– Det er veldig spesielt, seier Rui Casais.
Funcom, Noregs største spelutviklarselskap, fyller 30 år. Administrerande direktør Casais har vore med på reisa dei siste 19.
I løpet av åra har dei utvikla og publisert ei lang rekkje kjende og kjære spel, slik som Den Lengste Reisen, Anarchy Online, Age of Conan, The Secret World, Dune: Spice Wars, Metal: Hellsinger og Conan Exiles.
Det har vore store oppturar. Men òg store nedturar.
I ei så ung næring som det spelbransjen er, er det få selskap som har fått æra av å runde 30. Og endå færre som gjer det med ein slik suksess som Funcom no opplever.
Dei har vakse kraftig på relativt kort tid.
Funcom tel i dag rundt 500 tilsette fordelt på kontora sine i Noreg, USA, Portugal, Sverige og Romania.
Bransjeveteran Casais stiller opp til ein prat med Gamer.no i anledning jubileet. I dette intervjuet fortel han om:
- Sin eigen bakgrunn
- Spelbransjen anno 2023, både internasjonalt og her i Noreg
- Kvifor Noreg er ein vesleputt samanlikna med nabolanda våre når det kjem til spelutvikling
- Tencent-oppkjøpet, den økonomiske situasjonen og korleis det er å vere eigd av eit kinesisk selskap
- Sitt neste storspel.
Ni år til toppen
Casais starta karrieren i Funcom som juniorprogrammerar i 2004. Då var dei nett kome i gang med utviklinga av Age of Conan.
Han har klatra jamt og trutt på karrierestigen, og blei etter kvart utnemnd som teknisk direktør.
I 2015 tok han over toppjobben i kjølvatnet av skandalen rundt lanseringa av The Secret World, som enda med at Funcom fekk ei bot på 1,5 millionar kroner for marknadsmanipulasjon. To tidlegare tilsette blei dømt i Oslo tingrett.
Det ligg langt bak dei no. Funcom er som kjend tatt av børsen etter å ha blitt kjøpt opp av Tencent.
Babylykke
Det er travle dagar for Casais for tida. Toppsjefen i Funcom har alltid travle dagar, men situasjonen på heimebane har gjort livet både meir stressande og gledeleg.
42-åringen fekk nemleg sitt første barn i år. Det har naturleg nok vore ein brå overgang å kome heim frå stress på jobb, til grining heime.
Det fortel han med glimt i auget, altså.
Møteverksemd er det mesteparten av jobbkvardagen går til.
Han sukkar.
– Møte. Det er alltid eit nytt møte. Men me brukar mykje tid på å møte kvarandre, fordi det er positivt og viktig for oss.
Casais har det overordna ansvaret for tilsetting, personalpolitikk, forretningsdrift, spelutvikling, forretningsdrift rundt spelutvikling og så vidare, som betyr; møte.
Det blir ekstra komplisert når ein skal halde styr på alt dette på tvers av fem ulike land.
Vanskelegare enn ein trur
Problemløysing er den store drivaren for Casais, og det er – heldigvis for han – ofte det han gjer på slike møte. Og i alle andre samanhengar.
– Eg elskar spel, både det å lage dei og å spele dei, og som administrerande direktør i eit spelselskap får du løyse problem heile tida.
Folk veit ikkje nødvendigvis kor vanskeleg det er å lage spel, og det er gjerne Casais som må ta det endelege valet.
Han må prioritere.
– Det er sjeldan at eit spel er grunnleggande dårleg. Ofte handlar det om at eit spel ikkje er bra nok for målgruppa vår, og då er jobben vår å få dei til å like det.
Store utviklarselskap er ein cocktail av ulike personlegdomar, og det er i møte mellom kreative utviklarar og logiske «dressar» at konfliktane kan oppstå.
Førstnemnde vil gjerne ha meir pengar, sistnemnde vil bruke mindre.
– Når utviklarane mine kjem med forslag, må eg ofte vere streng og seie; dette er for unikt, for smalt og vil ikkje selje. Det kan vere tøft. Du må seie nei til nokon som er lidenskapeleg opptatt av dette, og slike diskusjonar har me heile tida. Til sjuande og sist skal spelet betale løna vår. Då må me tene på dei.
– Det finst ingen formel for suksess i bransjen. Alle gjer det på sin eigen måte.
