God of War III kjem til PlayStation 4

Den blodtørstige guden Kratos feirar ti år i år.

For ti år sidan slo den sinte og blodtørstige spartanaren Kratos seg inn i mangt eit spelarhjarte verda over. Det intense actionspelet God of War blei ein umiddelbar hit, og ikkje utan grunn. Men overdådige scenario og fantastisk gameplay var det fint lite å utsetje på det blodige og brutale eventyret.

Sidan serien no feirar ti år har Sony og utviklarane hos Santa Monica Studio bestemt seg for å feire ved å pusse opp God of War III for PlayStation 4. Vi blir derimot ikkje lova stort meir enn ei utgåve av spelet skalert til 1080p, samt eit mål om å oppnå 60 bilete i sekundet.

Ein skal likevel ikkje kimse av grafikken i spelet som var ei alvorleg grafisk perle då det blei lansert våren 2010.

Overveldande actionfest

God of War III sende oss i kamp mot massive fiendar. Vis mer

God of War III landa med eit brak då det blei lansert for fem år sidan. Spelet tok serien til nye og ville høgder med massive fiendar og halsbrekkande utfordringar. Vi blei så imponerte at vi klinka til med full pott i vår vurdering:

«Eg synest synd på deg som les dette akkurat no og enno ikkje har fått erfare den gleda det er å spele God of War III. Dette er det definitive actionspelet. Sjølvsagt veit eg at det eigentleg ikkje gjer noko nytt. Spelet berre pakkar inn gamle element frå andre spel, stiftar det fast på kroppen til ei kjempe, og fortel deg at dette er fett. Det er bere gamle ting i ny innpakning.»

God of War III var ein definitiv topp for serien, og Santa Monica Studios greidde ikkje heilt å følgje opp med det neste spelet i serien. God of War: Ascension blei ganske tomt i samanlikning, sjølv om det bydde på ein artig fleirspelardel.

Kommentarer (24)

Logg inn for å delta i diskusjonen.
Tråd
Avean
10 år siden

YES!!! Elsker serien der, blir konge å spille på PS4. Håper dem tar med noe form for multiplayer vi så i Ascension.

LarZen
10 år siden

Siden jeg aldri fikk rotet meg til å spille det på PS3 så kanskje jeg får gjort det på PS4. Ser ihvertfall helt bananas ut!

Makiavelli
10 år siden

Herre min hatt..enda ett "remastered" spill til "neste generasjon". Ser absolutt ingen grunn til å eie disse nye konsollene, ingen nye interessante IP'er og spill man har spilt før.

Gjest Slettet-80wCWpIM
10 år siden

Strategien for denne generasjonen konsoller er visstnok å lansere overhalte PS3 spill. Supert.

JoseCuervo
10 år siden

meh...det skal være spill jeg liker godt om jeg skal gidde å spille en remastered utgave på nytt. Fikk nok etter god of war 2.

Siste fra forsiden