vanskeleg å ikkje tenkje tanken.
AMD har som kjend gitt opp å konkurrere med Nvidia i dei øvste segmenta, og forverrar det heile endå eit hakk.
På trynet
Drivarane til Nvidia har vore heilt på trynet dei siste månadane. RTX 5090 slit framleis med å ha meir enn éin skjerm over 60 hertz tilkopla her hos meg, og frys systemet mitt på oppstart.
Kombinasjonen av dette, og at dei færraste enno har fått kjøpe noko som helst, gjer at testen vår av RTX 5090 eigentleg er nett like aktuell no som i januar.
Så me går i gang.
Det er PNY RTX 5090 RGB OC som har hamna i testriggen vår.
RTX 5090 har altså 32 GB med GDDR7-videominne og 21 760 CUDA-kjernar, mens PNY-utgåva får ei boostklokkehastigheit på 2625.

Skjermkortet klokkar lett over 3000 MHz ut av eska. I snitt ligg temperaturen rundt 68 grader i lange spelsesjonar, og brukar då rundt 380 watt.
Under stresstesting har eg målt maksimalt 72,5 grader. På det meste drar skjermkortet heftige 600 watt frå veggen, men kjølaren taklar det fint.
Det verkar som PNY har gjort ein solid jobb med dei rammene dei har fått. Partnarprodusentane er nok hardt pressa på marginane, men det er også vanskeleg å ta omsyn til i testinga vår.
Til sjuande og sist skal me vurdere om dette er eit godt kjøp for meg og deg. Det er ikkje direkte enkelt når eg ikkje har snøring på kva dette produktet faktisk kostar.
Verdas kraftigaste skjermkort
Ytinga kan me i alle fall seie noko om, og det er trass alt det viktigaste.
RTX 5090 er no det kraftigaste gamingskjermkortet pengar kan kjøpe, men ytinga samanlikna med RTX 4090 skuffar.
Mens vårt RTX 4090 i snitt var rundt 53 prosent raskare enn forgjengar RTX 3090, er RTX 5090 berre rundt 28 prosent raskare enn RTX 4090 i 4K.
Det er basert på testar i 11 spel.
Alle testane våre ligg på neste side i detalj.
Det er openbert at RTX 5090 er meiningslaust utan ein 4K-skjerm, og ei oppgradering frå RTX 4090 til RTX 5090 er å kaste pengar ut av vindauget for dei aller fleste.
Det er ikkje uvanleg at dei store hoppa i yting kjem annakvar generasjon, då RTX 5090 og RTX 4090 er laga på same produksjonsprosess.
Samtidig er RTX 5090 betydeleg dyrare enn forgjengaren. Slik sett er det lite positivt å sjå i testresultata.
Rubin-arkitekturen i 2026–2027 vil antakeleg få eit større hopp, men det er også rom for eit RTX 5090 Ti om Nvidia føler behovet – noko dei neppe gjer utan konkurranse.

Cyberpunk 2077 skil seg best ut blant spela med eit løft på heile 55 prosent i 4K, men sjølv om eg har testa dette om att ørten gongar, mistenker eg at det er noko gale når RTX 5090 berre er rundt 35 prosent raskare med DLSS slått på.
I motsett ende av skalaen finn me ytinga i Black Myth: Wukong, der RTX 5090 er knappe 20 prosent raskare enn RTX 4090 i 4K.
Slår me på strålesporing, aukar leiinga eit hakk opp til 35 prosent i 4K.
Færre testspel påverkar snittet, men i til dømes Black Myth: Wukong aukar forskjellen frå 20 prosent til 34 prosent i 4K med strålesporing.
Prisnivået til RTX 5090 gjer det til eit smalt produkt i marknaden. Men skal du ha det aller kraftigaste, er dette svaret.
PR-vas
Nvidia meiner å ha eit skikkeleg ess i ermet som gjer RTX 50-serien verd prisen; fleirbildegenerering.
Dei har smurt tjukt på i marknadsføringa.
Bildegenerering er unekteleg blitt betre sidan innføringa i 2022, men oppgraderingane til vanleg bildegenerering kjem også til RTX 40-serien.
50-serien lar PC-en fylle inn fleire falske bilde, no opp til tre genererte. Nvidia hevdar det vil kunne mangedoble bildefrekvensen, og det stemmer jo teknisk sett.