Likar du ikkje spelet? Det er ikkje din feil
Det at ein spelar eventuelt ikkje likar eit spel, er òg eit problem han må handtere.
Du har garantert kjøpt eit produkt, uansett kva det er, og opplevd at det var noko anna enn du forventa. Det er ikkje forbrukaren sin feil, men utviklaren sin, meiner Casais.
– Viss ein personar ikkje likar eit spel, burde han ikkje ha kjøpt det. Det betyr at me har marknadsført spelet feil. Då har me ikkje forklart godt nok kva spelet er og handlar om.
Casais har eit mål om å gjere verda litt betre ved hjelp av spela dei lagar.
Han kjenner til mange døme med folk som både har blitt vener, kjærastar og ektefolk etter å ha møtt kvarandre i Funcom-spel, og det er det han vil legge til rette for.
– Eg likar veldig godt det me driv med, og har alltid hatt ein lidenskap for spelutvikling.
Tøffare tider
Spelindustrien har endra seg enormt sidan Casais gjorde ferdig mastergraden sin og flytta frå Portugal til Noreg.
– Det var reine Ville Vesten i starten. I dag er bransjen blitt langt meir profesjonalisert. Det har vore ei rivande utvikling – spesielt dei siste ti åra.
Han skildrar spelbransjen, som andre underhaldningsbransjar, som syklisk. Ein får periodar med vekst, og ein får periodar med nedgang.
– Me er i sistnemnde fase no, men spelindustrien veks på sikt.
2023 har vore året for nedbemanning og oppseiingar i bransjen. Det eine store utviklarselskapet etter det andre har varsla at dei kuttar stillingar.
Førre veke var det Ubisoft sin tur, som sa opp 124 personar.
Dette har skjedd før, og det vil skje igjen.
Korreksjon, ikkje nedgang
Casais trur først og fremst det er snakk om ein korreksjon.
– Mange selskap har vakse for kjapt og for mykje, og då må ein korrigere for det. Heldigvis har bransjen blitt meir vaksen rundt korleis ein behandlar tilsette enn før.
– Dei som ser på spelbransjen frå utsida stussar kanskje over kutta, for i år har me hatt nokre fantastiske spel som har blitt kjempesuksessar, men nedbemanningane skjer først og fremst hos dei som ikkje har treft på lanseringane sine.
Pandemi, inflasjon, dyrtid og andre keisame ord me er leie av å høyre, speler òg inn.
– Det var ei enorm investeringsvilje i bransjen under pandemien, og det var rett og slett for mykje pengar som kom inn. Folk er tilbake på treningssenteret og dei går på kino, samtidig som økonomien gjer at folk held meir på pengane sine. Det merkar me.
Sa opp bestevennen
Casais har vore borti nedbemanningar hos Funcom sjølv, òg etter at han tok over, men det begynner å bli ei god stund sidan.
– Funcom var rundt 100 mann då eg blei sjef. Me kutta ned til rundt 80, men no er me altså rundt 500. Me har hatt jamn vekst sidan 2017.
Funcom tilsette rundt 100 i fjor og omtrent det same i år. 144 av dei totalt 499 tilsette jobbar i Oslo.
– Eg hugsar korleis det var å seie opp kollegaer og vener. Eg måtte seie opp min beste ven og forlovar, det var tungt. Det vil eg verkeleg ikkje måtte oppleve igjen.
Casais likar å samanlikne spelutvikling med filmproduksjon i Hollywood. Du veit aldri heilt om du kjem til å treffe.
Det som du tenkte kom til å bli ein kjempesuksess, kan gå rett i dass.
Storskala spelutvikling har blitt både meir tidkrevjande og kostbart, som igjen gir endå større risiko enn før.
Dette ansvaret kjenner Casais veldig på. For det er trass alt leiargruppa i Funcom som bestemmer kva dei prioriterer å lage.
Framover er mykje avhengig av korleis Dune: Awakening gjer det når det blir lansert ut i marknadslotteriet.
Treig bransje
Funcom er det desidert største utviklarselskapet i Noreg.
Så korleis ser Funcom på dei andre sine sjansar for å vekse?
– Eg veit at fleire har ambisjonane. Dei har tatt dei rette stega, men det er litt vanskeleg å finne pengar for tida. Eg trur me kjem til å sjå fleire suksesshistorier, sjølv om det har gått litt treigt.
