Anmeldelse

Halo 2

"Det er stille før stormen." Det har kanskje ikkje verka slik, Halo 2 har så skyhøge forventningar at det knapt kan samanliknast med noko anna. Likevel, det har vore stille før stormen, du har inga aning om kva som ventar.

Side 1
Side 2
Side 3

Halo 2 er alt det du kunne håpe på at det kunne bli, og meir. Halo 2 er eit av tidenes aller beste spel. Halo 2 er eit testamente over alt som har gått gale så langt i historia, og korleis det bør gjerast. Halo 2 er kongen. Skal du kun ha eit spel i år er det Halo 2. Det er så sinnssjukt gjennomført at eg får tårer i auga av å tenke på det. Ein skulle tru Halo hadde absolutt alt. Kontrollane sat som støpt, våpenarsenalet var perfekt, og til og med historia var engasjerande utanom det vanlege. Det ein innser når ein spelar Halo 2 er at Halo var eit ufullstendig spel. Halo var ei prøvekanin, eit tidsfordriv. Halo var berre den to minuttar lange sniktitten på resten av ditt liv, og det er dette som er livet ditt frå og med 11. november 2004.

Ei filmatisk oppleving Allereie i åpningssekvensen viser Halo 2 seg som noko litt anna enn Halo. Det er mange filmsekvensar i spelet, og dette er med på å gi spelet ei heilt anna stemning enn forgjengaren. Det er ei historie her, ei veldig bra historie, og den blir fortalt på ein ekstremt bra måte. Det filmatiske er av ypperste klasse, og brått innser du at dette ikkje er eit spel. Du er Master Chief, og du er hovudpersonen i tidenes science fiction-epos. Det er gjennomført til fingertuppane. I den aller første sekvensen får vi endeleg møte vår kjære helt Master Chief på ny. Heder og ære, og medaljar blir utdelt til dei som var med på å redde verda i Halo, og sjølvsagt går alt til helvete. Covenant angrip, med stø kurs mot jorda, og utan å spenne ein muskel kjem det tørt frå Master Chief: "Eg treng eit våpen."

Akkurat no brakar det laus, og du får lov til å gjere akkurat det du vil gjere når du trer inn i metalldrakta til Master Chief; skyte ned alt som bevegar på seg. Umiddelbart kjenner ein seg igjen. Alt er som det skal vere. Ingen nemneverdige forandringar er gjort på kontrolloppsettet, og det er som ein forventar; ei fryd å spele. Det ein raskt vil merke, er at dei flesta våpena har blitt redesigna, pluss at det har dukka opp eit par nye. Ei av dei mest markante forandringane kjem i form av rakettkastaren, som no er varmesøkande. Når du har målet ditt i sikte, kan du halde inne R for å låse deg på fienden. Når du slepp knappen vil ein rakett målbevisst suse framover. Den absolutt største forskjellen frå Halo er uansett at du i fleire kapittel kan spele som ein Covenant.

Utan å røpe noko av historia, kan vi fortelje at ein Covenant blir sendt ut på oppdrag for å ta seg av nokre viktige saker. Dette er ein ganske interessant vri, sidan du ofte vil springe rundt med elitesoldatane sine sverd. Har du spelt Halo veit du kva kraft slike våpen inneheld, og berre tenk deg å ha all den makta innanfor dine hender. I tillegg kan du gjere deg usynleg i korte periodar. Heilt brilliant for bakholdsangrep. Det beste med desse delane av spelet er eigentleg at du får eit heilt anna syn på kva som skjedde i Halo. Alt har brått ei meining. Covenant er ikkje lenger ein hensynslaus rase med sinnssjuke romvesen. Dei har tankar og følelsar dei òg. Tankar og følelsar som etter kvart held på å lede heile verda inn i ein dommedag utan sidestykke.

Superb brettdesign Sjølv om Halo hadde mange store og opne brett, var det ein del repetisjon. Dette er drastisk forbetra i Halo 2. Designen på bretta er upåklageleg, og gir nok variasjon for ti slike spel. Du vil sjølvsagt ta del i klassiske infiltrasjonar av romstasjonar, men du vil også borde ein enorm robot-edderkopp, og ta del i intense oppdrag der du leikar katt og mus med fienden i eit av spelets romskip. Det ein legg merke til er kor utruleg bra bretta er sett saman. Det dukkar riktignok opp ein og anna korridor du føler du har sett før, men det blir så uvesentleg at du ikkje kunne brydd deg mindre. Det er plenty av variasjon, og spesielt sidan du kan spele som Covenant får du avbrekk frå det normale. Du blir nødt til å lære deg forskjellige taktikkar, og det er gjort på ein veldig underhaldande måte.

