Anmeldelse

Mario & Luigi: Brothership

Fell mellom to stolar

Ein kan verkeleg byrje å lure på kven dette spelet er laga for.

Nintendo

Sjå føre deg at du spelar eit nivå på herlege Super Marios Bros. Wonder, men du må stoppe og prate tre, fire, kanskje fem gongar per nivå. Høyrest det artig ut? Ikkje? Nei, det er det ikkje heller, men det er slik utviklarane bak Mario & Luigi: Brothership har valt å løyse det store spørsmålet om korleis ein skal fortelje ei historie i eit Mario-spel.

Svaret er sjølvsagt enkelt; knappast mogleg. Dei beste Mario-spela er dei som fortel historia si kjapt, og det gjorde rollespela ein gong i tida òg. Super Mario RPG som starta Mario-rollespelsjangeren, og kom i ei flott ny utgåve i fjor, gjer alt dette mykje betre. Det er ei historie der, den blir kommunisert, men den tar fantastisk lite plass. I Mario & Luigi: Brothership et den opp det som lett kunne ha vore eit skikkeleg fornøyeleg spel.

Nivådesignet er flott og fargerikt.
Nintendo

Så nær, så nær

Mario & Luigi: Brothership er strengt tatt eit spel med uhyre mange gode kvalitetar. Det er umiddelbart innbydande med si sprudlande verd, sine artige karakterar, flotte animasjonar, spenstige kampar og fargerike område. Det er utruleg sjarmerande, og lett å like.

Utgangspunktet denne gong er at Mario & Luigi har blitt kasta inn i ei snodig verd basert på elektrisitet. Den store energikjelda heiter connectar og blir sendt ut frå eit digert tre til mange små øyer som rek rundt på havet. Eigentleg høyrer dei tett saman, men noko har skjedd, og øyene har blitt spreidde for alle vindar, noko det sjølvsagt blir din jobb å rydde opp i.

For å få til dette fartar du rundt på eit skip som etter kvart rommar stadig fleire folk, og det er her det fantastiske treet som produserer connectar veks. Frå dette skipet kan du bruke ein kanon for å skyte røyrleggjarbrørne av stad til nye øyer, og dette er i korte trekk oppskrifta for heile spelet.

Vi reiser til nye øyer, fiksar problema der og reiser vidare. Det fine med dette oppsettet er at vi får svært mykje variasjon. Kvar øy byr på sitt eige klima, sin eigen struktur, men dei er aldri særleg store. Ein kan eigentleg kome seg raskt gjennom, knerte dei nye fiendane du møter og kanskje pryle ein skurk før du koplar øya saman igjen med treet på skipet.

Praktiske utfordringar er eit av høgdepunkta.
Nintendo

Problem i kø

Det er mange ting å reagere på med Mario & Luigi: Brothership, men det aller største problemet er historia. Den tek alt for mykje plass, og lar deg aldri vere i fred. Når du reiser til ei øy vil du kontinuerleg bli stoppa fordi nokon skal seie noko. Ofte er det elementære ting ein kvar kan tenkje seg fram til utan å misbruke mange hjerneceller. Alt må likevel kommuniserast ned til minste detalj gjenneom lange, og ofte keisame dialogar du ikkje kan hoppe over, men berre kan setje opp farten på litt.

Kva er poenget? I dette leikne og spretne spelet der alt du vil er å springe rundt i ei artig verd, denge fiendar og redde dagen, så må du lide deg gjennom ein dialog for kvart femte steg du tar? Kvifor? Alle spel treng ikkje ei lang, djup historie full av eksposisjon og komplekse figurar. Dette er eit slikt spel. Gjer det enkelt.

Spelet har likevel fleire problem. Til dømes gjer Mario & Luigi: Brothership eit ganske stort poeng ut av kor mange sideoppdrag det byr på, men ingen av dei byr på noko moro. Dei sender deg berre tilbake til gamle øyer igjen og igjen til du blir så lei at du nektar å gjere eit einaste sideoppdrag meir.

Det er synd, for nivådesignet er i ofte veldig bra. Det er skikkeleg moro å springe rundt på desse snodige øyene, og det er moro bryne seg på dei ulike utfordringane utviklarane har diska opp med. Om det så er plattformsekvensar, tankenøtter eller diverse fiendar. Det er berre ikkje moro å gå tilbake hit mange gongar, spesielt når du veit det blir mange stopp på vegen fordi nokon må snakke om noko hakket for lenge.