Mange av selskapa er heilt avhengige av Norsk filminstitutt (NFI) sin støttepott for spelutvikling.
Det er relativt få investorar som brukar pengar på spel i Noreg, men det er heller ikkje mange utviklarar som ser etter finansiering. Difor drar heller utanlandske investorar til andre land, trur Casais.
Det blir eit slags Catch 22-scenario, meiner han.
Casais syns det er flott at ein har støtteordningar som den gjennom NFI, men peikar på at dette først og fremst er ei kulturstøtte.
Han ser gjerne at staten lanserer ordningar som legg meir opp for næringsutvikling på lengre sikt.
Funcom søkar ikkje støtte frå NFI sjølv.
– Det ville vore urettferdig mot dei små. Dagens støtteordning gjer det enklare å starte med utvikling, men ein manglar noko som trekk investeringar over tid, meiner han.
Er Sverige og Finland flinkare?
Casais var med då Funcom starta eige studio i Canada for litt over eit tiår sidan, og viser til den kanadiske modellen som døme.
Kanadiarane gir ikkje støtte til oppstart, men studioet fekk tilbakebetalt 37 prosent av lønskostnadane sine.
– Statsstøtte er ikkje nødvendig for å bygge ein spelbransje, men det hjelper. Støtta i Canada har vore vellukka.
Canada etablerte støtta for ein tiårsperiode. Casais trur ein treng eit langtidsperspektiv på slike ordningar for å skape føreseielegheit.
– Det er nok slik ein må gå fram for å få store studio til å opne kontor i Noreg. Slik kan ein bygge meir ekspertise.
Men statsstøtte er neppe det einaste som må til. Norsk spelbransje er som kjend knøttliten samanlikna med bransjane i nabolanda våre, Sverige og Finland.
Det er mest eit spørsmål om historie og kultur, meiner Casais.
Han viser til at både Sverige og Finland i større grad er tufta på store teknologiselskap enn Noreg, slik som Ericsson og Nokia.
– Sverige og Finland har ein heilt annan entreprenørkultur enn ein har i oljelandet Noreg. Det er ikkje noko gale i å bygge landet på energi, men det endrar karrierevegane inn mot spelbransjen. Ein må bli flinkare til å heie fram entreprenørane innan spel – og andre bransjar.
Han meiner fleire bør utnytte det sosiale tryggleiksnettet ein har i Noreg.
– Folk bør ta meir risiko. Spesielt viss ein kjem rett ut av skulen. Prøv deg gjerne i seks månadar i ein startup. Det skal meir til å ta ein slik risiko når ein er eldre.
– Eksplosjon
Utdanning speler òg ei viss rolle.
– Det har vore ein eksplosjon av spelutdanningar. Eg generaliserer litt her no, men det er få av dei som tilbyr den spesifikke kompetansen spelbransjen treng.
Casais fortel at dei tilsett omtrent alle juniorutviklarane til Oslo-kontoret frå Noreg, men er ofte avhengig av å lære dei opp sjølv.
– Mange av universiteta og høgskulane lærer studentane Unity, men me jobbar med Unreal Engine.
Det er heller ikkje nok jobbar til alle som utdannar seg som spelutviklarar i Noreg.
Seniorutviklarane pleier Funcom å hyre inn frå utlandet, fordi det er vanskeleg å finne erfarne utviklarar her i landet.
– Ekstremt strenge
I 2019 og 2020 blei Funcom kjøpt opp av spelgiganten Tencent. Dei er det største spelselskapet i verda målt etter omsetning.
– Noregs fremste spelutviklarselskap er no heileigd av eit kinesisk selskap, gjennom eit holdingselskap med hovudkvarter i skatteparadiset Cayman Islands. Korleis ser de på dette sjølv?
– Me har full autonomi i Tencent. Det er eit gigantisk selskap, og me høyrer til ein divisjon som arbeidar med spel utanfor Kina. Kina er ei heilt anna greie. Tencent finansierer oss, men me driv og styrer etter vår visjon, svarar Casais.
Han forklarar at dei har Tencent-tilsette i firmastyret sitt, men elles har ikkje leiinga blitt endra som følge av oppkjøpet.
Ingen data dei samlar inn gjennom spela går til kinesiske serverar.
