Guide

Apex Legends - Tips

Slik blir du god i Apex Legends

Stor guide for spelarar på alle nivå.

Respawn Entertainment
1: Apex Legends for dummies
2: Tips, triks og småfakta om spelet
3: Strategiar og teknikkar for å vinne

For dei som er ute etter å bli gode i Apex Legends, er det viktig å få ei forståing for korleis mekanismane i spelet fungerer, og korleis ein kan dra nytte av dei for å overvinne fiendane. Dette kan vere ting som å bruke fiendanes helteferdigheiter mot dei, å lære seg å bruke eigne ferdigheiter rett, eller det kan vere å forbetre korleis ein beveger seg rundt på kartet.

Dette er langt frå noko fasit, men me har nokre forslag for kva de bør fokusere på for å klatre oppover mot Champion-tittelen. Spelet er tross alt framleis i den første veka enno og det eksisterer verken noko etablert meta eller proffspel, så ta dette med ei klype salt. Etter kvart som spelet utviklar seg, vil folk finne nye måtar å utnytte mekanismane på.

Med mangel på meta for spelestil, er det heller ikkje noko fast svar for kva lagkomposisjonar ein bør bruke. Standardmodellen med ein aggro, ein support/tank og ein som kan bidra med helse fungerer greitt, men det er ikkje nødvendigvis best. For min del har Pathfinder, Wraith og Bangalore vore den beste kombinasjonen med mine vener. Fram til no går dette mest på kva figurar me likar å spele, og kva spelestil som passar oss best. Meta-val vil sikkert kome over tid. Det er ingen figurar som er openbert mykje svakare enn andre, men spesielt Wraith og Pathfinder som legg opp til flankeruter verkar særs sterke no som ein framleis møter fiendar som ikkje veit heilt kva som føregår.

Bruk fiendens ferdigheiter til din fordel

Her lar fiendens Wraith-portal meg pushe rett opp til dei. Nokre gongar vil dei gi deg tilgang til flanke fiendar bakfrå.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Introduksjonen av Legends i Battle Royale har gjort mykje for korleis ein speler modusen. På same vis som i liknande spel – om det så er MOBA eller andre helteskytarar – bør ein jobbe med å lære seg nedkjølingstida på eigne ferdigheiter og dei til fiendane. Prøv å tvinge deg sjølv til å enten kikke ned på nedteljinga på skjermen i ny og ne, eller telje ned i hovudet slik at du kan bruke ferdigheita så fort den er tilgjengeleg. I byrjinga kan det vere vanskeleg å hugse på ferdigheitene i det heile, så det å vere medviten på dei så ofte som mogleg vil gjere det meir naturleg å bruke dei – slik at du kan reagere kjappare.

Det er viktig å følgje med på kva ferdigheiter både lagkameratane dine og fiendane dine bruker. Ziplines frå Pathfinder, portalane til Wraith, helsedrona til Lifeline, og skjoldet til Gibraltar kan alle brukast av begge lag. Dette er òg ferdigheiter som er avhengige av god timing, som de kan straffe fiendane for viss dei bommar på. Ser de ei zipline poppe opp, så følg med på den og ver klar til å skyte. På same vis kan de bruke kuppelskjoldet til ein fiendtleg Gibraltar mot hans eige lag, ved å sone dei. Sett opp fellene til Caustic, flammegranatar, eller straff fiendar som hoppar ut av skjoldet ved å smette inn og ut mellom dekkje av kuppelen, og bruk tida til å sette i nytt magasin i våpenet ditt. På same vis kan motstandarlagets flankande Wraith med portal vere ein inngang for di eiga flankerute mot fiendane.

Bruk Caustics feller til å fange spelarar.
/u/TunesQ via reddit

Her gjeld det berre å bli kreativ. Utviklarens avgjerd om at ferdigheiter går begge vegar er slik sett smart. Det opnar for ein heil drøss med nye moglegheiter for å utspele motstandaren, og tvingar deg til å vere varsam med korleis du bruker eigne ferdigheiter. Gjer du ein feil, kan du øydelegge fullstendig for eige lag.

Tempo, rotasjonar og kartkontroll

Regel nummer ein i Apex Legends er å bruke gliding, tau og ballongar så ofte så mogleg for å etablere kontroll over kartregionen du er i. Spesielt dei delane av kartet som er lagt opp som dalar er reine halfpipen å rekne når ein kan gli nedover dalsidene. Ballongar og tau er òg glimrande verktøy for å kome bak fiendar utan at dei legg merke til det.

Flanking er essensielt i Apex Legends. Bruk det kartet har å by på av verktøy for å kome rundt fienden.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Generelt sett kan ein alltid bli betre på rørsle. Det gjeld berre å vere medviten på korleis ein beveger seg rundt på kartet, og sjå verda som sin eigen skatepark. Gli inn og ut av cover, og «kite» fiendane dine. Dess meir du rører på deg, dess vanskelegare er det for fiendane dine å treffe. Etter kvart vil det òg bli lettare å treffe skota dine mens du svinsar fram og tilbake.

Å springe ned fiendar i dette spelet handlar igjen om timing. Viss du nøler etter å ha skote nokon ned til låg helse og dei er bak cover, er det ikkje nødvendigvis ein god ide å pushe. Det tar ikkje lang tid å få tilbake helse, og viss du er blitt skoten òg, har fienden fordelen med mindre du spring med ein gong. Prøv å telje til ti i hovudet for å halde styr på Phoenix-timeren.

Les også
Anmeldelse: Apex Legends

Derimot har dei aller fleste våpen i spelet små magasin med lite ammunisjonskapasitet. Det opnar for å lokke fiendane til å bruke opp kulene sine, slik at laget ditt kan sverme dei mens dei ladar om. Samstundes går dette sjølvsagt begge vegar. Ikkje bli fanga med buksene nede.

Granatar er òg ekstremt viktig for å kontrollere fiendens rørsler på slagmarka. Ikkje berre gjer dei veldig mykje skade, men dei byr på ein effektiv måte å sone motstandarar på. Flammegranaten kan lukke ned flankeruter eller fange fiendar i gang med flanking, som effektivt gjer kampen om til 2-mot-3 i dykkar favør. Det same gjeld fellene til Caustic.

Les også: Frisk spinn på Battle Royale med ypparleg skytekjensle »

1: Apex Legends for dummies
2: Tips, triks og småfakta om spelet
3: Strategiar og teknikkar for å vinne

Siste fra forsiden