Eg vil spele eit spel, ikkje bruke heile kvelden på å prøve å spole gjennom tekstboble etter tekstboble etter tekstboble.

Du kan angripe med både hopp og hammar, men ikkje så mykje anna.
Nintendo
Vis mer

Hopp og slå

Som vanleg for Mario & Luigi-spela er dette eit rollespel med turbaserte kampar. Har du spelt eit av desse vil du raskt kjenne deg igjen. Kampsystemet baserer seg på timing og reaksjonsevne både når du skal angripe, og når fienden angrip deg. Knappetrykk i sekvens er sjølvsagde element når du skal hoppe på fiendar eller slå til dei med ein hammar.

Det er ganske moro, men strengt tatt blir det litt mykje av det same i lengda. Det tek veldig lang tid for både Mario & Luigi å få seg noko anna enn svært simple basisangrep å leike seg med. Timane går, og sjølv om fiendane endrar seg, endrar ikkje du deg. Brørne blir sterkare, ja, men det går timar mellom kvar gong du får noko som kan minne om nye angrep.

Du endar difor opp med å gjere det same i stort sett kvar kamp, utan rom for variasjon. Unntaket kjem i form av dei mange ulike fiendane som alle byr på utspekulert timing designa for å lure deg. Akkurat dette set eg pris på sidan det vekker meg frå dvalen litt, men det har ei bakside.

Dette er eit spel som ikkje har vanskegrader, men burde ha det. I utgangspunktet er dette eit spel eg tenkte kom til å vere perfekt for dottera mi, men dette spelet er rett og slett for vanskeleg. Ungen storkosar seg med Super Mario RPG, Super Mario Bros. Wonder og The Legend of Zelda: Echoes of Wisdom, men her har ho fortvila og sur gitt opp fordi timinga for ho er heilt umogleg.

Eg nemner dette fordi Mario & Luigi: Brothership framstår som eit spel ideelt for ungar, men kombinasjonen av krevjande kampar og langdryge dialogar du ikkje kan hoppe over, gjer dette til eit dårleg val for dei som ikkje kan lese engelsk heilt enno.

Timinga kan by på ei god utfordring nokre gongar, spesielt for dei minste.
Nintendo
Vis mer

Konklusjon

Mario & Luigi: Brothership er for meg ein gedigen nedtur. Det er eit spel som burde vere plankekøyring å gjere riktig, men utviklarane har gjort ei lang rekke dårlege val. Det største problemet er tempoet. Alt eg vil er å springe rundt, utforske område, pryle fiendar og løyse utfordringane dei mange øyene byr på. Diverre gjer spelet alt det kan for å stikke kjeppar i hjula mine ved å pause og stoppe opp rundt kvart bidige hjørne.

Når spel oppfører seg sånn, blir eg lei, og det blir utmattande å spele. I tillegg er kampane alt for einsformige, og det er altfor lite variasjon i dette spelet. Den som er her viser seg med sniglefart, og det er for lite, for seint.

Legg på at dette er eit spel som kunne ha vore perfekt for born, men aktivt ekskluderer dei ved å by på ei høg utfordring du ikkje kan justere, og endelause mengder tekst dei kanskje ikkje kan lese, og vi endar opp med eit spel det er lett å hoppa langt over.

Mario & Luigi: Brothership er ute på Nintendo Switch nå.