Det er ein del nye våpen i Halo 2, og slik det gjerne var i Halo vil du finne din favoritt. Akkurat kva som blir favoritten din derimot, er umogleg å seie. Alle våpena har sine sterke og svake sider, og alle våpena vil nok bli sett på som det beste av nokon. Det er som sagt blitt gjort nokre forandringar på våpena, og ei forandring ikkje alle vil setje pris på er at pistolen har mista siktet sitt. Det har vore klager på at dette våpenet var for kraftig og ubalansert, og det er nok derfor denne justeringa er gjort. Den nye pistolen manglar kanskje sikte, men likevel fenomenalt for rask presisjonsskyting. Eit anna våpen som har blitt justert litt er Needler, som no er eit mykje meir effektivt våpen.

Side 1
Side 2
Side 3
Ledige stillinger
Forsikringsrådgiver
Søknadsfrist:
Løpende
Lead Mainframe Specialist – zHardware Systems (HMC/HCD)
Søknadsfrist:
Løpende
Erfarne utviklere
Søknadsfrist:
Løpende
Data Platform Developer
Søknadsfrist:
Løpende
Head of Workshop
Søknadsfrist:
Løpende
Selger i Face2face Creatives
Søknadsfrist:
Løpende
Reisende salgskonsulent
Søknadsfrist:
Løpende
Forsikringsrådgiver
Søknadsfrist:
Løpende
Bruktbilselger
Søknadsfrist:
Løpende
Bilselger
Søknadsfrist:
Løpende
Nybilselger
Søknadsfrist:
Løpende
Produktingeniør
Søknadsfrist:
Løpende
Prosjektleder
Søknadsfrist:
Løpende
Funksjonsassistent
Søknadsfrist:
Løpende
Restaurantmedarbeidere
Søknadsfrist:
Løpende
Salgskonsulent
Søknadsfrist:
Løpende
Bilmekaniker
Søknadsfrist:
Løpende
Produksjonsmedarbeider / Tekniker
Søknadsfrist:
Løpende
Tekniker på Livredningsutstyr
Søknadsfrist:
Løpende
Erfarne Data Engineers
Søknadsfrist:
Løpende
Automasjon commission Engineers / Teknikere
Søknadsfrist:
Løpende
Servicerådgiver
Søknadsfrist:
Løpende
Selger (22%)
Søknadsfrist:
Løpende
Selger (30-70%)
Søknadsfrist:
Løpende
BPA assistent
Søknadsfrist:
Løpende
DevOps Engineer
Søknadsfrist:
Løpende
BPA assistent
Søknadsfrist:
Løpende
Systems Consultant – Virtualization
Søknadsfrist:
Løpende
Forsikringsrådgiver
Søknadsfrist:
Løpende
Lead Mainframe Specialist – zHardware Systems (HMC/HCD)
Søknadsfrist:
Løpende
Erfarne utviklere
Søknadsfrist:
Løpende
Data Platform Developer
Søknadsfrist:
Løpende
Head of Workshop
Søknadsfrist:
Løpende
Selger i Face2face Creatives
Søknadsfrist:
Løpende
Reisende salgskonsulent
Søknadsfrist:
Løpende
Forsikringsrådgiver
Søknadsfrist:
Løpende

Kommentarer (79)

Logg inn for å delta i diskusjonen.
Tråd
Zindre-
20 år siden

10.

 

Nå kan vi mobbe GTA folkene jo :D

Pastor Lorentzen
20 år siden

Hvorfor i all verden kan "vi" det?

Brighto
20 år siden

Eg trur spelanmeldaren har gått inn i sjokk tilstand p.g.a. gledesrusen etter å ha spela Halo 2! Forresten ein bra omtale, og veldig brega av gledesrus! :tease:

Er dette det første spelet som har fått 10 av gamer.no, eller?

4WheelDrive
20 år siden
Er dette det første spelet som har fått 10 av gamer.no, eller?

Nei nei nei. Fikk ikke Zelda: Wind Waker 10/10?

notarget
20 år siden
Er dette det første spelet som har fått 10 av gamer.no, eller?

Nei nei nei. Fikk ikke Zelda: Wind Waker 10/10?

http://gamer.no/art.php?artikkelid=2608&side=4

 

Zelda fikk 10 på alt untatt Varighet: 8

Siste fra forsiden