Full forvirring etter at Nvidia angra lansering av skjermkort

Skal ikkje lansere 4080-variant likevel.

Nvidia

I ei noko spesiell vri melder Nvidia fredag kveld at dei angrar lanseringa av den eine RTX 4080-varianten som kjem i november.

Det var i september at Nvidia viste fram RTX 4090, RTX 4080 16 GB og RTX 4080 12 GB, men no kuttar dei den siste versjonen.

– RTX 4080 12 GB er eit fantastisk skjermkort, men det har ikkje rett namn. Å ha to skjermkort med 4080-namnet er forvirrande. Så me trykkar på «avlanseringsknappen», skriv dei på nettstaden sin.

RTX 4080 16 GB kjem 16. november. Det er uvisst kva som skjer med den andre versjonen.

Vanlegvis er det ikkje stor forskjell på ytinga mellom to versjonar av same modell med ulikt minne, men 12 GB-versjonen hadde faktisk betydeleg færre CUDA-kjernar enn varianten med 16 GB videominne.

Trefte på lanseringa

Konsekvensen av endringa er altså at me får eitt RTX 4080-skjermkort til den nette sum av 15400 kroner. Til samanlikning kom RTX 3080 for 8000 kroner i september 2020.

Elles har lanseringa av RTX 4090 tilsynelatande vore ein stor suksess for Nvidia, og dei fleste produkta i norske nettbutikkar er utselde.

Kostnaden for partnarkorta ligg på alt frå rundt 21 000 kroner heilt opp mot 28 000 kroner.

Tek.no melde tidlegare i dag at det allereie er folk som legg ut skjermkorta på Finn.no til langt høgare prisar.

I skrivande stund ligg det fire annonsar på Finn.no der privatpersonar sel RTX 4090.

Får kritikk

På sosiale medium har diskusjonane rast rundt marknadsføringa av 4000-serien.

Drøftinga er spesielt knytt til Nvidia sin lovnad om to til fire gongar så høg yting, noko dei ikkje heilt klarte å innfri.

Barnesjukdomane til DLSS 3 og mangelen på inngang for den siste DisplayPort-standarden har òg skapt undring, då Intel har denne på sin Arc-serie.

LES OGSÅ: Gamer.no sin test av RTX 4090 »

Kommentarer (35)

Logg inn for å delta i diskusjonen.
Tråd
Bjoolz
3 år siden

RTX 4080 12GB hadde helt annen kjerne enn 4080 16GB, 100% at dette alltid var tenkt som en 4070 frem til markedsføringsteamet fikk kloa i den.

Pinng
3 år siden

Hvem er alle disse som betaler godt over 20k for et skjermkort nå om dagen? Er det virkelig så mange som har råd til det?

Gjest MKII
3 år siden
Quote

...og mangelen på inngang for den siste DisplayPort-standarden...

Hvilken funksjon har denne inngangen på et skjermkort... 🤪???

kremt
3 år siden
7 minutes ago, Pinng said:

Hvem er alle disse som betaler godt over 20k for et skjermkort nå om dagen? Er det virkelig så mange som har råd til det?

Folk betaler de utroligste summer for ting som blir mye fortere gammeldags enn et grafikkort. Det er prioriteringer det handler om. PC er fortsatt en utrolig billig hobby i forhold til mye annet.

Gjest MKII
3 år siden

Forresten: En takk til Gamer.no for å ikke bytte (ennå?), og en advarsel mot å bytte ut kommentarfeltet her:
 

 

Siste fra forsiden