6
/10
Mario & Luigi: Brothership
Eit fornøyeleg eventyr som druknar i si eiga historie.
Ledige stillinger
Produksjonsmedarbeider / Tekniker
Søknadsfrist:
Løpende
Servicerådgiver
Søknadsfrist:
Løpende
DevOps Engineer
Søknadsfrist:
Løpende
Data Platform Developer
Søknadsfrist:
Løpende
Selger i Face2face Creatives
Søknadsfrist:
Løpende
Tekniker på Livredningsutstyr
Søknadsfrist:
Løpende
Prosjektleder
Søknadsfrist:
Løpende
Head of Workshop
Søknadsfrist:
Løpende
Bilselger
Søknadsfrist:
Løpende
Restaurantmedarbeidere
Søknadsfrist:
Løpende
Bruktbilselger
Søknadsfrist:
Løpende
Forsikringsrådgiver
Søknadsfrist:
Løpende
BPA assistent
Søknadsfrist:
Løpende
Selger (22%)
Søknadsfrist:
Løpende
Forsikringsrådgiver
Søknadsfrist:
Løpende
Erfarne Data Engineers
Søknadsfrist:
Løpende
Erfarne utviklere
Søknadsfrist:
Løpende
Selger (30-70%)
Søknadsfrist:
Løpende
Automasjon commission Engineers / Teknikere
Søknadsfrist:
Løpende
IT Engineer – Cegal
Søknadsfrist:
31.03.2025
Salgskonsulent
Søknadsfrist:
Løpende
Lead Mainframe Specialist – zHardware Systems (HMC/HCD)
Søknadsfrist:
Løpende
Funksjonsassistent
Søknadsfrist:
Løpende
Systems Consultant – Virtualization
Søknadsfrist:
Løpende
BPA assistent
Søknadsfrist:
Løpende
Nybilselger
Søknadsfrist:
Løpende
Produktingeniør
Søknadsfrist:
Løpende
Bilmekaniker
Søknadsfrist:
Løpende
Produksjonsmedarbeider / Tekniker
Søknadsfrist:
Løpende
Servicerådgiver
Søknadsfrist:
Løpende
DevOps Engineer
Søknadsfrist:
Løpende
Data Platform Developer
Søknadsfrist:
Løpende
Selger i Face2face Creatives
Søknadsfrist:
Løpende
Tekniker på Livredningsutstyr
Søknadsfrist:
Løpende
Prosjektleder
Søknadsfrist:
Løpende
Head of Workshop
Søknadsfrist:
Løpende

Kommentarer (7)

Logg inn for å delta i diskusjonen.
Tråd
EnGlemtMech
4 måneder siden

Spillet er vel laget for folk som er fans av Mario & Luigi-serien, så jeg kan forstå hvorfor anmelderen ikke er fan av spillet. Denne serien er ikke ditt typiske Mario-spill. Det er veldig mye fokus på historien, og hvis man er fan av det (noe som jeg er), treffer spillet blink. Vi har ikke sett et Mario & Luigi spill siden 2018. Kanskje slike fans er en døende art, men jeg setter pris på at Nintendo lagde en ny historie for brødrene. 

Historisk sett har disse spillene vært relativt vanskelige, og ja, noen av kampene kan virke som de tar evigheter. Mens noen kan tolke det som irriterende, synes jeg at det er utfordrende på en god måte. Kampene er ment for å være en gaunlet i blant og det er jeg ok med. 

En ting jeg må påpeke er at det anmelderen skriver om at det ikke finnes vanskelighetsgrader er ikke helt riktig. Det blir faktisk forklart til spilleren i Snoutlet School at man kan sette ned vanskelighetsgraden, men gitt noen betingelser.

Hvis man taper på en kamp to ganger, får du et nytt valg i "Game Over" skjermen som lar deg velge retry på standard vanskelighetsgrad eller easy vanskelighetsgrad. Om man velger easy mode og taper den kampen, får du enda et nytt valg om å prøve på nytt men i "Cake Walk" vanskelighetsgraden. Så spillet kan være vanskelig, men du kan også gjøre kampene til en bagatell. 

Can You Change Difficulty in Mario and Luigi: Brothership?

retry game over screen mario luigi brothership

simalarion
4 måneder siden

Ikke bare dette men japanske spill generelt har problemet med for mye tekst,  også for mye u-nødvendig tekst, som feks Pokemon Arceus som er dynget ned i tekst, det virker også som Google translate er brukt for det er ikke bare dårlig engelsk med u-nødvendig vansklige ord er brukt, i et spill tilsynelatende laget først å fremst for barn (når man ser på figurer & historie).