– Tencent er ekstremt strenge på personvern, og me følger GDPR. Eg vil påstå at me har blitt endå meir opptatt av dette etter oppkjøpet. Alt er som det skal, seier Casais.
Kontroversielt?
Funcom har sikra seg økonomiske musklar gjennom Tencent, og Casais rosar dei for korleis selskapet handterer investeringa.
– Dei investerer for å sikre suksess på lang sikt. Dei er ikkje ute etter kjapp avkasting.
Funcom må – viss det blir behov – overtyde Tencent om å investere i dei vidare, nett som dei ville gjort med å hente eksterne investorar. Berre at alt skjer internt.
Kapitalbehovet kjem an på kor godt spela til Funcom gjer det i framtida, og kor mykje inntekter dei får.
– Dei har ikkje noko mål om å drive selskapet vårt, men dei vil investere i suksessen vår. Så vil noko av det drype over på dei igjen. Dei har tru på visjonen vår og produkta våre, men dei investerer jo for å tene pengar på sikt.
– Nokon vil kanskje seie at det er kontroversielt at norske skattekroner potensielt kan gå til eit skatteparadis. Kva tenkjer de om etikken rundt det?
– Me tener jo ikkje pengar enno. Pengane har gått frå Tencent til oss, ikkje motsett. Det er nokre år til me har forteneste. Då skal me betale tilbake investeringa, men pengane me tener skal i utgangspunktet gå til å finansiere neste prosjekt. For dei store, internasjonale selskapa handlar alt om resultatrekneskapen, og pengane forsvinn berre ut når dei skal investere ein annan stad. Pengane ville uansett ikkje gått til Cayman Islands, men ein annan stad i Europa.
Casais viser òg til at oljefondet er ein stor eigar i Tencent. Aksjeposten hadde ein verdi på 44 milliardar kroner ved inngangen til 2022.
– Eg gleder meg til me kan diskutere rundt det at dei tar ut eit overskott, men me har ikkje noko overskott å hente. Tencent betalar skatt i Noreg, dei sikrar at me kan betale løn og skapar arbeidsplassar.
Dune på veg
I 2022 hadde Funcom ei omsetning på i underkant av 400 millionar kroner. Årsresultatet blei eit underskott på 162 millionar.
– Når har de mål om å tene pengar?
– Mål? Det er vel meir eit håp, seier han med ein latter, og legg til:
– Me er framleis i ein fase med tung investering, og det er difor tala ser slik ut. Denne fasen held fram ut neste år, så må det snu rundt. Det kjem litt an på tidslinja rundt lanseringa av spel og når pengane kjem inn.
Casais forklarar at det gjerne går seks månadar frå ei lansering, til ein begynner å sjå dei brorparten av inntektene.
Storspelet Dune: Awakening får ein lukka beta til neste år, men Funcom vil ikkje seie noko om lanseringsdato enno.
Tencent er interesserte i å gi dei tid til å lage eit så godt spel som mogleg.
– Det er fantastisk. Me treng ikkje vere slavar til kvartalsresultata på same måte. Spelutvikling kan vere kaotisk, så alt er litt i det blå enno.
– Skal bli ein skikkeleg suksess
Det er mykje som kan påverke lanseringsdatoen. Casais peikar blant anna på lansering av andre storspel som ein faktor.
– Viss GTA VI kjem ut same månad, flyttar me lanseringa. Så enkelt er det.
Funcom fekk lisensen til spelet i januar 2019, og har jobba med det sidan då. Starten gjekk noko treigt på grunn av behovet for meir folk.
Dei har berre lisens til å lage eitt spel.
– Me har ein ambisjon om at dette skal bli ein skikkeleg suksess. Storleiken på spelet har auka, men pandemien forseinka oss minst eit år, så får me sjå.
Funcom jobbar elles med nye oppdateringar til Conan Exiles, ei siste oppdatering til Metal: Hellsinger, dei leitar etter nye, relevante spel å gi ut og dei er i oppstarten for eit nytt prosjekt for studioet i Stockholm.
Det kan dei naturleg nok ikkje seie så mykje om enno.
– Me har hatt kraftig vekst over lang tid, og no må me la dei nytilsette finne seg til rette. Det kan hende me ser på nye tilsettingar i 2025 igjen. Men me har jo rundt 20 ledige stillingar for tida, avsluttar han.