I fjor kunngjorde Funcom at dei jobba med eit nettspel i LEGO-universet. Nøyaktig kva spelet ville gå ut på fekk vi ikkje vite. Det blei i midlertid gjort klart at spelet ville basere seg på Minifigures-serien til det danske konsernet. Minifigures er samlingar med LEGO-figurar som alle har unike trekk ved seg, som forskjellige ansiktsuttrykk og klesplagg.
I LEGO Minifigures: The Online Game – som Funcom no har vist fram på nettsidene sine – får du samle nesten hundre av desse figurane, og fleire vil bli tilgjengelege etter lansering. I så måte ser det ikkje ut til at dette vil bli eit konvensjonelt MMO.
I staden samlar du fleire ulike figurar som alle har unike eigenskapar. Ein DJ kan kaste rytmar på fiendane sine, medan ein ein Aztec-krigar kan kaste spyd.
Digital kreativitet
Dei forskjellige figurane vil kunne oppgraderast ved å setje saman ulike brikker for å skape nye eigenskapar.
Bygging og øydelegging vil bli viktige element i spelet. Når du reiser rundt i dei forskjellige landskapa vil du kunne rive ned eit våpen, for så å byggje det opp igjen slik at du kan bruke det. Når mange spelarar går til kamp mot kvarandre vil bygging av våpen, tårn og feller vil bli viktige verkemiddel.
Funcom vil samarbeide tett med LEGO, noko som vil strekke seg over til den fysiske verda. Om du kjøper Minifigures i butikken vil du kunne låse dei opp i spelet.
LEGO Minifigures: The Online Game kjem i sal for PC, iOS og Android-maskiner i løpet av andre halvdel av neste år. Den første traileren kan du sjå nedanfor.
Les også: LEGO Universe legges ned Les også: Anmeldelse: LEGO Lord of the Rings