Dette fører til at jeg hele tiden må sitte der å forklare hva som blir sagt, det som er kjipt er jo at spillene i seg selv er så enkle at de lett kunne forklart det med piler å blinkende lys (hvor/hva du skal trykke på - hvilken retning du skal er egentlig alt du trenger å vite). Kjøpte Mario &  Luigi på release for jeg missforstod hva det var, jeg har spilt et annet Typ "Mario RPG" før å finner dem dørgende kjedelig, jeg trodde dette var et spill som "it takes two" man måtte samarbeide 2 stk for å komme fremover, det var det absolutt ikke (så slik ut for meg på teaser), Nintendo får man ikke pengene tilbake, ingen av barna gidder spille dette, det er rett til tilbake til alle de andre Mario spillene (Luigi Mansion er også populært).. Kan glemme å få tilbake penger fra Nintendo som nevnt  så dette blir nok bare liggende

Øystein.F.
4 måneder siden
4 hours ago, EnGlemtMech said:

Spillet er vel laget for folk som er fans av Mario & Luigi-serien, så jeg kan forstå hvorfor anmelderen ikke er fan av spillet. Denne serien er ikke ditt typiske Mario-spill. Det er veldig mye fokus på historien, og hvis man er fan av det (noe som jeg er), treffer spillet blink. Vi har ikke sett et Mario & Luigi spill siden 2018. Kanskje slike fans er en døende art, men jeg setter pris på at Nintendo lagde en ny historie for brødrene. 

Historisk sett har disse spillene vært relativt vanskelige, og ja, noen av kampene kan virke som de tar evigheter. Mens noen kan tolke det som irriterende, synes jeg at det er utfordrende på en god måte. Kampene er ment for å være en gaunlet i blant og det er jeg ok med. 

En ting jeg må påpeke er at det anmelderen skriver om at det ikke finnes vanskelighetsgrader er ikke helt riktig. Det blir faktisk forklart til spilleren i Snoutlet School at man kan sette ned vanskelighetsgraden, men gitt noen betingelser.

Hvis man taper på en kamp to ganger, får du et nytt valg i "Game Over" skjermen som lar deg velge retry på standard vanskelighetsgrad eller easy vanskelighetsgrad. Om man velger easy mode og taper den kampen, får du enda et nytt valg om å prøve på nytt men i "Cake Walk" vanskelighetsgraden. Så spillet kan være vanskelig, men du kan også gjøre kampene til en bagatell. 

Can You Change Difficulty in Mario and Luigi: Brothership?

retry game over screen mario luigi brothership

Dette er ikkje vanskegrader, det er ein måte å la deg overkome ein enkelt kamp om gangen. 

EnGlemtMech
4 måneder siden
Øystein.F. skrev (3 timer siden):

Dette er ikkje vanskegrader, det er ein måte å la deg overkome ein enkelt kamp om gangen. 

Den reduserer vanskelighetsgraden på selve kampen, så i den grenen er den det. Kanskje ikke i vanlig forstand i at man kan velge vanskelighetsgraden før man skal starter spillet, men noe som reduserer utfordringen i kampen er fortsatt en reduksjon i "vanskeligheten". 

Hvis spillet velger å kalle det "easy/cakewalk mode", ser jeg på det som en grad. Så vi får si oss uenige her.

Kan derimot si meg enig på at det ville ikke ha skadet hvis Nintendo la til en tradisjonell vanskelighetsgrad i begynnelsen av spillet. 

Øystein.F.
4 måneder siden
5 hours ago, EnGlemtMech said:

Den reduserer vanskelighetsgraden på selve kampen, så i den grenen er den det. Kanskje ikke i vanlig forstand i at man kan velge vanskelighetsgraden før man skal starter spillet, men noe som reduserer utfordringen i kampen er fortsatt en reduksjon i "vanskeligheten". 

Hvis spillet velger å kalle det "easy/cakewalk mode", ser jeg på det som en grad. Så vi får si oss uenige her.

Kan derimot si meg enig på at det ville ikke ha skadet hvis Nintendo la til en tradisjonell vanskelighetsgrad i begynnelsen av spillet. 

Eg ser ingen grunn til å bruke noko anna enn vanleg forstand. Det er denne den gjengse lesar vil oppfatte.

Det einaste eg oppnår ved å gi ord ny meining er å forvirre lesaren. 

M&L lar deg prøve ein enklare versjon av ein kamp du har tapt, men du får ikkje endre vanskegrada. Den forblir den same. 

Siste fra forsiden