I Cyberpunk 2077 oppnår RTX 5090 345 FPS i 4K med firedobbel bildegenerering.
Minuset er at du ikkje minskar forseinking med høgare bildefrekvens som med «ekte» genererte bilde.
Du er derfor avhengig av ein forholdsvis høg bildefrekvens i utgangspunktet om du vil få mest ut av bildegenerering.
Testrigg
- Prosessor: Intel Core i9-13900k
- Kjølar: Asus Rog Strix LC II 360mm
- Hovudkort: Asus Rog Maximus Z790 Hero
- Lagring: Kioxia Exceria Pro 2 TB / W_D Black SN850X 2 TB / Kingston Fury Renegade 2 TB
- RAM: G.Skill Trident Z5 RGB32 GB 6800 MHz CL34
- Straumforsyning: Asus Rog Thor 1200W Platinum II
- Kabinett: NZXT H7 Elite
- Operativsystem: Windows 11 Pro
Dette vil naturlegvis variere frå spel til spel.
Mellom 60 og 100 FPS som utgangspunkt kan vere fint for ein skjerm med høg oppdateringsfrekvens, men speler du konkurransespel, vil du ha lågast mogleg forseinking, og då er det betre å slå av bildegenereringa igjen.
Når eg slår på path tracing og bildefrekvensen stuper ned på 30-talet, og eg faktisk har bruk for bildegenerering, er det ikkje like nyttig.
For bildegenerering aukar ikkje eigentleg bildefrekvensen, det gjer berre spelet jamnare og får det til å følast som du har høgare bildefrekvens.
Forseinkinga er framleis den same som om eg har 30 FPS.
Fleirbildegenerering aukar ikkje forseinkinga nemneverdig utover å generere eitt ekstra bilde, men eg trur framleis ikkje dette kjem til å slå an.
Ikkje enno, i alle fall.
Revolusjonerande oppskaleringsmagi
Det verkelege esset i ermet til Nvidia er oppgraderinga av DLSS, den KI-baserte oppskaleringsteknologien deira.
Nvidia har utvikla ein ny KI-modell, «transformer-modellen», til å teikne spela. Denne bygger på same type KI-modellar som ChatGPT.
DLSS 4-oppskalering i 4K og høgare oppløysingar er svært imponerande.
Bildekvaliteten samanlikna med tidlegare versjonar er tidvis betydeleg auka, og sjølv dei lågare innstillingsnivåa som «balanced» og «performance» held seg godt opp mot vanleg teikna bilde.

Mange av dagens spel slit med uskarpe bilde på grunn av temporal kantutjamning (TAA), noko ein kan fikse med å bruke Nvidia sin KI-kantutjamning (DLAA). No får ein same effekt med DLSS i høgare oppløysingar.
Det er spesielt i rørsle at nye DLSS utmerker seg med ei klar forbetring frå tidlegare versjonar.
I praksis vil spel med TAA-trøbbel sjå betre ut med DLSS enn utan, samtidig som bildefrekvensen aukar og bildetida fell.
Det er ein liten revolusjon – og det aller beste er at alle RTX-korta får tilgang til DLSS 4.
Rett nok er den nye transformer-modellen noko meir krevjande å køyre, men det kan ein fikse med å skru ned til eit lågare nivå av DLSS, for kvaliteten er blitt så mykje betre.
Eg anar ikkje kvifor Nvidia ikkje har fokusert meir på dette i marknadsføringa.
Ei gåve til FPS-spelaren
Nvidia Reflex, ein teknologi som synkroniserer arbeidsmengda mellom skjermkortet og prosessoren, kjem også i ny versjon.
Du finn Reflex i omtrent alt av spel, og brukar det sikkert sjølv. Teknologien reduserer forseinking i spel, noko som Reflex 2 skal gjere endå betre.
Dette er ikkje ute enno, men eg ser for meg at dette kan bli eit løft på linje med DLSS 4. Og på same måte som DLSS 4 er dette noko alle RTX-korta får.
Reflex 2 kan flytte kameraet i spelet basert på siste innputt frå musa, og fyller inn tomromma samtidig.
Slik kan ein i teorien både gjere det lettare å sikte på fiendar og halvere forseinking frå første Reflex.
Pris?
Så langt har eg berre kome med skryt av teknologiar som ikkje er eksklusive til Blackwell-arkitekturen.
Det er grunn til å gi Nvidia ros for å gi (relativt) brei tilgang til DLSS 4 og Reflex 2, men det store trekkplasteret, fleirbildegenerering, er ikkje så attraktivt som Nvidia vil ha det til.

Prislappen er den massive elefanten i rommet.
Me veit av erfaring frå dei siste åra, at lanseringsprisane er reine lokkeprisane. Dei færraste får kjøpe RTX 5090 til 28 840 kroner.
Dette er også den anbefalte prisen på testkortet vårt frå PNY. Multicom ser ut til å vere den einaste som har hatt det inne, men sel det ikkje. Dei har heller ikkje lista ein pris.
Computersalg sel RTX 5080-versjonen for 26 521 kroner, og RTX 5080 kostar altså – i teorien – 14 000 kroner mindre enn RTX 5090.
Er du opptatt av å få valuta for pengane, sjølv som entusiast, er RTX 5090 eit elendig kjøp.
Konklusjon
Det er kjipt å vere entusiast-forbrukar i PC-marknaden for tida.
Dagens prisnivå er god ammunisjon for konsollspelarar i den store plattformkrigen, men heldigvis treng du ikkje eit RTX 5090 for å nyte spel i 4K.
DLSS 4 gjer tidlegare RTX-produkt endå meir attraktive enn før. Bruktprisane er heller ikkje heilt det store, men her og der er det kupp å finne.
Har du ikkje ein 4K-skjerm med høg oppdateringsfrekvens, har du heller ingen behov for dette skjermkortet.
RTX 5090 er ei klar oppgradering frå RTX 4090, det er det ikkje tvil om. Det har langt meir minne, det er raskare og er eit betre val for framtida.
Til same pris hadde det vore eit greitt kjøp. Med prisar på over 30 000 kroner er det derimot heilt latterleg, og det er umogleg å anbefalte RTX 5090 til den prisbevisste forbrukar.
Ingenting av dette er PNY sin feil, så det er sagt. Dei leverer ein habil kjølar og eit godt kort, men den store medkjensla treng dei heller ikkje.
Dette kjem til å vere utseld i lang tid framover.
Eg håper folk stemmer med lommeboka og viser at prisnivå som dette er fullstendig uakseptabelt.
Me set ikkje karakter før prisen er avklart.